Hopp til innhold

Anundsen om Krekar: – Litt lei meg

På søndag flyttar mulla Krekar ut av fengselet og tilbake til Oslo som ein fri mann. Justisminister Anders Anundsen (Frp) skulle helst hatt mullaen ut av landet, men står fast ved at regjeringa ikkje har utøvd politisk press i Krekar-saka.

Anders Anundsen sier om siste utvikling i Krekar-saken at vi i dag ser et rettssystem som faktisk fungerer og at det er bra at man har er mulighet for domstolsprøving

Justisminister Anders Anundsen (Frp) avviser kritikken han har fått frå jusekspertar som meiner departementet har instruert politiet i Krekar-saka.

Framstegspartiet gjekk til val på at Krekar må sendast ut av landet, eller i det minste setjast i forvaring.

I dag sit Frp med makta og det er klart at mulla Krekar får lov til å reisa heim til familien i Oslo på ubestemt tid når han søndag slepp ut frå fengselet i Kongsvinger.

Er du litt lei deg i dag?

– På ein måte, så kan du seia det. Me hadde jo ønska at me skulle fått uttransportert personar som er ein trugsel mot tryggleiken i riket og som er her berre fordi me ikkje har klart å returnera dei. Eg hadde håpa at me hadde koma lenger med utleveringsavtalar i ein del saker, svarar Anundsen.

Regjeringa får på pukkelen

Fleire jusekspertar har retta krass kritikk mot avgjerda om å tvangsflytta mulla Krekar til den vesle bygda Kyrksæterøra, halvannan times køyring utanfor Trondheim.

Det er politiet som har fatta vedtaket, men det er regjeringa som får på pukkelen for å ha innført ein ny instruks som opnar for å krevja meldeplikt og bestemt opphaldsstad for ein utlending som ikkje har opphaldsløyve men som heller ikkje kan utvisast.

Ifølgje kritikarane har regjeringa med dette trossa rettsstaten og lagt føringar for kva som skal skje med Krekar. Det meiner også Krekar sin advokat Brynjar Meling, som no har sendt ein klage på flyttevedtaket til Oslo tingrett.

Justisministeren meiner på si side at instruksen står støtt, innanfor rammene av grunnlova og menneskerettane.

– Det er ikkje uvanleg at ulike juristar har ulike oppfatningar av juridiske spørsmål. Det vil no bli prøvd for domstolen, så får me sjå om den kjem til same konklusjon som oss. Eg meiner at det er innanfor og det er difor me har gitt instruksen, seier Anundsen.

Avviser spesialinstruks for Krekar

Justisministeren har tidlegare forsvart instruksen med at den gjeld «ei handfull personar» i Noreg, og dermed ikkje er mynta på Krekar som enkeltperson.

Politidirektoratet seier derimot til NRK at dei per i dag ikkje kjenner til andre ikkje-returnerbare asylsøkjarar som ut ifrå trygginsgvurderingar er aktuelle for den same ordninga som Krekar.

Politimester Hans Sverre Sjøvold

Politimeisteren i Oslo politidistrikt Hans Sverre Sjøvold avviser at dei har blitt utsett for politisk press i Krekar-saka.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Frp-statsråd Anundsen står likevel fast ved at instruksen ikkje blei spesiallaga for Krekar.

– At me gir instruks i enkeltsak er heilt fullstendig feil. Dette er ein generell instruks som vil gjelda alle med same utvisingsgrunnlag som Krekar, seier Anundsen.

Også politimeisteren i Oslo politidistrikt Hans Sverre Sjøvold avviser at Krekar-vedtaket kom som eit resultat av politisk press.

– Me meiner at det er grunn til å fatta dette vedtaket og har gjort det på eit sjølvstendig grunnlag, seier han.

AKTUELT NÅ