Hopp til innhold

Mann dømt for 150 tilfelle av vald, truslar og sjikane mot fengselstilsette

31-åringen er kjent skuldig, men kan ikkje straffast for det han har gjort. Han sonar allereie ein forvaringsdom, og kan difor ikkje få ny fengselsstraff.

Mann tiltalt for fleire tilfeller av vald mot fengselstilsette

KJENT SKULDIG: Den 31 år gamle mannen som er tiltalt i den mest omfattande straffesaka som omhandlar vald, truslar og sjikane mot fengselstilsette blei passa på av fleire politibetjentar då rettssaka gjekk i Asker og Bærum tingrett. Mannen er kjent skuldig, men kan ikkje dømmast til ny fengselsstraff.

Foto: Simon Solheim / NRK

Mannen som er tiltalt i den mest omfattande valds- og trusselssaka mot fengselstilsette i Noreg, er no kjent skuldig i Asker og Bærum tingrett. Mannen vart frifunnen for to av tiltalepunkta.

31-åringen blir sett på som så farleg og valdeleg at han sit isolert på avdeling G på Ila fengsel og forvaringsanstalt. Der har han vore plassert i nesten 850 døgn, og han får berre kome ut frå cella si ein time om dagen i følge med fleire fengselsbetjentar.

– Eg har enno ikkje fått snakka med klienten min, så eg veit ikkje om han vil anke eller ikkje, seier advokat Kirsten Birgitte Sigmond som er forsvarar for mannen.

LES OGSÅ: Mann tiltalt for 120 tilfeller av vold, trusler og sjikane mot fengselsansatte

Mannen er dømt for å ha slått ned fengselsbetjentar utan forvarsel og heilt uprovosert, samt spytta og kasta urin i andletet på dei. Han har også onanert framfor fleire kvinnelege fengselstilsette, og gjort fleire seksuelle tilnærmingar til dei. Han har også, ifølgje dommen, kome med drapstruslar og sjikanert dei tilsette på Ila, Ullersmo og Ringerike fengsel, der han har sona.

Strafferettsleg tilrekneleg

Sigmond sa i retten at ho meiner 31-åringen bør frifinnast fordi ho meiner det er tvil om mannen er strafferettsleg tilrekneleg:

– Hans oppførsel i anstalten og her i retten tilseier at det er tvil om dette spørsmålet.

Advokat Kirsten Birgitte Sigmond

FORSVARAR: Advokat Kirsten Birgitte Sigmond veit ikkje om klienten hennar vil anke dommen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Mannen har fleire gonger blitt vurdert av psykologar og psykiatrar, og har fått diagnosen dyssosial personlegdomsforstyrring. Han er likevel erklært tilrekneleg.

Psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby har vurdert den psykiske helsa til den tiltalte under den to veker lange rettssaka i Asker og Bærum tingrett, og konkluderte igjen med at med at han ikkje er psykotisk.

Dei meiner også at han ikkje fell inn under kategorien «psykisk utviklingshemma i høg grad». Dei meiner difor han er strafferettsleg tilrekneleg, noko retten også konkluderte med.

Har blitt verre grunna isolasjon

Psykiater Randi Rosenqvist, som jobbar på Ila fengsel- og forvaringsanstalt, har følgt tiltalte gjennom opphaldet i fengselet, og ho forklarte i retten at funksjonsnivået til 31-åringen har falt markant gjennom opphaldet i fengselet. Dette gjeld spesielt det siste året.

Mannen har vore fengsla i fleire ulike fengsel, og har blitt flytta fordi han har vore valdeleg mot dei tilsette. Han kom frå Ullersmo fengsel til Ila i slutten av juni i 2011, og har storparten av tida vore isolert på avdeling G. Han har også ved fleire høve blitt plassert i tryggleiksseng med reimer.

Retten meiner 31-åringen har hatt ein baktanke med fleire av handlingane han har gjort:

Tiltalte har også under soning av tidligere fengselsstraffer og i varetektsperioder utvist adferd som har blitt opplevd som negativ. Dette har gjort at han stadig har blitt flyttet til nye fengsler. Tiltalte har på denne måten opplevd at negativ adferd fra hans side har gjort at han har oppnådd flytting til annet fengsel. Retten er ikke i tvil om at dette har vært en motivasjon for adferden tidligere. Det er ikke tvil om at han har forsøkt samme strategi ved Ila.

Dommen

Oversikt over lovbrot mannen har gjort:

Straffeloven § 229 - lekamsskading

3

Straffeloven § 127 - vald mot offentleg tenestemann

19

Straffeloven § 228 - lekamskrenking

14

Straffeloven § 227 - truslar

27

Straffeloven § 128 - truslar mot offentleg tenestemann

24

Straffeloven § 201 bokstav b - seksuelt krenkande atferd

6

Straffeloven § 326 nr. 2 - forulemping av offentleg tenestemann

45

Straffeloven § 391 - skadeverk

4

Retten tok imot forklaring frå totalt 49 vitne. Alle er tilsette i anstaltane der 31-åringen har sona.

Kom med nye truslar i retten

På første dag i retten kom mannen med nye truslar. Han sa mellom anna at han ville kaste syre i andletet på ein av fengselsbetjentane han er tiltalt for å ha slått ned. 31-åringen er dømt for å ha slått til betjenten i andletet med knytt hand utan forvarsel slik at ho blei sjukmeldt i seks dagar og deretter delvis sjukmeldt i ytterlegare ein månad.

– Eg vil ta ei ølflaske å knuse den i trynet hennar, forklarte han i retten.

31-åringen byrja også å slå mot fleire bilete som låg framme på forsvarar Kirsten Birgitte Sigmond sin pult. Bileta skal ha vist den skadde fengselsbetjenten som var teke etter valdsepisoden på Ila fengsel og forvaringsanstalt. Tiltalte slo fleire harde slag mot bileta på bordplata.

LES OGSÅ: Mann (31) gjentok truslar i retten og slo mot bilete av skadd fengselsbetjent

Det var strengt vakthald i retten. Mannen blei heile tida passa på av fire politibetjentar som sat få meter unna. Til og frå retten, og i pausane, hadde mannen på seg handjern som var festa i eit magebelte – akkurat som terrordømde Anders Behring Brevik hadde på seg då han vart ført inn og ut av rettssalen i Oslo tinghus under 22. juli-rettssaka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby

SAKKUNNIGE: Psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby konkluderte med at tiltale er strafferettsleg tilrekneleg. Dei observerte tiltale gjennom den to veker lange rettssaka.

Foto: Simon Solheim / NRK

Forsvarar: – For sjuk for fengsel

Sjølv om den psykiske helsetilstanden til mannen har blitt forverra grunna isolasjonen, har både dei sakkunnige og psykiater Randi Rosenqvist uttrykt håp. Dei meiner fungeringa hans kan bli betre dersom soningsforholda hans blir endra. Dei ser positivt på at det er løyvd pengar som skal brukast til å etablere eiga avdeling for dei innsette som i dag stadig blir plassert i isolasjon på avdeling G på Ila.

Avdeling G - Ila fengsel og forvaringsanstalt

ISOLERT: 31-åringen blir sett på som så farleg at han sit isolert på avdeling G på Ila fengsel og forvaringsanstalt. 23 timar i døgnet må han sitte på cella si. Tilstanden hans har blitt verre etter at han kom til Ila.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det er bra at dommen tek føre seg ein del om soningsforholda. Vidare meiner eg det er eit paradoks at ein som er så sjuk som min klient blir dømt til fengsel og ikkje behandling. Han er heilt tydeleg for sjuk til å sitte i fengsel, og han blir berre verre og verre, seier forsvarar Kirsten Birgitte Sigmond til NRK.

Sjølv om mannen er kjent skuldig i nærare 150 tilfelle av vald, truslar og sjikane mot fengselstilsette, får ikkje mannen ny fengselsstraff. Grunnen er at han sonar ein forvaringsdom som i prinsippet er tidsubestemt, noko som gjer at han ikkje kan dømmast til ytterlegare fengselsstraff.

Må betale oppreising

Fleire av dei tilsette han har vore valdelege mot har blitt sjukmelde, og hatt det vanskeleg i ettertid. Ein av fengselsbetjentane han har slått ned heilt uprovosert forklarte i retten at ho i tida etter hendinga hadde panikk når folk kom mot henne. Etter behandling hos psykolog har dette bedra seg.

Mannen er dømt til å betale den kvinnelege betjenten 30.000 kroner i oppreisingserstatning.

Oppførselen til mannen har gått utover arbeidsmiljøet, slår dommen fast:

Bevisførselen har gitt et bilde av en situasjon som innebærer betydelige belastninger for mange ansatte. Det skjer hyppige negative hendelser, mange av til dels alvorlig karakter. Det er på det rene at tiltaltes adferd har innebåret en klar belastning på arbeidsmiljøet, og en betydelig personlig belastning på mange ansatte. Dette gjelder i særdeleshet enkelte kvinnelige fengselsbetjenter.

Dommen

Retten meiner tiltalte har handla forsettleg i alle av forholda han er dømt for.

NRK har ikkje lukkast med å kome i kontakt med statsadvokat Cecilie Schløsser Møller som var aktor i saka.

LES OGSÅ: Fengselsbetjenter: – Familien vår blir drapstruet, og vi blir kastet urin på

LES OGSÅ: Satt isolert på seks kvadratmeter i ett år

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger