Hopp til innhold

Dette betyr kronekollapsen for deg

Tysdag stupte den norske krona i verdi. Det betyr at du i mange tilfelle får mindre for pengane dine. Her kan sjå kva det dramatiske kursfallet betyr for deg og din økonomi.

Fallet i kronekursen påvirker flere sider ved privatøkonomien

Nordmenn vil merka det kraftige kronefallet på fleire måtar framover: både mat, netthandel, grensehandel, utanlandsferiar og kjøp av feriehus i utlandet blir dyrare.

Foto: Colourbox / NRK / Scanpix / Montasje

Den norske valutaen er no på det svakaste sidan starten på 2000-talet.

Ein euro kosta onsdag ettermiddag 9,30 kroner. Dollaren kosta 7,40 kroner og det britiske pundet 11.60 kroner.

Det drastiske kronefallet får umiddelbare konsekvensar for økonomien til Ola Nordmann.

– Ja, dette vil nordmenn merka på ein negativ måte allereie i dag, seier siviløkonom og dagleg leiar i Pengedoktoren Agnes Bergo til NRK.

Slik blir du råka

Pris på en amerikansk dollar fra juni til desember 2014

Forholdet mellom den norske krona og den amerikanske dollaren har endra seg kraftig dei siste seks månadene.

Foto: NRK

For deg som forbrukar betyr det historiske kronefallet nemleg lågare inntektsauke og større kostnader. Du må rekna med å betala meir for:

  • Importvarer som mat, klede og bilar
  • Reiser og opphald i utlandet
  • Kjøp av feriebustad i utlandet
  • Netthandel
  • Grensehandel

Du får også dårlegare avkastning på sparing i norske fond.

Konsekvensane av den svake norske krona er ikkje grunn til panikk, men nordmenn bør no tenkja grundigare over kva dei brukar pengane til, oppmodar Bergo.

– No kjem det gamle ordtaket «å setja tæring etter næring til sin rett». Me går mot tøffare økonomiske tider med lågare lønsvekst og høgare utgifter. Renta er låg no, men før eller sidan vil den gå opp. Ver difor forsiktig med ta opp gjeld. Bruk det du måtte ha til overs til å nedbetala gjeld heller enn til å dra på ein helgetur til utlandet, er siviløkonomen sitt råd.

Dyrare mat, svenskehandel og netthandel

Agnes Bergo

Agnes Bergo er siviløkonom og dagleg leiar i det uavhengige rådgjevingsselskapet Pengedoktoren. Ho tilrår folk å heller betala ned på gjelda si enn å dra på helgeturar til utlandet no som krona er så svak.

Foto: Virre Dahl

Om lag halvparten av den maten me et, blir importert frå utlandet. Norske daglegvarebutikkar må no betala meir for importvarene, som til dømes bananar og anna eksotisk frukt. For ikkje å mista forteneste, blir prisauken velta over på forbrukarane som til sjuande og sist må ta rekninga.

– Klede og bilar blir også dyrare fordi dette er varer som blir produserte i utlandet og fordi valutaen kostar meir når krona er svak, forklarar Bergo i Pengedoktoren.

Sjeføkonom Jan Andreassen i Eika-gruppa vurderer kronefallet som dramatisk og overraskande.

– Eg er overraska, krona er uvanleg svak opp mot dei fleste andre valutaer, seier Andreassen.

Etter kursfallet tysdag, er det heller ikkje store summar å spara på såkalla harry-handel lenger. No er den norske krona nemleg like mykje verd som den svenske.

Også netthandel-entusiastane vil oppleva at ikkje kronene strekk like langt, ettersom du no må betala meir per dollar, euro og pund.

Dyrare med ferie og bustad i utlandet

Å bu på hotell, eta på restaurant og å handla i utlandet kjem dermed til å gå hardare utover nordmenn sine lommebøker no enn før.

– Det er ikkje sikkert det blir dyrare å fly, men det blir dyrare å feriera i utlandet. Det å bu på hotell, eta på restaurant og å handla, opplyser Bergo i Pengedoktoren.

Også den som vurderer å kjøpa seg bustad eller feriehus i utlandet bør tenkja seg om to gonger.

– Dei som har teke opp lån i valuta, til dømes i euro, får no svært mykje høgare låneutgifter. Ein bør aldri ta opp lån i valuta utan at ein samstundes har inntekter i same valuta. Lån i euro er greitt dersom ein leiger ut feriebustaden medan ein ikkje er der sjølv, tilrår Bergo.

– Verst for studentar i utlandet

Norske studentar som tek utdanning i utlandet vil bli spesielt hardt råka av den låge kroneverdien.

– -Studentar er ei gruppe som allereie er i ein sårbar situasjon. Dei har ofte ikkje inntekt, men har store utgifter. Dei får studielånet sitt i norske kroner, og må betala utgiftene sine i utanlandsk valuta. No står det britiske pundet i nesten 12 kroner. Det betyr i praksis at det du får i studiestøtte er mindre verd enn før, fortel Bergo.

Påverkar kronefallet kursen på fond, som mange nordmenn sparar i?

– Ja. Eg vil ikkje tilrå nokon å setja pengar i norske aksjar no, norske fond ligg an til å bli negativt påverka. Vel heller eit globalt fond. I utlandet vart dei hardt råka av finanskrisa, men økonomiane viser no fin vekst og god betring. Det er òg nedgang i arbeidsløysa ute, spesielt blant unge, påpeikar Bergo i Pengedoktoren.

Oljeprisfall og uro i Russland

Økonom Jan Andreassen

Dalande oljeprisar og uro i Russland er hovudårsakene til at krona fell drastisk i verdi, fortel sjeføkonom i Eika-gruppa Jan Andreassen.

Foto: Åserud, Lise / NTB Scanpix

Sjeføkonom Jan Andreassen viser til to uventa hendingar i desember månad som dei viktigaste årsakene til at den norske valutaen tapar seg så kraftig: lågare oljeprisar og uro i Russland.

– Alle investorar som har vore i Noreg på bakgrunn av den gode oljeøkonomien, prøver no å trekkja pengane sine ut. Når alle skal ut samstundes, blir det trongt i døra og stor uro i marknaden. Dermed fell valutakursen langt meir enn det dei fleste hadde rekna med, utdjupar sjeføkonomen.

Den ustabile situasjonen i Russland som følgje av konflikten med Ukraina er også ein viktig faktor.

– Uroa i Russland ser berre ut til å veksa seg større og større. Russland er ein stor økonomi som pregar heile Norden. Det gir kraftige ringverknader, sjølv om Russland er ein liten handelspartnar for Noreg, ifølgje Andreassen.

Han har likevel tru på at krona vil klatra i verdi igjen, men det kan ta lang tid.

– Me trur at om lag halvparten av verdifallet vil bli reversert i løpet av 2015, men likevel vil me bli ståande att med ei krone som er på sitt svakaste nivå på fleire år. Det kan godt gå både vinter og vår før me ser ei styrking av krona.

AKTUELT NÅ