Hopp til innhold

– Vi skulle gjerne ha fått eit betre resultat

Statsminister Erna Solberg (H) hadde ønska seg eit betre skuleval for Høgre, men seier dei no skal gjere det dei kan for å slost for veljarane til kommunevalet.

Erna Solberg

ØNSKA MEIR: Statsminister Erna Solberg (H) gjer seg no klar til å kempe for veljarane til kommunevalet etter at skulevalet vart klart. Høgre gjekk tilbake frå 28 prosentpoeng til 16,4 poeng.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

– Det går generelt mot eit dårlegare skuleval enn sist gang, men då var det valet det desidert beste skulevalet for Høgre nokosinne, seier statsminister Erna Solberg frå Høgre etter at resultatet for skulevalet vart klart tysdag kveld.

Erna: Vi ønska oss eit betre valresultat

Arbeidarpartiet er skulevalets klare vinnar med ein framgang på 8,9 prosentpoeng til 31,9 prosent.

Høgre fell frå 28,2 til 16,4 prosentpoeng og Frp går også ned med 5,1 prosentpoeng til 10,5 prosent.

Trass i at statsministeren var ved godt mot då ho snakka med ungdomane etter at resultatet kom tysdag kveld, vedgår Solberg at dei ønska seg eit betre resultat på valet enn det dei fekk.

– Vi skulle ønska oss eit betre skuleval, og meiningsmålingane har vel vore litt høgare. Men no skal vi brette opp ermene, slost for veljarane og få flest mogleg ned frå gjerdet og få dei til å gå å stemme, seier Solberg.

– Ap med appell til ungdomen

I Bergen, der statministen kjem frå, har det vore mykje turbulens kring ordførar Trude Drevland.

No er ho ute i permisjon medan ho vert politietterforska. Men statsministeren trur ikkje resultatet i valet har noko med Drevland å gjere.

– Eg trur ikkje at det har noko med denne saka å gjere. Slik landsresultatet vårt ser ut er det ikkje nokon grunn å spekulere i om Trude Drevland har noko med skulevalet å gjere.

– Arbeidarpartiet gjer eit godt val, det same gjer Miljøpartiet dei grøne, kvifor gjer dei det trur du?

– Det kan forklarast med at dei har appell på sine saker til ungdom. Det er ofte det som er bakgrunnen for at ein går fram i eit skuleval. Vi sit med ansvaret no, og då vert vi kanskje litt kjedelegare enn det vi har vore når vi har vore i opposisjon. Men det er eit litt lågare resultat for Arbeidarpartiet enn det kunne sjå ut som det kom til å bli før sommaren, seier Solberg.

– Frp går også tilbake, har det vore lurt å sitje i regjering med dei?

– Det viktigaste med å sitje i regjering er den politikken vi gjennomfører, og vi bygger Norge sterkare kvar einaste dag.

I Bergen fall Høgre med 16,8 prosentpoeng til 18,4 prosent i skulevalet.

Høgre taper hos sine eigne

Jenny Clemet von Tetzschner

SKUFFA: Jenny Clemet von Tetzschner,leiar for Oslo Unge Høgre, er skuffa over resultatet av skulevalet i Oslo.

Foto: Markus Mjaaland

Venstresida går kraftig fram, og om skulevalet hadde fått bestemme, ville Arbeidarpartiet fått ein oppslutnad mykje betre enn dei venta.

Dei er det desidert største partiet i Bergen ved skulevalet med 33,4 prosent, noko som er 4,7 prosentpoeng fram.

I Oslo taper Høgre oppslutnad på alle dei vidaregåande skulane, bortsett frå ved Holtet og Kongshavn vidaregåande skular. Også på skular dei tradisjonelt har stått sterkt, går partiet tilbake i skulevalet. Som på Ullern der dei mista mange stemmer, og gjekk frå 56,7 prosent til 35 prosent, Ved Perbråten går Høgre frå 55,5 prosent til 37,5 prosent oppslutnad.

– Vi synest det er skuffande å ikkje få så gode resultat, seier Jenny Clemet von Tetzschner, leiar for Oslo Unge Høgre.

Ved stortingsvalet i 20089 stemte 56,2 prosent av førstegongsveljaren Og sjølv om det er ei auke i talet på ungdom som deltek i valet, ligg dei framleis bak resten av det norske folket. 78,2 prosent deltok ved valet i 2013.

AKTUELT NÅ