Hopp til innhold

– Viktig FN-vedtak om klimaovervaking

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) rosar ein ny FN-resolusjon som oppmodar til auka samarbeid om jordobservasjon. – Dette gir betre global klimaovervaking, seier han.

Statens kartverkt sitt observatorium i Ny-Ålesund

Observatoriet i Ny-Ålesund står sentralt i det internasjonale samarbeidet om jordobservasjon.

Foto: Statens Kartverk

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Jan Tore Sanner meiner resolusjonen i FNs hovudforsamling i ettermiddag norsk tid, er svært viktig.

– Vi treng meir fakta om jordkloden for å måle og handtere klimaendringane. På dette feltet er det internasjonale samarbeidet avgjerande, seier statsråden.

FN-resolusjonen oppmodar til auka samarbeid om nøyaktige jordobservasjonar gjennom eit nettverk av stasjonar som overvakar endringar i storleiken på jorda, rotasjon og overflate.

Pressemeldinga frå FN

FN-side om prosjektet

Global referanseramme

Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderninseringsminister Jan Tore Sanner (H)

Foto: Silje Kolaas

Det er øystaten Fiji i Stillehavet som har fremja resolusjonsteksten. Fijis engasjement skuldast at framtida og økonomien til landet er svært sårbare for konsekvensane av klimaendringane, spesielt auken i havnivået.

Australia og Noreg leier arbeidsgruppa som har utarbeidd grunnlaget for resolusjonen, og den norske representanten er Anne Jørgensen frå Kartverket. Kartverket er ansvarleg instans for overvaking av jordas form og storleik (geodesi) og den geodetiske referanseramma.

Målet med resolusjonen er å utvikle ein meir nøyaktig global referanseramme for å få eit betre utgangspunkt for måling og overvaking av jorda. Denne informasjonen blir blant anna brukt til GPS i mobiltelefonar og styring av flytrafikken.

LES OGSÅ: Nytt jordobservatorium i Ny-Ålesund

LES OGSÅ: Klimadata på fiber frå Arktis

Observatorium på Ny-Ålesund

– Noreg har alt ein viktig posisjon i internasjonale klimaforhandlingar og i klimaforskinga. Vi har svært viktig kunnskap å bidra med i dette samarbeidet, seier han.

Sanner var sjølv i Ny-Ålesund på Svalbard i oktober 2014, der han slo ned grunnpælen for Kartverkets nye jordobservatorium. Han var imponert over den norske innsatsen.

– Data som blir samla inn i Ny-Ålesund er ikkje berre viktige for klimaforskarar over heile verda. Dei er også heilt avgjerande for at vi har nøyaktige data GPS-data. Dette observatoriet skal operere i eit globalt nettverk og for ei nøkkelrolle i det internasjonale samarbeidet om jordobservasjon, seier Sanner.

LES OGSÅ: Norsk satellitt skutt ut i verdensrommet

– Nødvendig med samarbeid

Han minner om at observatorium over heile verda samarbeider i eit nettverk om eit felles utgangspunkt for lenge- og breiddegrader, pluss overvaking av havnivået og jordskjelvområde. Ingen land kan gjere dette åleine, seier han.

– Det er berre mogleg å få nøyaktige målingar på globale endringar dersom mange land samarbeider. Det er viktig for verdssamfunnet at FN har sett dette arbeidet på dagsorden, avsluttar statsråden.

LES OGSÅ: Budsjettet: Nytt observatorium i Ny-Ålesund

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger