Hopp til innhold

Festar bilbelte feil på barn i barnesete

Mange vaksne festar bilbelte feil på barn i barnesete. – Det er svært urovekkande og livsfarleg, seier seniorrådgjevar i Trygg Trafikk Carina Henske.

Innslag i Kveldsnytt

VIDEO: Mange fester setebeltet feil på barn.

24 prosent av vaksne veit ikkje korleis eit vanleg bilbelte skal ligge over kroppen til barnet i barnesete.

Det viser ei fersk undørsøking frå Ipsos MMI, gjort på oppdrag frå Trygg Trafikk og IF skadeforsikring.

– Viss det skjer ein bråbrems eller ei ulykke så kan det få fatale konsekvensar for barna dersom bilbelte er festa feil, åtvarar Henske.

Livsfarlege feil

Både foreldre og besteforeldre over heile landet er blitt spurt om bruken av bilbelte på barnesete.

Elleve prosent svarar at beltet skal vera under armen, medan ni prosent meiner at beltet skal ligge over magen. Begge delar er feil, ifølge Trygg Trafikk.

Carina Henske

VIKTIG: Korleis bilbelte er festa på barnet er veldig avgjerande for barnet sin tryggleik, seier seniorrådgjevar i Trygg Trafikk, Carina Henske.

Foto: Eivor Eriksen / Trygg Trafikk

– I slike tilfelle er det stor fare for at kroppen blir kasta fram, noko som kan føra til hovudskadar og indre skadar hos barnet. I verste fall kan det føre til død, seier Henske.

Beltet bør ligge over hofta og ikkje magen. Hoftane er sterke samanlikna med den mjuke magen. Dessutan er det mange som trur at det er farleg å legge beltet inntil halsen på barnet, men det er det altså ikkje.

– Skjer det ei ulykke og barnet blir kasta fram, så vil beltet glid ned på sida av skuldrane og det vil derfor ikkje vera farleg, fortel Henske.

Få ulykker i Noreg

– Heldigvis er det veldig få ulykker med barn i bil i Norge, seier ho.

På 70-talet døde omtrent hundre barn i trafikken i året, medan no er det nesten ingen som misser livet i trafikken. Det er mange grunnar til at tala på ulykker har gått ned, men den viktigaste årsaka er at me sikkrar barna betre i bilane no samanlikna med før.

– I tillegg har både bilane og vegane blitt betre, avsluttar Henske.

AKTUELT NÅ