Siv Jensen - Siv Jensen vil ifølgje VG føreslå skattekutt på under 10 milliardar kroner på morgondagens budsjettkonferanse. - Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Siv Jensen vil ifølgje VG føreslå skattekutt på under 10 milliardar kroner på morgondagens budsjettkonferanse.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

- Frp vil la 100.000 sleppa formuesskatt

Finansminister Siv Jensen (Frp) vil ta grep for at 100.000 færre nordmenn skal få formuesskatt, ifølgje VG. Arbeidarpartiet er overraska, og meiner Frp går lenger enn før i å favorisera dei rikaste.

Onsdag og torsdag denne veka samlar regjeringa seg til budsjettkonferanse på Statsministeren sitt kontor.

VG kjenner til fleire av Finansdepartementet sine forslag til statsbudsjettet for 2015, som har blitt delt ut til statsrådane og fleire stortingspolitikarar i forkant av morgondagens konferanse.

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen går inn for to grep som vil medføra at 100.000 færre nordmenn får formuesskatt, ifølgje VG:

  • Auka botnfrådraget frå 1 million til 1,2 millionar
  • Redusera satsen til 0,7 prosent ved å kutta den statlege delen av formuesskatten (0,3 prosent av all formue over 1 million kroner)
Stortingsrepresentant Marianne Marthinsen (Ap). - Marianne Marthinsen er finanspolitisk talskvinne i Ap.

Marianne Marthinsen er finanspolitisk talskvinne i Ap.

– Eg er overraska. Det er utruleg dårleg prioritering å bruka fleire milliardar på å auka forskjelane blant folk, seier finanspolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Marianne Marthinsen til NRK.

– Enda skeivare fordelingseffekt

Regjeringspartia har tidlegare signalisert at dei ønskjer å auka dobla botnfrådraget frå 1 til 2 millionar kroner og redusera satsen til 0,8 prosent.

Arbeidarpartiet har fått Finansdepartementet til å rekna ut resultatet av dette: heile 51 prosent av skatteletta går då til dei rikaste, medan berre 2 prosent av skatteletta gagnar dei med lågast formue.

Det nye forslaget til Siv Jensen, slik det er presentert av VG i dag, har ein enda verre fordelingseffekt, ifølgje Ap.

– Dei nedprioriterer botnfrådraget, men reduserer satsen ytterlegare. Det betyr at fordelingseffekten blir enda skeivare enn ved tidlegare utrekningar. Det blir mindre lettingar i botn og større i toppen, seier stortingsrepresentant Marthinsen til NRK.

Snorre Valen - Finanspolitisk talsmann i SV Snorre Valen har lite til overs for Frp sine prioriteringar. - Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Finanspolitisk talsmann i SV Snorre Valen har lite til overs for Frp sine prioriteringar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Får slakt

Både Ap og SV slaktar Frp sine prioriteringar.

– Dersom du reduserer satsen, flyttar du i realiteten mange milliardar kroner frå folk flest gjennom velferdstenester som skule og barnehage til dei aller rikaste fem prosentane i landet, meiner finanspolitisk talsmann i SV, Snorre Valen.

Valen understrekar at han ikkje har sett forslaga, men er lite imponert over Frp dersom det VG får opplyst er korrekt.

– Då me styrte landet reduserte me talet som betalte formuesskatt med ein halv million menneske fordi me auka botnfrådraget. Det forutset at du har ein skattesats som påverkar dei store formuene, ifølgje SV-politikaren.

Marthinsen i Ap meiner også det er feil å framstilla reduksjon av formuesskatten som «eit næringspolitisk kupp».

– Det finst veldig sterk fagleg dokumentasjon på at det å redusera formuesskatten er veldig lite treffsikker når du skal gjera noko for norsk næringsliv. Skadevernadene formuesskatten har for norske bedrifter er liten, meiner Marthinsen.

NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Frp.

– Skattekutt på 10 milliardar

Totalt føreslår Siv Jensen skattekutt på i underkant av 10 milliardar kroner, etter det avisa erfarer. Regjeringa skal handsama forslaga i morgon.

Høgre/Frp-regjeringa har lova ein reduksjon av formuesskatten. Høgre vil på sikt fjerna den fullstending, og har Venstre med seg på laget. Frp meiner det er å gå for langt, og vil ha eit flatare og meir oversiktleg skattesystem med solide botnfrådrag.

Arbeidarpartiet vil oppretthalda formueskatten, men ønskjer ei meir rettferdig fordeling og betre rammevilkår for norsk næringsliv.

Statsbudsjettet blir lagt fram den 8. oktober.