Hopp til innhold

Berre 4 av 10 er trygge på livreddande førstehjelp

Ferske tal frå Røde Kors viser at berre fire av ti seier at dei heilt sikkert vil hjelpe til dersom nokon vert skadde eller akutt sjuke. Mange er redde for å gjere situasjonen verre.

Seksjonsleder for Beredskap, Trude Marie Nilsen i Røde Kors

HJARTE-LUNGE-REDNING: Fungerande avdelingsleiar for beredskap, Trude Marie Nilsen i Røde Kors, demonstrerer korleis ein skal utføre brystkompresjon.

Foto: Katrine Nybø / NRK

  • Prøv Røde Kors sin førstehjelpsquiz nederst i artikkelen

– Viljen til å hjelpe er stor, men 55 prosent av dei spurte har utdatert kunnskap om livreddande førstehjelp, fortel Trude Marie Nilsen, som er fungerande avdelingsleiar for beredskap i Røde Kors.

Ho demonstrerer livreddande førstehjelp på den førebels livlause dokka som ligg på golvet. 30 brystkompresjonar, to innblåsingar. Slik skal ein halde på heilt til ambulansen er på plass.

– Det handlar rett og slett om å kunne å redde liv, for oss er det viktig, seier Nilsen.

Fire av ti er usikre på førstehjelp

Seksjonsleder for Beredskap i Røde Kors, Trude Marie Nilsen

Trude Marie Nilsen i Røde Kors oppmodar alle til å friske opp førstehjelpskunnskapane kvart tredje år.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Kun 39 prosent av dei spurte i undersøkinga til Røde Kors ville heilt sikkert ha hjelpt til dersom dei kom over ein livlaus person. Fleire av dei spurte er redde for å forverre tilstanden til den skadde dersom dei gjer feil.

Men når ein er livlaus er det ikkje mogeleg å forverre, seier Nilsen.

– Her er det ikkje mogeleg å gjere noko verre enn det situasjonen alt er, seier ho.

Røde Kors vil at regjeringa skal sette krav til at alle arbeidsgivarar skal gjennomføre obligatorisk førstehjelpskurs for alle tilsette. Dei ønsker også at førstehjelp skal bli ein del av den obligatoriske opplæringsplanen i grunnskulen.

Opplæring i førstehjelp

Prøv å få kontakt, sjekk om personen pustar. Ring 113. Start med 30 hjartekompresjonar, deretter to innblåsingar.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Vi ser og erfarer at mykje av det som ungdommen kan i dag. Det er noko dei har starta med å lære alt i barnehagen. Vi ser også behovet for å ta inn førstehjelp som obligatorisk undervisning i grunnskulen og på arbeidsplassen, seier Nilsen.

– Kjenner meg ikkje kvalifisert nok

Nokre menn sit på ei uteservering i Oslo sentrum. Ein prat med dei om deira førstehjelpskunnskapar stadfestar mykje av det Røde Kors har funne ut i si undersøking.

– Eg kunne nok ha hjelp til litt, med å sjekke luftvegar og puls. Men aller først ringt etter hjelp, seier ein av dei.

Førstehjelpsapp Røde Kors

Alle kan laste ned Røde Kors' førstehjelpsapp, som ein kan bruke dersom ein vil lære, eller hamnar i ein akuttsituasjon.

Foto: Skjermdump

– Eg er nok ikkje kvalifisert nok til å utføre hjartekompresjon. Eg anar ikkje kor mange eg skulle gjort og korleis eg gjer det, seier den andre.

– Vi har lært hjarte- og lungekompresjon. Men det er jo slik at dersom ein ikkje øver på det jamleg, så gløymer ein fort det ein har lært, seier den tredje.

Førstehjelp er «ferskvare»

– Førstehjelp er eit tema for forsking, og forskinga kjem stadig vekk med nye og betre metodar for å redde liv. Så her er det viktig at vi er oppdaterte på gode metodar for å redde liv, seier Nilsen.

Ho meiner at dersom alle i Noreg kunne sikre frie luftvegar, ville fleire liv ha blitt berga.

Dame med hjertestans
Foto: Colourbox
  • OPPDATERING: Mange har spurt om råda som gjeld ved drukning. I 2010 oppdaterte Norsk Resuscitasjonsråd retningslinene sine for korleis Hjarte-Lunge-Redning skal utførast ved ulike ulukkar. Her kan du laste ned råda: Retningslinjer for Basal Hjerte-Lunge-Redning

Ta Røde Kors sin førstehjelps-quiz!

AKTUELT NÅ