Hopp til innhold

– Ikkje behov for HV-016 på terrordagen

Nedlegginga av spesialstyrken HV-016 i Heimevernet påverka ikkje beredskapen den 22.juli, seier forsvarssjef Harald Sunde.

Politi og soldater på Eidsvolds plass ved Stortinget 23. juli 2011

Informasjonsutvekslinga mellom forsvaret og politiet skal bli betre i kjølvatnet av 22.juli, lova forsvarsministeren i ei Stortings-høyring i dag.

Foto: NRK

Forsvarssjef Harald Sunde

Forsvarssjef Harald Sunde.

Foto: NRK
Espen Barth Eide

Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Eit tema som har vore gjenstand for krass kritikk etter 22.juli er nedlegginga av Spesialavdelinga til Heimevernet, HV-016.

Forsvarssjef Harald Sunde vedtok i fjor haust, knapt eitt år før terroren råka den 22.juli, at den spissa spesialstyrken skulle vekk.

Ekspertar har i ettertid kalla nedlegginga ein tabbe, og opposisjonen på Stortinget har i ettertid fremja krav om å vedtaket må annulerast, slik at HV-016 kan vera ein del av den norske terrorberedskapen i framtida.

Sunde ser derimot ikkje behov for å gjenreisa spesialstyrken.

– Nedlegginga av HV-016 hadde ingen innverknad på situasjonen den 22.juli. Styrken som bistod politiet denne dagen, HV02, hadde 440 soldatar til disposisjon. 240 av desse blei kalla inn til teneste, seier forsvarssjef Sunde, som i dag er invitert til 22.juli-komiteen si høyring på Stortinget.

Opnar for vidare helikopterberedskap på Rygge

Regjeringa skal våren 2012 leggja fram ein ny lang langtidsplan for Forsvaret. Forsvarssjef Sunde har fått i oppdrag å vurdera korleis ressursane til etaten kan bli nytta på ein meir føremålstenleg måte når dei skal yta bistand til politiet.

Etter terroren 22.juli har Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet styrkt helikopterberedskapen på Rygge med to Bell-helikopter som kan støtta politiet innan to timar med administrativ transport i akutte situasjonar. Ordninga gjeld i første omgang ut juli i år.

Forsvaret vurderer no å forlenga den mellombelse helikopterberedskapen
med base på Rygge, opplyser forsvarsministeren under dagens høyring.

– Me vurderer å forlenga denne ordninga utover den mellombelse perioden som no er sett til 31.august 2012, seier forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap).

Vil gjera bistandsinstruksen meir forståeleg

Knut Arild Hareide KRF

Knut Arild Hareide (Krf) er leiaren av 22.juli-komiteen og saksordførar under dagens høyring på Stortinget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Loggane frå 22.juli viser at det tok tre og ein halv time frå det første åtaket til første førespurnaden om respons frå Forsvaret

– Det er ikkje optimalt. Det viktigaste fokuset for komiteen blir å få til eit betre og tettare samarbeid mellom forsvaret og politiet. Beredskapen er ikkje god nok slik den er i dag. Noreg er eit lite land, og det er difor viktig at me nyttar begge ressursane i hendingar av den typen me hadde den 22.juli, sa leiaren av 22.juli-komiteen, Knut Arild Hareide (Krf) like før høyringa.

Informasjonsutvekslinga mellom forsvaret og politiet skal bli betre i kjølvatnet av 22.juli, lovar forsvarsministeren i dag.

– Me jobbar med å forenkla bistandsinstruksen innanfor gjeldande lovverk, slik at den blir enkel og grei å forstå for begge partar, seier Barth Eide

– Eg og justisministeren vil vidareutvikla og styrkja samarbeidet mellom politiet og Forsvaret. Regelmessig og målretta øving må til, legg statsråden til.

Ber om styrking av Heimevernet

Barth Eide får støtte frå forsvarssjef Sunde.

– Grunnlaget for eit godt samvirke er kunnskap om kvarandre og kva me kan tilby. Politiet må ha kunnskap om kva dei kan be om, kapasitet og reaksjonstid, seier forsvarssjefen.

I krisesituasjonar er primæroppgåva til Heimevernet sin innsatsstyrke å bistå politiet med å sikra og vakta viktige objekt.

Sunde ber no om ei ytterlegare styrking av Heimevernet si evne til å sikra viktige bygg, område og infrastruktur.

Han avviser likevel at responstida til Heimevernet var for lang den 22.juli.

– Det tok to timar før ein styrke på 80 mann var på plass og sikra forsvarsbygget. HV-02 hadde 160 soldatar tilgjengelege etter éin time. Dette viser styrke og motivasjon i forsvarsetaten, poengterer forsvarssjefen.

Harald Sunde og Espen Barth Eide

Forsvarssjef Harald Sunde (t.v.) og forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) greier ut om terrorberedskapen til Noreg i ei høyring på Stortinget i dag.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Samarbeidet fungerte ikkje

Naudnettet fungerte ikkje, terrormål stod usikra i lang tid etter bombeåtaket, responstida til politiet var lang, og samarbeidet mellom politiet og forsvaret heldt ikkje mål.

Det var nokre av opplysningane som kom fram i november i fjor, då justisministeren og forsvarsministeren gav Stortinget ei lang og detaljert utgreiing om kva som skjedde terrordagen 22.juli, og korleis terrorberedskapen i Noreg fungerte.

Statsrådane erkjende dermed at åtaka avdekte alvorlege manglar og hol i tryggingsberedskapen. 22.juli-komiteen på Stortinget har i oppgåve å sjå nærmare på den informasjonen som ministrane la fram.

Hareide: – Me fekk gode svar i dag

I slutten av februar leverer 22.juli-komiteen si innstilling, som så blir gjenstand for debatt i Stortinget. Deretter vil arbeidet truleg munna ut i lovlege vedtak om å endra system, rutiner og instrukser ved terrorberedskapen.

Komité-leiar Hareide var godt nøgd med dagens høyring i Stortinget.

– Eg tykkjer at det var ein god runde. Det er openbart at samarbeidet mellom politiet og forsvaret kan bli betre. Signala dei gir er positive, innrømmande og viser at dei er villige til å ta nokre ste, seier Hareide.

– Me fekk gode svar som eg trur me vil leggja vekt på i innstillinga vår, la han til.

AKTUELT NÅ