Hopp til innhold

– Lågare velstand utan innvandrarane

Utan innvandrarane hadde ein stadig minkande del av folkesetnaden i Noreg vore i arbeid. Innvandrarane står no for over 80 prosent av sysselsettingsveksten i landet.

Jobb i nøkkelbutikk

I løpet av ein eittårsperiode har 24.449 nye innvandrarar slutta seg til den norske arbeidsstokken. (ILLUSTRASJONSBILDE)

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det viser nye tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Sysselsetjinga i Noreg går svakt oppover, men utan innvandrarane si deltaking i norsk arbeidsliv, ville pila ha peika nedover.

I løpet av ein eittårsperiode har 24.449 nye innvandrarar slutta seg til den norske arbeidsstokken. Til samanlikning kom 5551 fleire i majoritetsfolkesetnaden i jobb i same periode.

Innvandrarane si arbeidskraft er viktig for å halda oppe høg sysselsetting og velstand i Noreg, ifølgje Arild H. Steen, direktøren ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI).

– Dei har lenge stått for mykje av veksten i sysselsetjinga. Utan innvandrarane ville Noreg hatt lågare velstand. Produksjonsveksten ville vore langt lågare, lønsnivået hadde blitt pressa kraftig oppover grunna mangelen på arbeidskraft. Situasjonen ville dermed blitt langt vanskelegare for dei næringane som konkurrerer med utlandet, fortel Steen.

Rogaland best i klassen

Arild Steen

– Utan innvandrarane ville Noreg hatt lågare velstand, seier direktøren ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) Arild H. Steen.

Foto: privat

Dei nye sysselsetjingstala viser ei vidareføring av tendensane på arbeidsmarknaden dei siste åra, fortel Bjørn Olsen i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ein minkande del av majoritetsbefolkninga er i arbeid fordi ein stadig større del av oss er «eldre» – mellom 67 og 74 år. SSB spår ein vekst frå 673.900 eldre i 2013 til 1.397.000 i 2050.

Det er den mykje omtalte eldrebølgja som no er i ferd med å skylja inn over Noreg.

Rogaland og Møre og Romsdal er dei fylka som tronar øvst på statistikken over sysselsetting blant innvandrarar i Noreg. På jumboplass kjem Telemark og Østfold.

– Rogaland har ein høg del arbeidsinnvandrarar i forhold til andre fylke. Oljeindustrien er mest sannsynleg trekkplasteret. Tala i Telemark og Østfold har vore ganske låge over tid no. Dette heng saman med sysselsetjingsnivået generelt. Østfold er eitt av fylka med lågast prosent i arbeid av folkesetnaden totalt sett, opplyser Olsen.

Samansetnaden av innvandrarfolkesetnaden (landsbakgrunn, butid, innvandringsgrunn og utdanning) i dei ulike fylka spelar også inn. Mange flyktningar med låg utdanning og kort butid gir til dømes lågare sysselsetjingsnivå.

Sysselsette innvandrarar etter yrkesgruppe

Sysselsette etter yrkesgruppe (4. kvartal 2013) i %

 I alt      

Blant innvandrarar

Sals- og serviceyrke

 22,3

23,4

Akademiske yrke

 21,0

15,5

 Høgskule- og militære yrke

 18,0

12,2

Handverkarar

  9,4

14,1

Leiarar

  7,9

3,9

Prosess- og maskinoperatørar, transportarbeidarar m.m.

  6,9

9,2

Reinhald, hjelpearbeidarar m.m.

  5,0

14,2

Bønder, fiskarar m.m

 2,3

1,3

Totalt

100

100

Tabellen viser sysselsetjinga blant innvandrarar i Noreg fordelt på yrkesgrupper (Kjelde: SSB).

Færrast frå Afrika

EØS-landa stod for halvparten av sysselsetjinga blant innvandrarane.

Utfordringa er å halda oppe og å auka yrkesdeltakinga også blant dei andre innvandringsgruppene, poengterer Steen i Arbeidsforskingsinstituttet (AFI).

Færrast i arbeid er det blant dei som kjem frå Afrika.

– Dette heng saman med at ein større del av dei afrikanske innvandrarane er flyktningar samanlikna med dei andre innvandringsgruppene. Mange av dei som kjem hit frå Afrika har i tillegg ganske høg del med låg eller mangelfull utdanning, forklarar Olsen i SSB.

Privat sektor har langt fleire innvandrarar i arbeid enn offentleg sektor.

– Det private næringslivet har dei fleste ufaglærte stillingane der du finn mange innvandrarar, særleg flyktningar. Av arbeidsinnvandrarane er dessutan dei fleste tilknytt privat sektor innanfor bygg og anlegg, forklarar Olsen i SSB.

AKTUELT NÅ