Aftenposten avslørte fredag kveld at det er utplassert hemmeleg avansert spionutstyr til overvaking av mobiltelefonar i nærleiken av fleire sentrale bygg i Oslo sentrum.
Like før publisering, varsla avisa NSM om det dei hadde funne. NSM sette sporenstreks i gang med eigne undersøkingar for å undersøkja sanningsgehalten i Aftenposten sine påstandar om overvaking.
– Me har no funne nokre tekniske indikatorar som samsvarar med det Aftenposten har funne, seier direktør for operativ avdeling i NSM Hans Christian Pretorius til NRK laurdag kveld.
Han understrekar at det er for tidleg å konkludera, og at arbeidet held fram utover i veka.
Vil vurdera fleire kontrollar
Spionutstyret er av typen falske basestasjonar (sjå faktaboks) som kan overvaka all mobilaktivitet i området der dei er plasserte. Aftenposten har blant anna gjort funn av slikt utstyr utanfor Stortinget, regjeringskontora og ved statsministerbustaden.
Kvifor har ikkje NSM avdekt dette tidlegare?
– Me har gjort denne typen undersøkingar rutinevis ganske lenge, men då knytt til visse møte og konferansar der det har vore eit behov for den typen vern. Men me har ikkje gått ut så breitt som Aftenposten har gjort no, forklarar Pretorius.
NSM seier til NRK at dei vil vurdera å trappa opp aktiviteten sin for å førebyggja og avdekkja overvaking av styresmaktene, ettersom det titt og ofte er møte på Stortinget som kan ha sensitiv informasjon.
– Ja, det er eit godt poeng. Men no må me ta dette vidare med departementet – i kva grad me skal utvida det me gjer og vera meir aktive, seier NSM-direktøren.