Dei globale utsleppa av klimagassar har stige til historisk høge nivå, syner rapporten som blei lagd fram av FN sitt Klimapanel søndag.

Vindauget for å kunne unngå dei farlegaste klimaendringane er i ferd med å stengja, konkluderer Miljødirektoratet etter å ha lese rapporten.

– No må det bli slutt på tompreik om mikroskopiske tiltak som i beste fall kjem om lenge. Det trengst svært drastiske forandringar, seier Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sin einaste stortingsrepresentant, Rasmus Hansson.

– Ikkje mogleg med dagens klimapolitikk

Utslipp av klimagasser - Foto: Skjermdump / Miljødirektoratet
Foto: Skjermdump / Miljødirektoratet

For å avgrensa oppvarminga på jorda til to grader, det såkalla togradersmålet, er det no naudsynt med utsleppsreduksjonar på mellom 40 og 70 prosent samanlikna med 2010-nivå innan 2050. Utsleppa må heilt ned mot null innan 2100, ifølgje forskarane i FN sitt Klimapanel.

Klimapanelet trekkjer fram fleire sentrale tiltak:

  • Utsleppsreduksjon frå produksjon og forbruk av energi, transport, bygg og industri
  • Energieffektivisering
  • Redusert avskoging og meir skogplanting

LES OGSÅ: Kutt utslippene dine med bolig, biff og bil

– Eg er optimist, men det er ikkje mogleg med den politikken me fører i Noreg og i andre land i dag, seier Hansson i Miljøpartiet.

Klima – og miljøminister Tine Sundtoft (H) uttala søndag at ingen sektorar er freda i arbeidet med å nå Klimaforliket, heller ikkje olje og gass.

– Me må kutta innanfor olje og gass, Me må få meir energieffektive bygg, og industrien må ytterligare effektivisera for å produsera meir, seier statsråden til NRK.

Hansson i Miljøpartiet trur det ikkje før han får sjå det. Kraftige tiltak for å kutta noverande klimagassutslepp må inn i statsbudsjettet for 2015, meiner han:

– Me må kutta dei store utsleppa på Mongstad, Snøhvit, frå sementfabrikken i Brevik og på oljeplattformane. Me må i tillegg få ned utsleppa frå vegtrafikken svært mykje. Det går an, men regjeringa må handla, ikkje berre snakka.

Vil straffa forureining hardare

Ola Elvestuen - Ola Elvestuen er Venstre-politikar og leiar av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. - Foto: Venstre /

Ola Elvestuen er Venstre-politikar og leiar av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Venstre

Også i partiet Venstre er dei utolmodige. I likskap med MDG peikar dei på oljessektoren og biltrafikken som klimaverstingane som bør ha førsteprioritet.

– Me må sørgja for nullutslepp eller elektrifisering i petroleumssektoren, satsa langt meir på kollektivtrafikken og me må handla no. Målsettinga er ganske enkelt at me skal slutta med fossile drivstoffkjelder, seier Ola Elvestuen som har leiarvervet i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

LES OGSÅ: FN-sjef: Kan ikke satse på et mirakel

Elvestuen meiner også at det må bli dyrare å forureina.

– Me må bruka skattar og avgifter mykje meir aktivt slik at det å forureina blir mykje dyrare i forhold til å ta miljøvenlege val. Me må inngå nye avtalar med industrien slik at dei kan gjennomnføra ytterlegare kutt. Det må jobbast på kvar einskild sektor, seier Venstre-politikaren.

Også partiet Raudt vil ha slutt på fossil produksjon, og håpar FN-rapporten vil leggja enda større press på nasjonar til å gå over til solenergi.

Partileiar Bjørnar Moxnes understrekar at det er politikarane som må gå framst, vera gode førebilete og leggja til rette for haldningendringar hjå den gjengse nordmann.

– Når dei fleste partia har olje og gass høgt på prioriteringslista blir det lite truverdig å be vanlege folk om å sortera søppelet sitt, seier Raudt-leiaren.

IPCC - Ramon Pichs Madruga og Ottmar Eidenhofer i IPCC si tredje arbeidsgruppe, saman med IPCC-direktør Rejendra K. Pachauri før den tredje delrapporten blei lagd fram i Berlin søndag. Rapporten slår fast at mellom 40 og 70 prosent av klimautsleppa må kuttast før 2050, dersom me skal nå togradersmålet. - Foto: Michael Sohn / Ap

Ramon Pichs Madruga og Ottmar Eidenhofer i IPCC si tredje arbeidsgruppe, saman med IPCC-direktør Rejendra K. Pachauri før den tredje delrapporten blei lagd fram i Berlin søndag. Rapporten slår fast at mellom 40 og 70 prosent av klimautsleppa må kuttast før 2050, dersom me skal nå togradersmålet.

Foto: Michael Sohn / Ap