Hopp til innhold

– Vi let oss ikkje presse

– Denne regjeringa let seg ikkje presse av Ryanair når det gjeld ei avgift den norske nasjonalforsamlinga har vedteke, og som i prinsippet går på det grøne skiftet, skriv statsminister Erna Solberg på Facebook-sida si.

Statsminister Erna Solberg bak spakene i Forsvarets Orion-fly på vei fra Andøya til Bodø

På Facebook-sida si kommenterte statsminister Erna Solberg nedlegginga av Moss Lufthavn Rygge. Her fotografert bak spakane i Forsvaret sitt Orion-fly på veg frå Andøya til Bodø.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

I kveld blei det kjent at i Moss Lufthavn Rygge blir lagt ned. Det har styret ved flyplassen bestemt.

På Facebook-sida presiserer statsministeren at ingen norske flyplassar blir lagt ned på grunn av ei avgift på flyreiser.

– I dette konkrete tilfellet dreier det seg om at Ryanair ikkje ønskjer å nytte seg av lufthamna på Rygge, angivelig på grunn av den nye avgifta – ei avgift som dessutan ikkje ser ut til å hindre Ryanair i å fly til andre flyplassar i Norge, skriv Solberg.

Og ho stoppar ikkje der.

– Det er beklageleg at den aktuelle lufthamna synes å vere såpass avhengig av ein enkeltaktør, som ved gjentatte høve har vist seg å utøve press mot styresmakter, politikk og forvaltning rundt omkring i Europa for å sleppe unna skattar og avgifter.

Erna Solberg om Ryanair

Statsminister Erna Solberg kommenterte nedlegginga av Rygge flyplass på Facebook.

Foto: Skjermdump Facebook

Opnar for omkamp

Medan statsminister Erna Solberg er krystallklar på at regjeringa ikkje vil la seg presse av Ryan Air, vil Kristeleg Folkeparti gjere det til ei sak i dei reviderte forhandlingane til statsbudsjettet.

Hjemdal

Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal opnar for omkamp.

Foto: Gunnhild Sørås

– Eg beklagar det vedtaket som styret i Rygge sivile lufthamn har gjort, seier stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal til NTB.

Ho fortel at ho dagleg pendlar forbi flyplassen på Rygge, og føler med dei som kan miste jobben.

– Eg vil ikkje sjå bort frå at styrevedtaket kan bli tema i forhandlingane. KrF har tatt på alvor det som er kome fram i høyringa om avgifta. Vi har fått konsekvensane, og då må vi lytte og gjere endringar. Men det er også slik at alle avtalepartnarane må vere einige.

Ryan Air orienterte finansminister Siv Jensen

Ryan Air vil ikkje kommentere at flyplassen no vert lagt ned. Kommunikasjonsrådgjevar Hans-Jørgen Elnæs seier til NRK at selskapet har sagt det dei vil sei om saka til norsk presse.

– Vi har ingen kommentarar til dette. Vi har synleggjort vårt standpunkt overfor media i Norge tidlegare, og utover det har vi ingenting å legge til, seier Elnæs til NRK.

Like før jul i fjor besøkte han finansminister Siv Jensen saman med kommersiell direktør i Ryan Air, David O'Brien. Då varsla selskapet at dei ville legge ned basen og halvere trafikken til Rygge om det ikkje vart endring i den planlagde flyseteavgifta.

Katastrofe

Geir Pollestad

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), meiner utviklinga på Rygge er katastrofal.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det er ein katastrofe for Moss-regionen og Østfold at rundt tusen menneske kan miste jobben som ein konsekvens av at regjeringa har valt å gjennomføre flypassasjeravgifta, trass i at dei har vore klare over konsekvensane, seier Geir Pollestad (Sp).

Han er leiar i næringskomiteen på Stortinget og sterkt kritisk til avgifta regjeringa og samarbeidspartia nå innfører.

Også Orkla, som eig 40 prosent av Rygge sivile lufthamn, beklagar utviklinga til flyplassen, skriv NTB.

AKTUELT NÅ