Hopp til innhold

Forsvaret vil slutte å bruke lokale kamptolkar

Forsvaret strammar inn reglane for bruk av kamptolkar i internasjonale oppdrag. Heretter skal det i hovudsak ikkje brukast lokalt tilsette til slike oppdrag.

Dagsrevyen-innslag om endring av regler for bruk av kamptolker.

VIDEO: Forsvaret endrar regelverket.

Dette går fram av Forsvarsdepartementet sitt nye regelverk for bruk av lokalt tilsette i internasjonale operasjonar .

Det nye regelverket kjem i kjølvatnet av sakene med dei afghanske kamptolkane Forsvaret nytta under oppdraget i Afghanistan. Desse vart utstyrte med uniform og våpen, noko Røde Kors og andre humanitære organisasjonar meiner var brot på Folkeretten.

Dette er Krigens folkerett (FN-sambandet)

– Ei offensiv rolle

Seksjonsleiar Mads Harlem i Røde Kors.

Seksjonsleiar Mads Harlem i Røde Kors meiner Det norske forsvaret braut Folkeretten då dei utstyrte kamptolkane med uniform og våpen.

Foto: NRK

No er Røde Kors glad for det nye regelverket.

Ekspert på Krigens folkerett, seksjonsleiar Mads Harlem, meiner kamptolkane i Afghanistan vart brukte på ein måte som er i strid med Krigens folkerett. Han grunngir dette med at tolkane hadde uniform og tyngre våpen.

– Opplysningar og bilete i media tyder på at dei har hatt ei offensiv rolle. Det vil seie at motparten ser dei som ein del av dei norske styrkane, og at dei såleis er eit militært mål, seier han til NRK.

Mange av kamptolkane har etter den aktive tenesta for dei norske styrkane i Afghanistan vorte trua av Taliban, og 26 tolkar har søkt om asyl her i landet. Det er klart fleirtal på Stortinget til å gi tolkane asyl, men i går vart det klart at dei enno ikkje har høyrt noko frå norske styresmakter .

Skal bruke eigne tilsette

Mange av kamptolkane har reist frå heimlandet fordi dei frykta for livet i Afghanistan .

No skal Forsvaret først og fremst bruke eigne tilsette som tolkar. Dersom det ikkje er

Statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet.

Statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet kallar praksisen med dei afghanske kamptolkane for uheldig.

Foto: NRK

mogleg må Forsvaret søkje departementet om unntak. Det skal stillast strenge krav til tryggleiken til lokale som blir tilsette i slik teneste. Alle skal vere over 18 år, og alle skal ha ei skikkeleg kontrakt.

Det nye regelverket er klart på at dei ikkje skal ha uniform eller våpen, slik at dei skil seg klart ut frå dei stridande.

– Uheldig praksis

Statssekretær Øystein Bø (H) i Forsvarsdepartementet vedgår at det å utstyre dei afghanske tolkane med uniform og våpen, var uheldig, men at det ikkje var i strid med Folkeretten. Det var uheldig, seier han, fordi tryggleiken til tolkane vart dårlegare.

På spørsmål om det norske forsvaret i dag har personell dei kan nytte til tolkar i internasjonale oppdrag, svarar han at det er avhengig av kvar norske soldatar blir sende. Blir dei sende til fransktalande land, så trur han at Forsvaret har eigne tilsette som kan brukast som tolkar.

Kamptolken med kolleger

Dei afghanske kamptolkane var utstyrte med uniform og våpen.

Foto: Privat

AKTUELT NÅ