Hopp til innhold

Dyrare med bil i rushtida

Regjeringa vil betale Bergen og Trondheim for at det skal bli dyrare å køyre bil i rushtida i dei to byane.

 

Bompenger
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Auka bomavgift i rushtida vil redusere biltrafikken i Bergen og Trondheim med opptil 15 prosent, meiner Transportøkonomisk Institutt.

Politisk rådgjevar Erik Lahnstein (Sp) i Samferdsledepartementet seier at staten vil gi økonomisk støtte til Bergen og Trondheim dersom ordninga blir innført.

Eit fleirtal av lokalpolitikarane har hittil sagt nei til å innføre høgare rushtidsavgift.

Talet på bilar har auka sterkt i Bergen og Trondheim dei siste åra, og køane i rushtida har auka i takt med dette.

Rita Ottervik

Ordføraren i Trondheim, Rita Ottervik (Ap), vil ikkje ha ekstra rushtidsavgift.

Foto: Øystein Windstad, NRK

No vil regjeringa at kvar sjuande bilist skal nytte andre framkomstmiddel i Bergens-området, men ei rundspørjing NRK har gjort viser at det kan bli vanskeleg. Mange seier dei er heilt avhengige av å bruke bilen, også i rushtida.

Fleire meiner dette først og fremst vil ramme barnefamiliar, som er avhengige av å levere barn i barnehagen før dei sjølve skal på jobb.

Erik Lahnstein seier det er ein føresetnad at kollektivtilbodet må bli mykje betre før det blir aktuelt med å auke bompengesatsane i rushtida.

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik frå Arbeidarpartiet, vil ikkje ha noko av dette. Ho seier det er kommunepolitikarane som avgjer dette, ikkje regjeringa.

 

AKTUELT NÅ