Hopp til innhold

Stadig fleire nordmenn i trøbbel i utlandet

Nordmenn hamnar stadig oftare i trøbbel i utlandet. Sjømannskyrkja får stadig meir å gjere, samstundes som resursane blir mindre.

Red Light District i Pattaya i Thailand.

Pattaya i Thailand har eit vilt natteliv. Det er i denne byen Sjømannskyrkja har flest sosialsaker.

Foto: SUKREE SUKPLANG / REUTERS

– Talet på saker der nordmenn som treng hjelp i utlandet er sterk vekst. Men no har vi nådd grensa for kapasiteten vår, seier generalsekretær Audun Myhre i Sjømannskyrkja til NRK.no.

Sosialsaker aukar mest

Generalsekretær i Sjømannskirken, Audun Myhre.

Generalsekretær Audun Myhre meiner grensa er nådd for kapasiteten til Sjømannskyrkja.

Foto: Øyvind H. Sæthre

Myhre meiner staten må bidra meir til det viktige arbeidet som blir gjort i utlandet. Det er såkalla sosialsaker som aukar mest. Det var ein auke på 33 prosent i slike saker frå 2009 til 2010, og tala frå hittil i år viser at det blir ein ny auke også i 2011.

Det var i fjor 1639 sosialsaker ved norske sjømannskyrkjer. Den største auken kom i , der dei handterte 769 slike saker i fjor. I Antwerpen i Belgia var det 150 sosialsaker, 146 på Gran Canaria, 104 i New Orleans, 42 i Torrevieja og 40 på Costa del Sol.

Han kan fortelje at 10700 nordmenn i utlandet fekk hjelp i fjor i samband med sjukdom, dødsfall eller andre akutte kriser.

Han meiner at den kraftige auken i talet på saker for Sjømannskyrkja kjem av at nordmenn reiser mykje meir enn tidlegare. Berre frå 2009 til 2010 reiste sju prosent fleire nordmenn til utlandet enn året før. Og tala har vore stigande i mange år.

LES OGSÅ: Mette-Marit får egen kirke

LES OGSÅ: Pattaya i Thailand

Tek med seg problema

– Det går flyruter over heile verda, og det er relativt billeg å reise med fly. Dei aller fleste har råd til å reise til utlandet, og svært mange gjer det. Og då er det også fleire av dei som slit med problem heime som reiser utanlands, seier Audun Myhre.

. Myhre opplyser at Sjømannskyrkja arbeider tett saman med Utanriksdepartementet og norske ambassadar og utanriksstasjonar. UD har hatt behov for å avgrense kor mykje dei kan stille opp for nordmenn i utlandet, på grunn av den store pågangen, fortel Audun Myhre.

Enkelt kan ein seie at Utanrikstenesta tek seg av konsulære saker, medan Sjømannskyrkja tek seg av sosiale saker.

– Vi som organisasjon er rigga på ein annan måte. I prinsippet tek vi mot alle som treng hjelp, seier han.

LES OGSÅ: Norske studenter i sjokk

LES OGSÅ: New York har verdens beste vafler

Måtte redusere

Samstundes måtte organisasjonen i fjor redusere med åtte stillingar på grunn av dårlegare økonomi. Staten betalar ein tredel av budsjettet til Sjømannskyrkje, resten kjem inn som gåver frå private og næringsliv.

Støtta frå staten har vore uendra dei siste ti åra, medan organisasjonen på grunn av auka arbeidsmengd har auka med 40–50 årsverk.

– Det blir stadig vanskelegare å få inn pengar frå private givarar. Derfor håpar vi at staten vil auke sitt bidrag til arbeidet vi gjer blant nordmenn i utlandet, seier Audun Myhre.

Men langt frå alle møte mellom Sjømannskyrkja og nordmenn i utlandet handlar om krise og vanskelege situasjonar. Sjømannskyrkjene rundt om i verda møtte 916.000 menneske i løpet av 2010.

LES OGSÅ: New York har verdens beste vafler

LES OGSÅ: Barn frykter ferien

Beredskapsavtalar

Størst trafikk var det på sjømannskyrkja på Gran Canaria med 88.300 besøk, så kjem Albir-Villajoysa i Spania med 45.800, Costa del Sol i Spania 36.700, Torrevieja i Spania 35.700 og Kypros 23.900.

Eit nytt satsingsområde for Sjømannskyrkja er også beredskapsavtalar med reiarlag, ulike typar bedrifter og høgskular/universitet som har folk i utlandet. I 2010 hadde Sjømannskyrkja 154 slike avtalar.

I fjor vart det også inngått ein avtale mellom Sjømannskyrkja og NHO ein rammeavtale for å leggje til rette for beredskapssamarbeid for små og mellomstore bedrifter med tilsette i utlandet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger