Hopp til innhold

– Ikkje noko nytt at informasjon glipp

Det er ikkje første gong at viktig informasjon ikkje blir delt mellom dei tre naudetatane. – Dette skjer dessverre altfor ofte, seier Olaf Lingjærde, leiar i Oslo brannkorpsforening.

Busstragedie på Valdresekspressen

INGEN VARSEL: Brannvesenet fekk ikkje vite at det var ein væpna mann i bussen før dei kom fram til staden. Leiaren i Oslo brannkorpsforening seier dette skjer ofte.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I går kunne NRK fortelje at brannvesenet som rykte ut til trippeldrapet i Valdresekspressen i Årdal, ikkje fekk vite at det var ein desperat mann med kniv i bussen. Både Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og politiet delte ikkje denne informasjonen med brannvesenet før etter at dei hadde kome fram til staden.

Leiar i Oslo brannkorpsforening, Olaf Lindgjærde, seier dette er sterkt uheldig.

– Konsekvensen kan i verste fall vere at nokon av hjelpemannskapa blir drepne fordi dei ikkje veit at det er ein væpna person på skadestaden. Det er sterkt uheldig at slik viktig informasjon ikkje kjem fram til alle etatar, seier Lindgjærde til NRK.no.

I NRKs Nyheitssenter får du fortløpande nyheitsoppdateringar

– Skjer altfor ofte

Olaf Lingjærde

UHELDIG: Leiar i Oslo brannkorpsforening, Olaf Lindgjærde, seier det er sterkt uheldig at informasjon ikkje når fram.

Foto: Privat

Helse Førde har allereie vedgått at rutinane ved AMK-sentralen svikta då meldinga om trafikkulukke kom inn klokka 17.21. Først tolv minutt seinare varsla dei Alarmsentralen Sogn og Fjordane om ulukka. Først klokka 17.35 fekk politiet beskjed, heile 14 minutt etter første nødmelding.

NRK har fått tilgang til brannvesenet sin interne aksjonslogg. Den viser at dei aldri fekk melding om at det var ein mann med kniv om bord i bussen før etter dei var framme på staden. Då hadde asylsøkjaren knivstukke tre personar, som alle døydde av skadane.

Informasjonen om mann med kniv kom til AMK-sentralen klokka 17.40, og vart sendt vidare til politiet mellom klokka 17.42 og 17.50. Politiet sin operasjonssentral ligg side om side med brannvesenet sin alarmsentral i politihuset i Florø. Det er berre ei skyvedør i mellom, men delte likevel ikkje denne informasjonen om knivmann med brannvesenet.

– Det skjer dessverre altfor ofte at viktig informasjon ikkje blir delt med alle etatar. Eg meiner denne saka styrkar argumenta for felles nødnummer og samlokalisering av nødsentralane. Ved samlokalisering får alle den same informasjonen samstundes, seier Lindgjærde.

I dag vart det kjent at fylkeslegen i Sogn og Fjordane opprettar tilsyn med AMK-sentralen. Det kan ha skjedd svikt i varslinga i fleire alvorlege hendingar, mellom anna i trippeldrapssaka på Valdresekspressen.

Har svikta fleire gonger

Mangel på varsling av alle etatar, såkalla «trippelvarsling», har gjentekne gonger blitt kritisert i rapportar. Mellom anna etter terroråtaka 22. juli 2011.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skriv mellom anna følgjande i ein rapport:

  • «Arbeidsgruppen finner ikke dokumentasjon på at det ble gjennomført trippelvarsling i forbindelse med skytingen på Utøya.»
  • «Det ble ikke foretatt en formell trippelvarsling i henhold til vanlige rutiner»
  • «Det anbefales at rutiner knyttet til trippelvarsling gjennomgås, for å sikre økt oppmerksomhet på dette hos alle operatørene ved nødalarmsentralene.»

Også etter den store kriseøvinga «Tyr» i 2012 var trippelvarsling tema for kritikk. DSB skriv:

  • «Det ble ikke foretatt trippelvarsling under denne hendelsen. AMK fikk varsel klokken 14:14, og brann- og redningsvesenet fikk ikke melding før klokken 14:53. Dette var et unødig tap av tid.»

Fem dagar før trippeldrapet i Valdresekspressen hadde Sogn og Fjordane den store kriseøvinga «Tyr». I denne øvinga var nettopp varsling eitt av hovudmåla for etatane.

Brannvesenet: Trudde det var ulukke

Brannsjef i Årdal brannvesen, Gaute Johnsgaard, seier til NRK.no at han er skuffa over at varslinga svikta under bussdramaet måndag:

– Mitt mannskap var førebudd på kome til ei trafikkulukke då dei køyrde mot staden. Det er svært uheldig at denne viktige informasjonen ikkje kom fram til mitt mannskap, seier Johnsgaard.

Alle etatar går no gjennom sine aksjonsloggar og lydloggar for å finne ut kva som faktisk skjedde.

Brannvesenet ble ikke varslet om dramaet selv om politiet visste

VIDEO: Brannvesenet vart ikkje varsla om dramaet sjølv om politi og AMK visste.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger