Hopp til innhold

Barneombodet talar Paven midt imot

Barneombodet krev at katolske leiarar i Noreg tek klart avstand frå all barnevald, etter at Pave Frans før helga gjekk god for «klasking» av born.

Paven kyssar ei statue av Jesusbarnet under midnattsmessa

Barneombod Anne Lindboe reagerer med avsky på Pave Frans sine positive utsegn om 'klasking'. Vatikanet sitt pressekontor seier til The Guardian at paven har blitt misforstått og at han snakka om «å hjelpa nokon til å veksa og modnast» – ikkje om å vera valdeleg mot born.

Foto: MAX ROSSI / Beate Riiser / Reuters / NRK

Pave Frans er kåra til Årets Person 2013

Pave Frans er ein mektig person i katolske delar av verda. I 2013 blei han kåra til 'Årets person' av amerikanske Time Magazine, blant anna for å 'forplikta den største kyrkja i verda til å konfrontera sine største behov og for å ha balansert dom opp mot mildskap'.

Foto: Ap

– Oppdragarvald mot born er skadeleg. Det er svært viktig at alle religiøse leiarar, inklusiv eit så stort førebilete for mange som paven, tek tydeleg avstand frå alle former for vald mot born, seier barneombod Anne Lindboe.

Det var førre veke at paven delte ei historie som vekkjer harme fleire stader i verda, ifølgje avisa The Guardian.

– Ein gong høyrde eg ein far seia at «eg må nokon gonger klaska borna mine litt, men eg gjer det aldri i andletet slik at dei blir audmjuka».

Paven fortsette med å dela si eiga reaksjon på dette:

– Så vakkert, tenkte eg. Faren veit betydinga av verdigheit. Han må straffa borna sine, men gjer det på ein rettferdig måte og får saka ut av verda.

Krev svar frå biskopen i Noreg

Bernt Eidsvig

Barneombodet ber biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme om å ta klart avstand mot barnevald – også som eit ledd i oppdraginga.

Foto: NRK

Ifølgje norsk lov er det ikkje lov å slå barn, uavhengig av om ein kallar det klasking, tukt, juling eller bank.

– Når leiaren for katolikkane seier at han synest det er noko vakkert med vald mot barn, så ventar eg at biskopen tek klar avstand frå det og oppfordrar sine medlemmer til å respektera norsk lov, seier Lindboe til NRK.

Barneombodet sende måndag eit brev til Bernt Eidsvig, biskopen for dei tretten sørlegaste fylka i Noreg. I brevet ber ho om ei klargjering av Eidsvig sitt standpunkt til vald mot born.

Her kan du lesa heile brevet frå Barneombodet til biskopen

Til NRK stadfestar biskopen at han støttar norsk lov.

– Me skal ikkje slå born uansett kva nemning ein brukar for fysisk avstraffing. Eg trur dette har med kultur å gjera, ikkje religion. Det er ikkje meir enn 30 år sidan det var tillate å slå born i Noreg. Framskritta er vel ikkje like store verda over, seier Eidsvig.

– Norske lovar over bibelen

Det er ikkje berre paven som provoserer Lindboe. Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband, ein av dei største kristne organisasjonane i landet, sa nyleg til avisa Vårt Land at han meiner norsk lov er «vel streng» i sitt forbod mot fysisk avstraffing av born.

– Barnekonvensjonen og norsk lov seier eit krystallklart nei til all vald mot born. Då hjelper det ikkje kva som måtte stå i bibelen, understrekar barneombodet.

Også Kulturdepartementet kan no venta seg eit brev frå barneombodet, med spørsmål om korleis det sikrar at alle trussamfunn følgjer norsk lov – også barnelova.

AKTUELT NÅ