Hopp til innhold

– Terroraksjonen i Paris gjorde meg glad

Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

VIDEO: I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler. Sjå Krekar-intervjuet her.

I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler:

  • Støttar massakren mot Charlie Hebdo i Paris
  • Meiner nordmenn som teiknar Muhammed-karikaturar fortener å døy
  • Støttar norske ungdommar som reiser til Syria for å krige med IS

– Hendinga i Danmark veit eg lite om, men når det gjeld det som skjedde i Frankrike: Sjølvsagt er eg glad for det som skjedde, seier Krekar til NRK.

– Vi trur på religionen vår og at våre liv er ein billeg vare som skal beskytte den. Dette må Vesten forstå. Vi forsvarer religionen vår med blodet vårt.

Paris-terroren: – Dei forsvarte si ære

Redaksjonen i Charlie Hebdo har i årevis fornærma alt og alle – og teikna karikaturar av kristne, jødar og muslimar, inklusive profeten Muhammed. Dei siste teikningane frå satiremagasinet gjorde at to franske terroristar gjekk til åtak.

Mulla Krekar
Foto: Rune Lind / NRK

– Dei som utførte åtaket mot Charlie Hebdo, korleis vil du karakterisere dei?

– Dei forsvarte si ære. Dei forsvarte sin heilagdom.

– Dei som gjekk til åtak mot Charlie Hebdo, var dei heltar?

– Ja, så klart! Og jihadistar.

– Frankrike fortener det

Intervjuet med NRK er det første mulla Krekar gir til norske presse på fleire år. Sjølv om han seier at han er glad for det som skjedde i Paris i januar, håpar han at noko liknande ikkje skjer her i Noreg.

– Nei, eg håpar ikkje det. Det er ikkje fordi eg bur i Noreg, men fordi Frankrike fortener det. Men dersom nordmenn går same veg som i Frankrike, så fortener også Noreg det, seier Krekar.

Tidlegare i dag publiserte NRK delar av intervjuet med Krekar, der han seier at dei som teiknar Muhammed fortener å døy – også norske teiknarar dersom dei lagar karikaturar av profeten.

– Utslett, utslett, er den klare beskjeden frå mullaen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mulla Krekar

FØRSTE INTERVJU: Mulla Krekar gir her sitt første lengre intevju med norsk presse på fleire år.

Foto: Rune Lind / NRK

Blir etterforska på nytt

Krekar vart for to veker sidan intervjua av tv-kanalen NRT. Politiet etterforskar uttaler som Krekar kom med i intervjuet med den kurdiske tv-stasjonen. Halmat Goran, ein av dei tre kurdarane som Krekar er dømt for å ha trua, gjekk til politiet etter å ha følt seg truga på nytt.

Goran måtte få hemmeleg adresse og nytt namn etter at mulla Krekar ferda ut ein dødsdom mot han for brenning av Koranen. Til NRK seier Krekar at den som brenn Koranen skal straffast med døden, ifølgje islam:

– Dersom ein brenn Koranen som ei fornærming, så er svaret heilt klart ja.

Etter å ha sett NRK-intervjuet med Krekar, vurderer no politiet om han kan straffast for dei nye uttalane han kjem med.

– Du sat i fengsel for å ha truga tre kurdarar og statsministeren. Nå seier ein av kurdarane at du har truga han igjen. Er det riktig?

– Nei, det er ikkje riktig. Han kan jo gå rettens veg og forsøke å bevise det.

– Men han som har brent Koranen: Vil det vere riktig at han mister sitt liv – sjølv om han bur i Noreg?

– Eg veit bestemt at han har gjort ei kriminell handling der straffa er døden. Ansvaret for å fullbyrde straffa ligg på vårt muslimske fellesskap (ummah, journ.mrk.), uansett om han er i Noreg eller om han er hos Barack Obama, svarar Krekar.

– Eg trugar ikkje personen sjølv. Eg fortel korleis teorien er, kva som står i lova. Eg har sagt kva som står i Koranen og i sanninga. Eg har ikkje peika på éin person og sagt at «deg må vi drepe».

(Artikkelen held fram under biletet)

Politimann skoten på open gate i Paris

GIR STØTTE: Mulla Krekar blei glad då han fekk vite om terroråtaket i Paris. Han støttar dei to terroristane. – Dei forsvarte si ære. Dei forsvarte sin heilagdom, seier han.

– Alle kan drepe han. Alle!

– Ein av dei som brente Koranen er redd for at nokon som høyrer på deg kan komme til å drepe han, fordi du har sagt at det er straffa ifølgje Koranen. Er det ikkje ein fare for at nokon av dei som høyrer på deg, gjer ei slik gjerning?

– Han må jo frykte somaliarar, indonesiarar, afrikanarar, tsjetsjenarar – alle som følgjer Koranen. Han treng ikkje vere redd meg, men han må frykte den forbrytinga han har gjort og frykte at straffa mot han skal fullbyrdast.

– Betyr ikkje det at du med din religiøse utgreiing faktisk dømmer han til døden, sjølv om du ikkje vil gjere det sjølv, kan andre gjere det?

– Ikkje berre dei som høyrer på meg, men alle som kjenner til straffa kan drepe han. Alle!

Krekar seier vidare:

– Vi forsvarar vår religion med vårt eige blod. Våre grenser er grenser av blod, grenser av sprengstoff. Den som fornærmar religionen vår må vite at ein av oss kjem til å døy. Den som fornærmar vår religion og vår ære må forstå at dette er ein konflikt om liv og død.

– Ville du vore tilfreds dersom denne mannen blir drepen?

– Ja! Eg skal sende ei gåve til den som drep han. Kvifor skulle eg ikkje blir glad for det?

KREKAR SNAKKAR: I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler.

VIDEO: Sjå innslaget som gjekk på Dagsrevyen 25. februar 2015.

Om IS-krigarar: – Dei som reiser bør ikkje angre

I slutten av juni i fjor annonserte IS – Den islamske staten – opprettinga av eit verdensomspennende kalifat, med Abu Bakr al-Baghdadi som kalif. Mulla Krekar har enno ikkje bestemt seg om han vil sverje truskap til kalifen og kalifatet. Han seier at han først vil studere det nærare.

Men han meiner det er riktig av norske ungdommar å reise til Midtausten for å bli heilage krigarar:

– Dei som reiser bør ikkje angre. Kjem han tilbake etter seks månader, vil han bli mistenkeleggjort, sjølv om han berre var der for å feie gater.

– Den som reiser for å gjere jihad må ikkje returnere, men bli verande. Kjem han tilbake, blir det mykje bråk og styr for muslimar og for internasjonal etterretning – og presset mot muslimane her vil auke. Det støttar eg ikkje.

Spaltist og islamkommentator Mohammad Usman Rana mener mulla Krekar ikke har noen religiøs autoritet.

VIDEO: – Mulla Krekar har ingen troverdighet når det gjelder islamsk teologi. Selv om han kler seg i turban og kjortler, gjør ikke det ham til en islamsk lærd, sier islamkommentator Mohammad Usman Rana.

AKTUELT NÅ