Hopp til innhold

– Private utleigarar tar knekken på studentane

Leiaren i Sosialistisk Ungdom meiner det offentlege bør ta meir kontroll over leigemarknaden, fordi han meiner private utleigarar tar knekken på studentane.

Nicholas wilkinson leder for Sosialistisk Ungdom

SU-leiar Nicholas Wilkinson seier studentane bruker meir tid på å jobbe for å betale husleiga til bustadhaiane, enn å faktisk studere.

Foto: Fayruz Sado

84 prosent av studentane i Norge har ikkje tilgang på studentbustad og må ty til den private leigemarknaden. Det viser studentbustadundersøkinga for 2014, som blir utarbeidd av Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, meiner det er på tide at det offentlege tar tilbake leigemarknaden frå private utleigarar og kontrollerer prisane.

– Bustadprisane er høge og studentane får dårlege leilegheiter. Den private utleigemarknaden tyner studentar til brestepunktet. Løysinga er at vi bygger fleire offentlege utleigeleilegheiter, seier Wilkinson.

– Det er ein enorm profitt på den private marknaden. Med lågare utleigepris, så kan vi få inntekter som vi kan bruke på skular og sjukeheim, samtidig som folk får billigare og betre leilegheiter, seier Wilkinson.

SU-leiaren seier at studentane bruker meir tid på å jobbe for å betale husleiga til bustadhaiane, enn å faktisk studere.

– Da får dei ikkje lest så godt som dei skal. Det gjer at hele Noreg taper.

Må ha to jobbar

Daniel Sandbakken Nilsen

Nilsen har vore på fleire visingar utanfor Oslo.

Foto: Privat

Daniel Sandbakken Nilsen har to jobbar ved sida av fulltidsstudium for å få råd til å betale for bustaden han leiger av ein privatperson. Han har vore på fleire visingar utanfor Oslo.

No bur han sentralt i Oslo og betaler 5500 kr i leige utan noko inkludert. Det er så vidt det går rundt.

– Pengar er noko eg tenker på kvar einaste dag. Ein lærer seg å kutte hjørne, som å gå på mange gratis arrangement på UiO for å få gratis mat, seier Nilsen.

Fleire studentbustader

Petter Kaland Melson, nestformann i FpU meiner at forslaget til SU-leiaren vil føre til at dei private utleigarane sluttar å leige ut viss prisane vert pressa ned.

– Det blir færre utleigeleilegheiter tilgjengeleg. Det blir bustadnød og bustadkø, seier Melson.

Han ser ikkje noko problem med den private leigemarknaden, men han nektar ikkje for at mangel på studentbustader er eit problem og foreslår andre løysingar.

– Vi kan bygge fleire studentleilegheiter kvart einaste år framover i tid.

Men SU-leiaren meiner at fleire studentbustadar ikkje er godt nok i seg sjølv.

– Det er fordi studentsamskipnadene blir tynte for pengar. Dette handlar om korleis vi skal investere pengane våre, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger