Hopp til innhold

Erna Solberg ikkje til Moskva 9. mai

Statsminister Erna Solberg kjem ikkje til å delta på 70-årsmarkeringa av slutten på andre verdskrigen i Moskva 9. mai. Det er enno uklart om andre representantar frå norske styresmakter skal delta.

Statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg (H) kjem ikkje til å delta på den store 70-årsmarkeringa for slutten av andre verdskrigen i Moskva.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det er viktig å respektere minna om krigsinnsatsen under andre verdskrigen. Derfor la vi frå norske side stor vekt på å markere 70-årsjubileet for den sovjetiske hærens store bidrag til frigjeringa av Aust-Finnmark i oktober, der både Kongen, statsministeren og utanriksministeren deltok saman med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov, heiter det i ei fråsegn frå SMK (Statsministerens kontor).

- Primært eit militært arrangement

Det heiter vidare at det i dagens politiske situasjon likevel ikkje er mogleg for statsministeren å delta under eit primært militært arrangement i Moskva.

– Det er beklageleg at situasjonen er slik. Ansvaret for dette kvilar på Russland, som med sine folkerettsstridige handlingar overfor Ukraina har skap ein politisk situasjon i Europa ingen ynskjer, heiter det.

Seniorforsker Julie Wilhelmsen

Russland-ekspert Julie Wilhelmsen meiner at Erna Solbergs nei til å delta i Moskva, viser kor dramatisk situasjonen har vorte.

Foto: NUPI

Heller ikkje Tysklands forbundskanslar Angela Merkel eller Storbritannias statsminister David Cameron kjem til delta på den storstilte markeringa i Moskva 9. mai. Leiarane i Polen og dei baltiske landa har også gjort det klart at dei ikkje vil delta.

Blant statsleiarane som jar takka ja er blant andre Nord-Koreas leiar Kim Jung-un og Kinas president Xi Jinping.

– Har smitta alle felt

Forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og Russland-ekspert Julie Wilhelmsen seier til NRK at ho ikkje er overraska over avgjerda til statsministeren.

– Etter Ukraina-krisa har relasjonen mellom Russland og Vesten vorte svært dårleg, krisa har krope inn og smitta elle felt i relasjonane. Ein kunne tru at Noreg hadde interesse av og historie til å kunne føre ein dobbeltpolitikk, slik at vi kunne markere det vi er usamd i, men samstundes samarbeide på andre felt. Nettopp fordi Noreg og Russland er nabostatar og har eit utstrekt samarbeid i nord, seier Wilhelmsen.

Ho minner om at Noreg er nøydd til å ta omsyn til Russland på ein pragmatisk måte, til dømes i spørsmål om fiskeri, Svalbard med meir, men at vi no ser at det ikkje går lenger.

– Dramatisk situasjon

– Dette er eit teikn på kor alvorleg situasjonen er. Forholdet til Russland er på eit botnnivå når ein vurderer det slik at ein ikkje kan delta på det som blir rekna som eit kulturarrangement, eit arrangement som er ein del av den norsk-russiske historia som er positiv. Det er eit teikn på kor dramatisk situasjonen har blitt, legg Julie Wilhelmsen til.

Ho meiner situasjonen som har oppstått i Europa gir grunn til uro, men ho trur ikkje på ein krig langs den norsk-russiske grensa.

Uklart om Erna Solberg reiser til Moskva

AKTUELT NÅ