Hopp til innhold

Nye problem for Norwegians Dreamliner

Ein Boeing 787 Dreamliner frå Norwegian Air Shuttle står på flyplassen i Bangkok med feil på ei hydraulisk pumpe. Avgangen til Stockholm er kansellert, og selskapet arbeider på spreng for å få passasjerane heim.

Norwegians første Dreamliner-fly

Nye problem for Norwegians Boeing 787 Dreamliner.

Foto: Norwegian Air Shuttle / NTB scanpix

Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Mannion stadfestar over NRK.no at det er ein feil med ei hydraulikkpumpa som gjer at flyet no står på bakken, og at det ikkje er første gong denne feilen oppstår på den nye flytypen.

Bjørn Kjos

Norwegian-sjef Bjørn Kjos møtte Boeing-leiinga tidlegare denne veka.

Foto: NRK

Ho opplyser at flyginga frå Bangkok til Stockholm er kansellert, og at selskapet gjer det dei kan for å skaffe billettar til dei 197 passasjerane med andre flyselskap. Og det er ikkje lett, fortel ho, og kan såleis ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta.

Problem med Dreamliner

Astrid Mannion har heller ikkje oversikt over kor mange nordmenn som skulle reise med flyet.

Når feilen er retta i Bangkok blir flyet floge til Stockholm utan passasjerar, og så skal den vidare oppfølginga skje der, opplyser ho.

Norwegian har opplevd fleire problem med sine Dreamliner-fly den siste tida, og det har ført til store forseinkingar. Tidlegare denne veka var heile toppleiinga i Boeing på besøk hos Norwegian på Fornebu for å prøve å rydde opp i problema.

Vanskeleg med reservedelar

Norwegian-sjef Bjørn Kjos sa etter møtet med Boeing-leiinga at det største problemet var at det tek for lang tid å få reservedelar. Reservedelane er i London, og det tek mange timar å få reparert skadar. Han sa at Boeing lovde at reservedelar skulle verte tilgjengelege på fleire stader.

Boeing lovde også å sende eit lag med ingeniørar som skulle overvake nærmare dei to flya.

Norwegian har to Dreamliner-fly, som trafikkerer langrutene til New York og Bangkok. Flyet som no står på bakken i Bangkok skulle vidare til Stockholm, men det er uklart når flyet kjem på vengjene igjen.

LES OGSÅ: Norwegian og Boeing i krisemøte om Dreamliner

LES OGSÅ: Norsk kundebarometer: – Dreamliner er Norwegians mareritt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger