Hopp til innhold

Biskopane refsar regjeringa for barnereturar

Eit samla bispemøte krev at regjeringa stoppar tvangsutsendingane av born som har vore lenge i Noreg.

Helga Byfuglien

- Me ventar at styresmaktene lyttar til vår appell, seier preses Helga Haugland Byfuglien til NRK.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Regjeringa må ikkje senda borna ut av landet med tvang før eit nytt regelverk er på plass, meiner alle dei 12 biskopane i Den norske kyrkja.

I september sende Politiet si utlendingseining (PU) ut 106 born – dobbelt så mange som tidlegare månader. Mange av desse borna hadde budd her i 4–5 år og hadde sterk tilknyting til Noreg, ifølgje Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar (Noas).

Nyleg blei ein familie på seks i Kristiansand henta av politiet og nesten sendt heim til Jemen etter å ha budd seks år i Noreg. Saka blei utsett i siste liten.

Biskopane meiner denne utsendingspraksisen er uakseptabel og må stoppast. Det er eit minstekrav at alle familiar med lengeverande born må få ei oppdatert vurdering av saka si i lys av omsynet til barnet sitt beste.

Appell frå Den norske kyrkja sitt Bispemøte

Biskopane har denne veka diskutert temaet under ei samling i Oslo. I ein felles appell til regjeringa kallar Bispemøtet dagens praksis urovekkjande og uakseptabel.

Alder, språk og vener blir viktig

– Det er ikkje akseptabelt at ein aukar heimsendingane før me får den regelendringa som er blitt lova. Det er dokumentert ein auke og det meiner me fordrar at regjeringa stoppar tilbakesendingane, seier preses Helga Haugland Byfuglien til NRK.

Det var i fjor haust at mindretalsregjeringa inngjekk ein samarbeidsavtale med Venstre og KrF der dei blant anna blei samde om å innføra ei varig ordning som sikrar at barnet sitt beste blir vektlagt meir enn i dag.

No har Justisdepartementet sitt forslag til endring i utlendingsforskrifta vore ute på høyring, og det er uvisst kva tid endringa trer i kraft.

Forslaget går ut på å konkretisera kva slags moment som veg tungt i vurderinga av kor sterkt barnet er knyta til Noreg. Åtte punkt blir framheva som viktige:

  • Alder: går barnet på skule i Noreg?
  • Behov for stabilitet: har barnet vore gjennom fleire oppbrot i tilværa?
  • Opphaldstid: har barnet vore her lenge?
  • Språk: snakkar barnet norsk?
  • Psykisk og fysisk helsesituasjon
  • Vener og nærmiljø
  • Omsorgssituasjon: kan foreldra gje barnet omsorg ved retur?
  • Menneskerettsleg situasjon i heimlandet: sosiale og/eller humanitære forhold
Eit samla bispemøte skriv i ein appell til regjeringa at det er urovekkjande og uakseptabelt at dei sender ut rekordmange asylborn medan me ventar på eit nytt regelverk.

SJÅ VIDEO: Biskopane krev stans i heimsendinga av asylborn som har vore lenge i Noreg.

Krev fortgang

Biskopane trur at fleire av dei utanlandske borna som styresmaktene no sender ut, ville fått bli dersom dei hadde fått vurdert saka si etter dei nye reglane.

– Me har sett mange tilfelle der me meiner at det ikkje har blitt teke godt nok omsyn til borna sin situasjon, seier biskopen i Sør-Hålogaland Tor Berger Jørgensen.

No vil Jørgensen og dei andre biskopane ha returstans og fortgang i arbeidet med nytt regelverk.

– Me ventar at dei set fart i å få desse regelendringane utarbeidde og i verknad. Me ventar også at styresmaktene lyttar til vår appell, seier preses Byfuglien.

– Dagens reglar som gjeld

Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen vil ikkje setja barnereturar på vent fram til den varsla regelendringa i utlendingslova er på plass.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Justisminister Anders Anundsen (Frp) svarar at det er dagens reglar som gjeld fram til dei nye kjem på plass.

Anundsen avviser også at det har vore ei politisk føring på å senda ut lengeverande born.

– Tvert imot. Me skal ha ei effektiv utsending av dei som ikkje har lov til å vera her. Dette er personar som har fått sakene sine handsama og fått endeleg avslag, seier statsråden.

SV tok også til orde for umiddelbar stans i retur av asylborn måndag førre veke.

Samstundes forsikra statsminister Erna Solberg (H) under trontaledebatten om at regjeringa aktar å følgja samarbeidsavtalen om innvandringspolitikken som Høgre og Frp inngjekk med KrF og Venstre i fjor.

– Me skal leggja vekt på avtalen me har og me jobbar på spreng for å få på plass den varige ordninga, sa Solberg

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger