Hopp til innhold

Vil ha «Tesla-sponsing» av elsykkel

Medan staten gir kjøparar av elbilar opp til 190.000 kroner i momsfritak, får elsyklisten null i sponsing. Fjern momsen på elsykkel for å få fleire til å sykla, oppmodar transportforskar.

Elsykkel og elbil i Noreg

Ein forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI) meiner sponsing av elsykkel er eit raskt og effektivt grep for å få fleire til å sykla. Syklistenes Landsforbund er ueinig og viser til stor auke i salet uavhengig av momsfritak.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Forskar Aslah Fyhri i Transportøkonomisk Institutt

TØI-forskar Aslak Fyhri seier elsykkel har ein enorm effekt på den totale sykkelbruken. Staten bør gje momsfritak på kjøp av elsykkel, meiner han.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Regjeringa er langt unna målet om at åtte prosent av alle reiser i Noreg skal skje med sykkel innan 2023. For å koma dit må me sykla dobbelt så mykje som i dag.

Sjølv om avgiftsfritak har hatt tydeleg effekt på elbilsalet i Noreg, gjeld ikkje den statlege sponsinga for elsyklar, som kostar 5000 – 50.000 kroner avhengig av merke og yteevne.

For å nå sykkelmålet bør regjeringa fjerna momsen for elsyklar også, meiner forskar Aslak Fyhri ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

– Ved å frita elsyklane for moms ville ein fått ganske mange menneske som i dag er heilt passive ut på sykkelen og dermed nådd målet om dobbelt så mykje sykling ganske raskt, seier transportforskar Fyhri.

– Enorm effekt

El-sykkel

Salet av elsyklar i Noreg er dobla på tre år. I fjor blei det selt 10.000 slike syklar her til lands, ifølgje Syklistenes landsforeining.

Foto: Silje Foss Langeland / NRK

Dei dyraste variantane av to av dei mest selde elbilane i Noreg, Tesla Model S og Nissan Leaf, får i dag eit momsfritak på høvesvis ca 190.000 kroner og 57.000 kroner i tillegg til fritaket for eingongsavgifta.

Ei spørjeundersøking viser at berre éin av fire ville ha kjøpt elbil utan avgiftsfritak.

Det er uvisst kor mange som ville ha kjøpt seg elsykkel dersom den blei sponsa av staten, men det er ikkje tvil om at elsykkel har effekt på den totale sykkelbruken, ifølgje transportforskaren ved TØI.

– Det har enorm effekt, me har sett tydelege døme på det. Folk som syklar ned mot null kilometer i veka begynner å sykla ti kilometer kvar dag dersom dei får tilgang til ein elsykkel, seier Fyhri.

Elsyklist støttar sponsing

Elsyklist Anders Aasland ute på sykkeltur i Oslo

– Momsfritak trur eg ville fått fleire til å gå over til elsykkel fordi det kostar mykje pengar, seier elsyklisten Anders Aasland.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Ein av dei som ikkje ville ha sykla til jobb på ein vanleg sykkel er Anders Aasland. No er derimot bilen og skuteren byta ut med elsykkel som han syklar to mil med dagleg.

– Eg ser på sykkelen meir som eit transportmiddel enn som eit treningsmiddel. Det er ein fantastisk måte å koma seg til og frå jobben på. Du slepp å bli sveitt og fæl og du gruar deg ikkje til oppoverbakkane på veg heim att når arbeidsdagen er over, seier elsyklisten frå Oslo.

Sjølv betalte Aasland 28.000 kroner for sin nye tohjuling. Utan moms ville den ha vore om lag 5500 kroner billegare. Han støttar TØI-forskaren sitt forslag om sponsing.

– Momsfritak trur eg ville fått fleire til å gå over til elsykkel fordi det kostar mykje pengar, seier Aasland.

Vil prioritera sykkelveg

Informasjonssjef i Syklistenes Landsforening Hulda Tronstad

Informasjonssjef i Syklistenes Landsforening Hulda Tronstad seier dei heller vil ha betre sykkelvegar enn sponsing av elsyklar.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Syklistenes Landsforbund meiner derimot at det finst betre måtar å få fleire til å sykla på enn å fjerna momsen på elsykkelen.

– No sel elsykkelen seg sjølv. Det er eit enormt sug i marknaden for å skaffa seg elsykkel, seier informasjonssjef Hulda Tronstad.

– Me vil satsa på fleire og betre sykkelvegar, betre sykkelfelt og sykkelparkering. Det vil koma alle syklistar til gode. Trygge sykkelvegar betyr mykje for at folk skal la bilen stå og velja sykkelen, legg Tronstad til.

AKTUELT NÅ