Hopp til innhold

– Reknar med at renta går ned

Det er ein blodraud måndag på Oslo Børs. Hovudindeksen falt 5,19 prosent måndag. Fleire ekspertar tek no til orde for at renta må ned i null.

Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs falt 5,19 prosent måndag og enda på 555,25 poeng.

Dei europeiske børsane går kraftig ned i dag, etter eit tilsvarande børsfall i Asia.

USA følgde etter, og Wall Street stupte 6 prosent dei første minutta etter opninga.

Hovudindeksen på Oslo Børs falt 5,19 prosent måndag og enda på 555,25 poeng.

– Renta må ned

Ekspertar som NRK har snakka med i dag har tatt til orde for at Norges Bank må sette ned renta.

– Renta i Noreg må ned i null for å halde arbeidsløysa under kontroll. Det meiner sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika-gruppa.

Han seier at ein må rekne med at dette blir eit meir varig økonomisk tilbakeslag. Inga krise, men fleire år med låg økonomisk vekst.

– Norges Bank må tre støttande til for å stimulere norsk økonomi og halde arbeidsløysa under kontroll, seier Andreassen.

Jan Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppen

– Renta må ned i null, meiner Jan Ludvig Andreassen i Eika-gruppa.

Foto: Johan B. Sættem

Også sjefanalytiker Erik Bruce i Nordea Markets trur Norges Bank vil kutte styringsrenta framover.

– Dei treng nok ikkje å gå direkte til null, dei kan ta eitt steg om gongen og det reknar eg med at dei kjem til å gjere. Vi kjem nok til å få eit par kutt frå Norges Bank, seier Bruce til NRK.

Erik Bruce, Nordea

Også Erik Bruce i Nordea Markets trur at vi vil få rentekutt framover.

Foto: Nordea Bank

– Har fleire verktøy i kassa

Prisen på eit fat olje kostar 42,97 dollar måndag ettermiddag. Bruce ser ikkje vekk ifrå at prisen kan gå endå meir ned.

– Det kan den, dersom den uroa vi ser i Kina held fram, og folk mistar trua på at kinesarane unngår ei «hard landing», då kan oljeprisen falle vidare, trur Bruce.

Men han fortel tryggande at Noreg har mange verktøy i kassa dersom dette blir langvarig. Renta kan som nemnt settast ned, men vi har andre moglegheiter.

– Vi har nærast uavgrensa moglegheiter til å stimulere ved hjelp av offentlege pengar. Vi kan gi skattelettar, sette i gong offentlege byggeprosjekt, og gi meir pengar til kommunane for å få fart på økonomien. Vi har rom for å bruke pengar ettersom vi har spart mykje oljeinntekter, seier han.

Børsfall Kina

Alle ser no spent mot Kina, og kva styresmaktene tenkjer å gjere med økonomien.

Foto: BOBBY YIP / Reuters

Alle auga mot Kina

Kjem dette til å gå over?

– Det kjem heim an på kva som skjer med Kina. Dersom det no kjem tiltak frå styresmaktene for å få fart på økonomien, så kan dette fort stabilisere seg, vi kan til og med sjå oppgang, seier Bruce.

Men dersom dette held fram som no så reknar han med at vi vil fortsette å sjå nedgang i vesten, kanskje spesielt i Noreg som blir hardt råka på grunn av oljen.

AKTUELT NÅ