Hopp til innhold

Dette er den nye rikmannssporten

Skiforbundet er er bekymra for at det skal bli eit klasseskilje i langrennssporten som gjer den til den nye rikmannssporten.

Skiforbundet er er bekymra for at det skal bli eit klasseskilje i langrennssporten som gjer den til den nye rikmannssporten.

Ski. Stavar. Sko. Hovudlykter. Klede. Prepping. Foreldre brukar opp mot 50 000 kroner årleg på tenåringar som vil satse på langrenn.

– Vi er bekymra for at det skal bli eit klasseskilje i langrennssporten, seier utviklingssjef Per Nymoen i Norges Skiforbund.

To par til trening og tre til tevling

Henrik Allum

Henrik Allum håper på å en dag stå på toppen av pallen i OL.

Foto: NRK

I ein garasje i Oslo er 14 år gamle Henrik Allum i gong med dagens økt. Dagens smøreøkt. I hjørnet står ski og stavar samla. Fire og eit halvt av skipara er Henrik sine; to par «steinski» som han brukar før det er godt snødekke, og to par han brukar til trening og konkurranse. Det femte paret er eit konkurransepar han delar med veslebroren sin.

Henrik trenar både langrenn og skiskyting. Om veret tillet det, er han på ski kvar dag.

I garasjen har det også kome på plass ein eigen smørebenk, og her er smøremiddel til både kaldt og varmt føre, skøyteski og langrennsski. Nokre gongar hjelper pappa til, andre gonger smører Henrik åleine. Alt må klaffe skal han få best mogleg gli.

– Det blir berre meir og meir fokus på å ha rett utstyr. Eg har vener som har eldre brør, og då har dei eldre brørne ganske mange par, fortel 14-åringen.

Det er under timen til treninga startar. Hard trening kvar dag – for å bli best.

– Eg vil stå på toppen av pallen i OL. Då er eg nøgd, smiler Henrik.

Får bekymingsmeldingar

Per Nymoen

– Det er eit paradoks at dei som er i verdstoppen i dag ikkje var dei som førte an i utstyrsutviklinga då dei var unge, seier utviklingssjef Per Nymoen i Skiforbundet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er mange born og unge som Henrik, som vil satse på langrennssporten. Rekrutteringa har gått jamnt oppover sidan 2003. Men det er noko anna som også har auka i takt med populariteten; utstyrspresset. Bekymra foreldre og klubbar har kontakta Skiforbundet.

– Vi høyrer bekymring frå fleire kantar av landet for at det skal bli så stort utstyrspress at born ikkje har råd til å vere med. Det er i så fall veldig leit, seier utviklingssjef Per Nymoen.

Då han satsa som 16-åring var det med treski og blå Swix. No er det heilt andre tilstandar.

– Det tek litt av. Det vert brukt for mykje ressursar på mange skipar og dyre preppeprodukt som ikkje står i stil med det nivået bornet er på. Og det er jo eit paradoks at dei som er i verdstoppen i dag ikkje var dei som førte an i utstyrsutviklinga då dei var unge.

Bjørgen: –Måtte klare meg med eitt par

Marit Bjørgen

Marit Bjørgen fekk sitt andre par ski då ho var 13-14 år.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Det var vore diskutert fleire gongar, både i klubbar og i Skiforbundet, om ein skal innføre forbod mot å eige fleire par, eller innføre andre reguleringar. Men ein har konkludert med at eit slikt lovverk vert vanskeleg å overhalde.

– Då eg var 13-14 år, hadde eg kanskje fått mitt andre par ski. Før det måtte eg greie meg med eitt par, som eg brukte både til skøyting og klassisk. Å investere mykje på utstyrssida når ein er tidleg i tenåra, er sløsing, meiner Marit Bjørgen.

Får ikkje alt han peikar på

I garasjen i Oslo er dei klart for å reise på trening. 14 år gamle Henrik har noko nytt skiutstyr, og noko han har arva. Han får ikkje alt han peikar på – og synes det er heilt greit.

– Teknikken er det aller viktigaste. Det, og god form. Det er slik du blir best.

AKTUELT NÅ