Hopp til innhold

Edvins død gav fire andre barn ein ny sjanse

Aldri før har så mange nordmenn venta på nye organ. Då seks år gamle Edvin Tungen døydde brått, fekk fire andre barn sjansen dei hadde venta på lenge.

Då seks år gamle Edvin Tungen døydde brått, fekk fire andre barn sjansen dei hadde venta på lenge.

SE VIDEO: Edvin Tungen døydde av hjernebløding. Han vart seks år og ti månader gammal.

Edvin hadde ikkje vore sjuk ein dag i sitt seks år og ti månader lange liv. Han sat og åt kveldsmat på setra i Gudbrandsdalen saman med storesyster Idun og besteforeldra då det skjedde. Foreldra var heime på Sagene i Oslo og pussa opp. Edvin og systera skulle få eigne soverom.

– Det kom veldig brått på oss, seier mamma, Therese Tungen.

Gråten pressar på når ho fortel.

Ho og sambuaren Bår Stenvik hasta til Rikshospitalet og venta der då ambulansehelikopteret landa. I same stund slutta Edvin å puste sjølv.

– Dei kunne ikkje redde han. Han hadde fått hjernebløding. Trykket var så stort og då kjem ikkje oksygen til hjernen. Så han vart erklært hjernedød same kvelden som han vart dårleg.

Therese Tungen og Bår Stenvik

Bår Stenvik og Therese Tungen tok sjølve initiativet til organdonasjon då dei miste sonen sin.

Foto: Margret Helland, NRK

Edvin

Pappa, Bår Stenvik, smiler når han skildrar den aktive og sjølvstendige seksåringen. Han som elska å gøyme seg i buskene og hoppe fram for å skremme folk. Han som alltid hadde lommane fulle av skrot. Gamle spiker, steinar og rustne skruar.

– Han var liksom kongen av bakgarden, seier Bår Stenvik.

Edvin Tungen, seks år, på taket av leikehuset i bakgården på Sagene i Oslo.

Edvin hadde nettopp lært å lese. Her med Donald-blad og pølse og lompe på taket av leikehuset i bakgarden der han budde.

Foto: Privat

Eit bilde frå den siste tida viser Edvin på taket av leikehuset i bakgarden på Sagene. Avslappa, med pølse og lompe i eine handa og eit Donald-blad i andre.

Edvin og storesyster Idunn sommaren 2019.

Edvin og storesyster Idun var nært knytt til kvarandre.

Foto: privat

– Det er noko suverent over han der han sit, seier mamma Therese med eit smil.

– Han hadde begynt å lese sjølv. Kom inn i Donald-alderen. Teke etter storesystera, fortel pappa Bår.

– Vi må snakke om organdonasjon

Therese og Bår seier dei forstod det med ein gang dei såg Edvin i senga på Rikshospitalet. At guten deira ikkje var der lengre.

Same natta tok dei initiativet som skulle berge livet til fire andre barn.

– Vi må snakke om organdonasjon, sa vi til kvarandre.

Valet var lett. Nokre år tidlegare hadde far til Therese Tungen fått ny nyre. Av mor hennar.

– Eg følte at eg fekk att pappaen min den dagen han fekk ny nyre. Då vart han meir seg sjølv att. Han har hatt diabetes i mange år og hadde til slutt ein nyrekapasitet på 5 prosent. Vi veit organdonasjon er viktig.

Operasjonen som gav Therese far hennar tilbake skjedde også på Rikshospitalet.

Nye organ til små pasientar

Fem friske organ blei henta frå kroppen til Edvin. Små pasientar på venteliste for nye organ blei ringt opp. Det gjekk telefonar til heile Norden. Fire barn fekk ein ny sjanse.

Intervjubilde av Aleksander Sekowski, informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon

– Organdonasjon er einaste redninga for dei som står på venteliste, seier Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.

Foto: Siri Vålberg Saugstad, NRK

– Takka vere familien til Edvin så er det fire andre familiar der ute som slapp å miste sine barn, seier Aleksander Sekowski.

Han er informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon.

– Når barn står på venteliste for organdonasjon, har dei kort tid igjen. Ein ventar som regel så lenge som mogleg med å transplantere barn, så når dei står på venteliste, er det kritisk.

Rekordlange ventelister

Aldri har så mange nordmenn stått på venteliste for nye organ.

Nye tal frå Oslo Universitetssykehus og organisasjonen Scandiatransplant viser at 511 nordmenn venta på nytt organ ved utgangen av juni. 438 av desse venter på ny nyre.

– Ventelistene er dobla dei ti siste åra, seier Sekowski.

Det siste halvåret donerte 50 avdøde organ i Noreg. 201 nordmenn fekk nye organ. Tala er i tråd med gjennomsnittet dei siste åra.

Likevel aukar ventelistene. Årsakene er fleire, ifølgje Stiftelsen Organdonasjon.

– Folk lever lengre, både donorar og dei som treng nytt organ er eldre. Fleire har livsstilssjukdomar. Stadig fleire må retransplanterast, altså få eit nytt organ ein gang til. I tillegg får fleire pasientgrupper tilbod om organtransplantasjon. Dermed aukar ventelistene, forklarer Aleksander Sekowski.

– Hjarte slår i ein annan kropp

– Det gjer ikkje sorga mi lettare, seier Therese Tungen om at Edvin sine organ lever vidare i andre. Ho kallar det eit rasjonelt val.

– I blant ser eg føre meg dei familiane og at dei slepp det vi har stått i og framleis står i. Så det er ein slags abstrakt trøyst, viss ein kan seie det.

Hjartetre i bakgården på Sagene til minne om Edvin Tungen.

I dag står eit hjartetre i bakgarden der Edvin likte så godt å leike.

Foto: Margret Helland, NRK

– Alt er jo gale med at Edvin døydde, seier Bår Stenvik.

Midt i det meiningslause er tanken på dei som fekk leve vidare ei bitte lita hjelp.

– Ein eller annan plass slår forhåpentlegvis hjartet hans framleis i ein annan kropp. Det gjer det litt betre.

AKTUELT NÅ