Hopp til innhold

Forskar: Derfor heng gutar av innvandrarforeldre etter på skulen

Gutar av innvandrarforeldre heng etter på skulen samanlikna med jenter i same gruppe. Noko av forklaringa kan vera at det vert stilt for låge forventningar til gutane, seier doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Monika Rosten.

Monika Rosten

Monika Rosten, doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Oslo og Akershus meiner låge forventningar til gutar av innvandrarforeldre kan påverke skuleinnsatsen.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Abinaya Balakumar

Abinaya Balakumar meiner fleire jenter enn gutar har strengare grenser heime.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Det handlar om ein kombinasjon av kva ein har med seg heimanfrå, korleis ein vert møtt på skulen, og kva gutane i vennegjengen forventar av kvarandre, seier Rosten.

Rosten har gjort ein feltstudie blant ungdomar av innvandrarforeldre i Groruddalen i Oslo.

Der kunne ungdommane fortelje om ulike grunnar til kvifor dei ikkje gjer skulearbeid i like stor grad som jentene.

– Gutane er rampete og kan gjere det dei vil

Rosten kjem med eksempel på korleis gutane vert møtt av lærarane når dei byrjar på ungdomsskulen.

Hussein Toufaily

Skule er ikkje veldig populært blant gutane, seier Hussein Toufaily.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Fleire gutar kunne fortelje meg at lærarane tok det for gitt at dei er rampete og at jentene er ordentlege. Dei følar seg dermed definert ut ganske tidleg, og gjer opp fordi dei ikkje har sjanse.

Heime vert det også stilt ulike forventningar til gutar og jenter, seier Rosten. 15-år gamle Abinaya Balakumar ved Groruddalen skule fortel kva dette går ut på.

– Mange jenter har strengare grenser heime, og då veit dei at skule må prioriterast. Gutane har meir fridom og då kan dei gjere litt som dei sjølv vil, fortel Balakumar.

Hamnar i ein vond sirkel

Når ungdomane vel å definere seg ut blir skulearbeid lite poplært i vennegjengen. Det vert forventa i vennegjengen at ein skal vera med å henge og gjere andre ting enn å sitte heime og gjere skulearbeid, seier Rosten.

Hussein Toufaily kunne også fortelje at skuleflinke gutar vert kalla for «nerd».

Tanushan Uthayasingh

Vaksne må ha høgare forventningar til gutane, seier Tanushan Uthayasingh.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Det er ikkje like kult blant gutane å vera skuleflink slik som det er for jentene, seier Toufaily.

Sidan foreldra ikkje forventar av gutane å vera heime i like stor grad som jentene, så vert det enklare for gutane å velje bort skulearbeid, meiner Rosten.

Når verken skule, familie eller venner har særleg høge forventningar til gutane så hamnar dei i ein vond sirkel som det er vanskeleg å koma seg ut av, seier ho.

– Gutane går og heng rundt og får ikkje gjort skulearbeidet sitt. Og det fortsett slik heilt til ein ikkje klarar å hente seg inn igjen, seier Tanushan Uthayasingh, som også er elev ved Groruddalen skule.

AKTUELT NÅ