Hopp til innhold

Brannvesenet: – Å dra med seg ungar ut der, det er ikkje bra

SOGNSVANN (NRK): Oslo brann- og redningsetat åtvarar mot farleg leik på islagde vatn i hovudstaden. – Isen er ikkje trygg, seier dykkeleiar Øyvind Haugerud.

Oslo brann- og redningsetat åtvarer folk mot å gå ut på isen.

VIDEO: Dette kan vere livsfarleg, ifølgje brannvesenet i Oslo. – Å dra med seg ungar ut der, det er ikkje bra, seier dykkeleiar Øyvind Haugerud i Oslo brann- og redningsetat.

Fleire personar vart laurdag observert ute på isen på Sognsvann i Oslo. Det kan vere livsfarleg, ifølgje brannvesenet.

– Vi vil åtvare folk mot å gå utpå. Det er seint i sesongen og det byrjar å bli skummelt, seier vaktleiar Stig Henning Duaas på 110-sentralen i Oslo.

– Dykkarbilen vår såg overvatn på Sognsvann for nokre dagar sidan, og dykkeleiaren på Sagene brannstasjon seier han sjølv aldri i verda ville gått ut der, seier Duaas.

  • LES OGSÅ:

Tok med seg unge på isen

Medan NRK var på Sognsvann laurdag ettermiddag, kom nettopp dykkebilen frå Sagene brannstasjon for å sjekke isen. Sjefen om bord, dykkeleiar og brannkonstabel Øyvind Haugerud, kunne sei det sjølv – med eigne ord:

– Eg hadde ikkje gått utpå der.

I det brannvesenet undersøkte isen, var det fleire som gjekk utpå, mellom anna ein liten unge.

– Å dra med seg ungar ut der, det er ikkje bra, slår Haugerud fast.

– Skal du utpå isen må du ha med deg isborar og -piggar – og tørre kler. Har du det, kan du gå på isen, for då kjem du deg opp igjen og får skifta til tørre kler.

– Isen er trygg ut for oss

Ein vennegjeng frå Tyskland var blant mange som var dristige nok til å gå utpå det islagde vatnet på Sognsvann.

Kai Schewe

Kai Schewe frå Tyskland meiner isen er trygg nok, sjølv om rådet frå brannvesenet seier det motsette.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Isen er trygg nok for oss, så vi får håpe det går bra, seier Kai Schewe til NRK.

– Kva gjer dykk dersom nokon går gjennom isen?

– Forhåpentlegvis klarer vi å hjelpe opp den som har gått gjennom. Vi er fire personar, så det går nok greitt. Vi er sterke, seier Schewe.

– Brannvesenet seier det ikkje er trygt. Kva tenkjer du om det?

– Det har vi ikkje høyrt noko om. Hadde vi visst det, hadde vi ikkje gått utpå. Men vi har vore ganske forsiktige frå starten av. Eg forstår at det kan vere farleg for små ungar, men eg trur det går greitt med oss vaksne, seier han.

Så langt i påska har redningsdykkarane i Oslo brann- og redningsetat sloppe å rykkje ut fordi nokon har gått gjennom isen, men laurdag måtte brannvesenet i Asker og Bæreum redde ein hund som hadde gått gjennom eit islagt vatn.

AKTUELT NÅ