Hopp til innhold

Internasjonal ekspert sjokkert over norsk vegstandard

(NRK.no) Noreg er ti gongar rikare enn Albania, men likevel er vegstandarden i dei to landa på same nivå. Norsk vegpolitikk vert slakta i ein ny internasjonal rapport.

Kombo

Dr. Adnan Rahman presenterte ein omfattande rapport om norsk vegbygging. Ved å prioritere annleis kan samfunnet spare milliardar, slår rapporten fast.

Foto: Jonas Sætre/Kaj Hjertenes / NRK

Rapporten, som er bestilt av Opplysningsrådet for Vegtrafikken, slaktar måten norske politikarar har prioritert vegbygginga gjennom dei siste tiåra, og konkluderer med at Noreg bør tenkje grunnleggjande nytt om korleis ein prioriterer veginvesteringar.

Dr. Adnan Rahman presenterte i dag den omfattande rapporten om norsk vegbygging framføre ein samla vegbransje. Han leiar konsulentselskapet Cambridge Systematics, og har vore rådgjevar for ei rekkje land og organisasjonar i samband med ulike infrastrukturprosjekt.

Selskapet meiner Noreg nyttar altfor lite pengar på veg, men også at dei politiske prioriteringane som er gjort fører til at ein samfunnsøkonomisk får lite igjen for kvar vegkrone.

– Dersom heile Nasjonal Transportplan blir gjennomført, vil ein samla sett berre redusere reisetida med fem prosent. Det er «business as usual», seier Rahman til NRK.no.

Konsulentselskapet slår blant anna fast at ein ville ha seksdobla lønnsemda i veginvesteringane dersom ein hadde konsentrert midla om nokre få hovudkorridorar, framføre å spreie midla «stykkevis og delt» rundt om i landet.

Dr. S. Adnan Rahman

Dr. Adnan Rahman meiner Noreg bør satse på å byggje ut dei viktigste ekspressvegane.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Det er hovudfartsårene Oslo–Bergen, Oslo–Trondheim, Oslo–Stavanger, og Bergen–Stavanger som dei meiner burde hatt ein langt høgare prioritet.

Dr. Rahman køyrde mellom anna frå Bergen til Kristiansand medan han arbeidde med rapporten, og reagerte sterkt på kvaliteten på det som skal vere ein ekspressveg.

– Dette ville eg ikkje forventa i Noreg. Gjennomsnittsfarten er den same som i Albania.

– Kva synest du om dette?

– Eg er sjokkert!

– Dersom du ser på BNP i Noreg, og ser på investeringane i vegbygginga, så er dei heilt lineære. Det det kokar ned til er at når folk vert rikare, reiser dei meir og raskare. I Noreg er ikkje det tilfellet, seier amerikanaren.

– I Noreg er det svært mange små prosjekt som er spreidd rundt i heile Noreg, i staden for meir fokuserte prosjekt i avgrensa geografiske område. Det er ein viktig grunn til at nivået er så dårleg som det er.

– Handlingsregelen er «bogus»

Utanom Framstegspartiet, er det ingen norske parti som bryte handlingsregelen for å auka veginvesteringane. Rahman forstår ikkje kvifor denne regelen er blitt så avgjerande i Noreg.

– Mange norske politikarar seier det vil skape inflasjon dersom ein nyttar meir oljepengar på veg. Eg meiner dette er «bogus».

Rahman er ikkje einig i argumentet fordi den totale veginvesteringa i dag ikkje er på meir enn 20 milliardar kronar. Samanlikna med den totale norske økonomien meiner han dette berre er som småpengar å rekne.

– Oljeinvesteringane er fem gongar så store, og det er ingen inflasjon. Så eg kjøpar ikkje dette argumentet for eitt øre.

– Kan skape store problem for Noreg

Rahman kjem med ei klar åtvaring til norske styresmakter, om at forsømming av vegnettet over tid kan føre til store problem for kommande generasjonar.

– Eg trur og meiner at det vil ha store langsiktige konsekvensar for Noreg, dersom ikkje vegbygginga vert tatt tak i. Mange bedrifter og arbeidstakarar vil ikkje finne det attraktivt å vere i Noreg. De vil ha oljeindustrien – og det er det.

– Dersom Noreg vil ha fleire bein å stå på enn oljeindustrien i framtida, vil det vere veldig viktig å byggje ut eit skikkeleg vegnett for å gjere andre sektorar konkurransedyktige, seier Rahman.

Ap: – Me satsar på veg

Statssekretær Hilde Singsaas (Ap) i finansdepartementet vil ikkje gå med på at den norske vegstandarden er på nivå med Albania. Ho meiner regjeringa har gjort mykje for å auke vegsatsinga i Noreg.

– Denne regjeringa har frå dag éin prioritert å trappe opp løyvingane til veg. Først overoppfylte me den nasjonale transportplanen som Bondevik-regjeringa la fram, og så la me fram ei ny storsatsing som legg opp til ei auke til veg og jernbane på 100 milliardar kroner. Så eg kjenner meg ikkje igjen i det biletet om at me ikkje satsar på veg i Noreg, seier Singsaas til NRK.no.

– Ifølgje Siv Jensen har de bygd ut 11 kilometer med firefelts motorveg i løpet av 2011. Er det ei storsatsing?

– Når me legg opp til ein auke i løyvingane på 50 prosent, så meiner eg me må kunne kalle det for ei storsatsing.

Setsaas fortel at regjeringa no har sett ned eit ekspertutval som skal sjå på om veganalysane dei gjer kan bli enno betre.

– Me skal sørgje for at det blir betre vegar mellom og rundt dei største byane, men me må også satse på at det blir framkomeleg i heile landet.

(artikkelen held fram under biletet)

Hilde Singsaas (Ap) og Siv Jensen (Frp)

Hilde Singsaas (Ap) og Siv Jensen (Frp) meiner begge at det er ein god idé å investere meir i veg, men er grunnleggjande ueinige i måten det skal gjerast på.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Frp: – Dette har me sagt lenge

Frp-leiar Siv Jensen er glad for at dei no får støtte frå forskarane om å nytte meir oljepengar til veg.

– Det gler meg at me får støtte frå forskarhald. For i den norske politiske debatten blir me alltid skulda for å vere uansvarlege fordi me meiner handlingsregelen står i vegen for kloke avgjerder, seier Siv Jensen til NRK.no.

– Eg meiner det er bra at det frå forskarhald kjem støtte til det Framstegspartiet har sagt i mange år, nemleg at det er mogleg å gjere vegbygginga lønnsam dersom me reknar på ein annan måte. Til dømes ved å ta inn over seg at du og eg tapar pengar ved å sitje i kø, i staden for å vere på jobb.

– Frp er det einaste partiet som vil bruke meir oljepengar på veg enn handlingsregelen. Korleis kan de då samarbeide med Høgre i ei eventuell ny regjering?

– Det er ein usemje mellom Frp og Høgre, både i synet på bompengar og det som gjeld tempoet på vegbygginga. Me ønskjer å samarbeide, men eg meiner det er viktig å få fram forskjellane. Dersom me ikkje viser musklar, så er det Høgre sin politikk som vil gjelde i ei ny regjering, og då vil det ikkje bli noko forandring i høve til i dag, seier Jensen.

Høgre: – Vil ikkje gje slepp på handlingsregelen

Stortingsrepresentant for Høgre, Peter Gitmark, var ein annan av opposisjonspolitikarane som høyrte på framlegginga av rapporten. Han rosar konsulentselskapet med arbeidet dei har gjort med rapporten.

Peter Gitmark

Peter Gitmark i Høgre står fast på at han ikkje vil vike frå handlingsregelen.

Foto: Jonas Sætre / NRK

– Dette er ein svært god rapport og viktig rapport. Me er avhengige av modellar som samsvarar meir med røynda enn det me har i dag. Eg knyter stor truverd til arbeidet dei har gjort, seier Gitmark.

Men trass i rosande ord vil han likevel ikkje vike ein tomme når det gjeld handlingsregelen.

– Me har eit statsbudsjett på over 1000 milliardar, og det er ikkje noko land i verda som nyttar meir pengar enn Noreg. Det skulle berre mangle at me ikkje klarte å prioritere innanfor desse pengane.

– Så her tek han feil?

– Rahman tek grunnleggjande feil når han meiner at alle offentlege oppgåver kan løysast med meir pengar. Eg er heilt einig i at me må bruke meir pengar på samferdsel, men det handlar om prioriteringar.

– Vil dykk klare å samarbeide med Frp om dette?

– Me skal samarbeide. For Høgre er det klinkande klart at me er ein brubyggjar på borgarleg side. Me skal få til ein ny regjering og ein ny borgarleg politikk.

Kva meiner du om rapporten? Sei di meining i kommentarfeltet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger