Justisministeren tok sjølv ordet etter å ha fått hard medfart frå opposisjonen under handsaminga av mistillitsforslaget mot han på Stortinget tysdag.
– Eg tek kritikken svært alvorleg. Eg tek ansvar for alt som skjer i mitt departement og i underliggande etatar, sa Anundsen.
– Feil at asylbarn skulle skjermast
Det er dei raudgrøne opposisjonspartia som har fremja mistillitsforslag mot statsråden på bakgrunn av hans handtering av den såkalla asylbarnsaka (sjå faktaboks nedst i saka).
Anundsen understreka i sin «forsvarstale» at det aldri har vore snakk om å skjerma lengeverande asylbarn frå å bli sende ut av Noreg, men at dei ikkje lenger skulle prioriterast ved utsending.
Det var denne endringa som Politidirektoratet aldri sende vidare til Politiet si utlendingseining (PU) og politidistrikta.
Statsråden tek sjølvkritikk på at han kunne og burde ha gjort mykje annleis i saka.
Han er likevel usamd i korleis fleire i opposisjonen har tolka fakta i saka og avviser påstandar om at han har villeidd Stortinget, ein påstand som blei gjenteken av SVs Bård Vegar Solhjell tysdag.
– Det er å trekkja det for langt, sa Anundsen.
– Eg meiner ikkje at eg har brote opplysingsplikta i grunnlova, la statsråden til.
Ifølgje Anundsen var det først under kontrollhøyringa i februar i år at han blei klar over at politiet faktisk ikkje hadde forstått ordren om at lengeverande asylbarn ikkje skulle prioriterast.
Både Jonas Gahr Støre og Martin Kolberg (Ap) gav uttrykk for at dei fekk større tiltru til Anundsen etter å ha høyrt innlegget hans tysdag, men står fast ved at partiet ikkje lenger har tillit til justisministeren.
– Når me stiller spørsmål i Stortinget, må me kunne forventa at statsråden gjer det han kan får å kasta lys over fakta i saka, noko han gjorde i sitt lange innlegg i dag. Tidlegare har me opplevd ein statsråd som gjer det han kan for avgrensa svara sine og direkte feilinformera, sa Støre.
- LES OGSÅ: Tung skyts mot Anundsen fra Ap og SV