Hopp til innhold

Nordmenn tar ferie på lånte pengar

Nesten 100 000 nordmenn drar på ferie med lånte pengar. Det er flest unge under 25 år og husstandar med lågare inntekter som ikkje har spart opp til ferien.

Kredittkort

FERIE PÅ KREDITT: Inkassokrava etter misleghald av kredittkort aukar utover hausten.

Foto: DAMIEN MEYER / Afp

– Store ferieplanar og lite pengar er ein dårleg kombinasjon, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.

Han meiner det er ei uheldig og kortsiktig prioritering å dra på ferietur for pengar ein ikkje har.

– Dette skal jo betalast tilbake med rente seinare, seier han.

I tillegg til alle dei som svarer «ja» på spørsmålet «Må du låne pengar eller kredittkort eller liknande for å ha råd til å dra på sommarferie?», svarer 170 000 «kanskje» i undersøkinga som er gjort av Respons Analyse for Sparebank 1.

Unge låner mest

Unge mellom 18 og 25 år er den største aldersgruppa som svarer at dei må låne pengar for å dra på sommarferie.

– Det er dessverre typisk, seier Gundersen.

– Det er ei uheldig utvikling at unge lånar pengar til ferie. Dette er dei som har minst pengar frå før, dei har lågast inntekt og dei er minst i stand til å gjera opp den gjelda dei pådrar seg.

Gundersen legg merke til aggressiv marknadsføring for feriereiser, med tekstar som «Ikke utsett ferien din, utsett betalingen!», der kundane kan betale seks månader seinare, utan renter og gebyr for den tida.

– Dette er jo berre å utsetje problema. Og når du utset problema, blir dei endå større. Å utsette seks månader no, betyr at du skal betale sommarferien når du også skal betale juleutgiftene dine. Då får du dobbel belastning. Det er kortsiktig, og du får endå større økonomiske problem.

Les også: Eksperter spår prisras på Hellas-ferien

Usikker på tilbakebetaling

Av dei som låne pengar, er det dei færraste som har planar om å betale raskt tilbake. Seks av ti reknar med å bruke over tre månader på å betale tilbake, eller dei veit ikkje når dei har råd til å gjere opp for seg.

Gundersen meiner at dersom ein ikkje har spart pengar til ferien eller har nokre ekstra kroner til å ta ferie for, så er det eit signal om at du har litt trøblete økonomi.

Han innser at mange av oss lever på kredittkort til vanleg, men understrekar at belastninga då blir endå tyngre dersom du i tillegg låner til ferie.

I faktaboksen ser du Magne Gundersen sine gode tips til billeg ferie. Og her ser du eitt døme på billeg Norges-ferie .

Inkassokrav til hausten

Informasjonssjef Jan Græsvik i inkassoselskapet Intrum Justitia stadfestar at inkassokrava etter misleghald av kredittkort aukar utover hausten.

– Ja, vi ser at det kjem ein del inkassokrav av denne typen seinare på året.

Les også: Advarer mot bruken av denne

Les også: Unge dropper å sjekke reiseforsikringen

Les også: Slik kan du trene i ferien

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger