Hopp til innhold

"Skrue" kan få dusør-millionar

Politiet inngjekk ein avtale med mannen som blir omtalt som høgrehanda til David Toska for å få igjen dei stolne måleria «Skrik» og «Madonna». No kan han få utbetalt fire millionar.

Munch-ranet

Skrik og Madonna vart stolne 22. august 2004.

Foto: Arkivfoto / Scanpix

Det går fram av eit hemmeleg dokument som TV 2 har fått tilgang til.

Sist veke melde nrk.no at Munchran-tiltalte Bjørn Hoen sa i retten at ein venn av David Toska leverte «Skrik» og «Madonna» tilbake til politiet.

Han sa at han hadde lest den hemmelege avtalen med politiet.

Million-utbetaling

TV 2 melder at dei har sett bilag som beviser at Oslo kommune har overført fire millionar kroner til politiet, slik at det kan utbetalast dusør.

David Toskas høgre hand blir kalla «Skrue» i det kriminelle miljøet. Han kan no få utbetalt dei fire millionar dusørkronene, etter avtalen mellom Toska og politiet.

Avtale med kriminelle

«Skrik» og «Madonna» kom til rette to år etter at dei vart stolne 22. august 2004. Det skjedde etter at politiet hadde inngått ein avtale med kriminelle for å få bileta tilbake.

Politiet skal ha halde avtalen hemmeleg av frykt for liv og helse til eigne tenestemenn.

Opplysningane kjem fram i eit dokument som er forfatta av advokat Geir Moldegård-Eriksen. Han vart oppnemnd som anonym forsvarar då Høgsterett skulle avgjere om dei tiltalte i Munch-saka skulle få sjå avtalen som førde til at bileta kom til rette.

AKTUELT NÅ