Hopp til innhold

– Tryggare å stå fram som overgrepsoffer på Twitter

– Eit offentleg oppgjer med skamma, seier komikar og overgrepsoffer Shabana Rehman om Twitter-farsotten #jegharopplevd. Men psykolog Kari Lossius ber kvinner tenkja seg godt om før dei deler overgrepshistorier på nett.

Shabana Rehman støttar Twitter-kampanjen #jegharopplevd

Samfunnsdebattanten og komikaren Shabana Rehman har sjølv stått fram som offer for vald og overgrep. Ho støttar Twitter-kampanjen #jegharopplevd og meiner det er viktig å dela for å ta livet av kvardagssexismen.

Foto: Skjermdump / NRK

Komikaren og samfunnsdebattanten Shabana Rehman er ein av bidragsytarane til den nye Twitter-kampanjen #jegharopplevd, der folk deler erfaringar med overgrep og seksuell trakassering. Emneknaggen har fått over 13.000 innlegg på tre dagar.

– Eg støttar den. Kampanjen er eit offentleg oppgjer med skamma og understrekar at det er dei som forgrip seg og ikkje offeret som skal skamma seg, seier Rehman.

– Fjernar skamma

Rehman kom i 2009 med boka "Blåveis – min vei ut av volden" der ho skildrar eigne erfaringar med overgrep og vald.

Sjølv opplevde ho det som positivt å stå fram i 2009. Likevel har det offentlege søkjelyset sin pris. Seinast i år tok debattanten eit oppgjer i Aftenposten med det ho opplevde som grov sexistisk trakassering av henne i eit Facebook-forum.

– Eg ville ikkje delt mine personlege erfaringar om vald og seksuelt misbruk før eg følte meg psykisk klar for det. Eg hadde gått til psykolog og var på ein trygg stad i livet mitt. Det kan vera ei psykisk belastning at folk blir kjende med overgrepet ditt før dei kjenner deg, fortel Rehman.

Laster Twitter-innhold

Psykologspesialist og klinikkdirektør ved Bergensklinikkene, Kari Lossius, påpeikar at det å stå fram om overgrep i sosiale media er eit tviegga sverd.

– Det positive er at når mange står fram, blir overgrep alminneleggjort. Det reduserer skuldkjensla som mange kvinner slit med i dag. Dei ser at dei ikkje er åleine og at det er mange oppegåande kvinner og jenter som har opplevd det same.

Ingen angreknapp

Kari Lossius

Det å dela private historier i sosiale media kan både ha positive og negative sider, påpeikar psykologspesialist og klinikkdirektør ved Bergensklinikkene Kari Lossius.

Foto: Stiftelsen Bergensklinikkene

Men openheita i sosiale media har også ei bakside. Psykologeksperten fryktar at mange blir gripne av øyeblikket og kastar seg på kampanjen men angrar i ettertid, enten på at dei sa det eller på detaljnivået.

– Når historia di først ligg ute i det offentlege rom, så ligg den der til evig tid og begynner å leva sitt eige liv. Du har dessutan ingen garanti for at du berre blir møtt med forståing og støtte. Sosiale media er nådelause på den måten, seier Lossius.

Kampanjar i sosiale media av typen #jegharopplevd tilbyr derimot folk ei tryggare ramme enn det å stå fram åleine, poengterer Rehman.

– Eg kan ikkje spå konsekvensane for alle involverte, men eg trur ikkje det er skadeleg. Du blir ein del av eit større fellesskap der alle deler det dei har opplevd, seier ho.

Psykologen sine råd er som følgjer: tenk deg godt om før du deler, ta til deg dei gode tilbakemeldingane og sjå vekk frå dei krenkande.

– Ver bombesikker på at å dela er riktig for deg. Aller helst bør du snakka med ein god ven om vonde opplevingar. Er det snakk om meir alvorlege problem, så bør ein oppsøkja profesjonell hjelp. Skamfulle tankar har ein tendens til å veksa når ein går og ber på dei åleine, understrekar Lossius.

AKTUELT NÅ