Hopp til innhold

Ap-Støre: – Det er lenge til 1. august

– Eg håpar det er gode grunnar til at regjeringa ventar så lenge med å sende skip til Middelhavet, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

– Eg håpar det er gode grunnar til at regjeringa ventar så lenge med å sende skip til Middelhavet, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

FOR LENGE: – Tre månader er lenge. I alle fall for Noreg som er eit land med mange fartøy, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Statsminister Erna Solberg (H) stadfesta i ettermiddag at Noreg vil sende eit sivilt skip til Middelhavet. Det europeiske grensekontrollbyrået Frontex har bede Noreg om hjelp frå 1. august – altså om tre månader.

Det er for lenge til, meiner Støre.

– Tre månader er lenge. I alle fall for Noreg som er eit land med mange fartøy. Situasjonen i Middelhavet er akutt og prekær akkurat no, så eg håpar at skipet er på plass før 1. august, seier Støre til NRK.

– Omsider

Støre meiner flyktningkatastrofen i Middelhavet er ei «stor samtidstragedie».

– Det er ei katastrofe når hundrevis av menneske druknar kvar einaste veke. Eg er glad for at Noreg i dag, omsider, har kome på bana med å love eit bidrag, seier Støre.

Statsministerens kontor sendte i ettermiddag ut ei pressemelding der dei stadfesta bidraget frå Noreg: «Regjeringen har besluttet at Norge skal delta med et skip i operasjonen Triton. Et sivilt skip skal være på plass fra rundt 1. august, eller tidligere».

– Eg håpar veldig sterkt at det blir før 1. august. Men uansett – det er i alle fall eit bidrag frå sjøfartsnasjonen Noreg, seier Støre.

– Bør bidra meir

Ap-leiaren meiner det er eit klokt val å sende eit sivilt skip. Men han meiner vi må bidra meir.

– Eg håpar også at vi kan bidra med anna type støtte inntil skipet er på plass. Vi må bidra i ein situasjon som er akutt akkurat no, seier Støre.

Med kva då?

– Utstyr. Redningsutstyr. Og med kompetanse frå vår redningsteneste.

En båt med flere flyktninger gikk på grunn like ute for en gresk øy. Minst tre stykker er meldt omkommet.

AKTUELT NÅ