Hopp til innhold

– Politimannen er ved godt mot

– Det var veldig fint å møte den såra politimannen på sjukehuset i dag. Det står etter forholda bra til med han og han er ved godt mot, seier politimeister i Gudbrandsdal, Arne Hammersmark.

Innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO: Politimeister vitja såra politimann på sjukehuset.

Arne Hammersmark vitja politimannen som vart såra under dramaet på Vinstra seint i går kveld på Ullevål sjukehus i ettermiddag, saman med politidirektør Odd Reidar Humlegård.

– Det som var eit ordinært politioppdrag utvikla seg til noko heilt ekstraordinært. Det skjedde så plutseleg at dei ikkje rakk å kome seg i dekning, og så vart han skoten i ryggen. Eg er glad for at det ser ut til å gå bra med polititenestemannen, sa Arne Hammersmark til NRK etter visitten.

– Utskriven i morgon

Han fortel at den såra politimannen er ved godt mot, og at han håper at dei to saman kan reise tilbake til Lillehammer og Gudbrandsdalen i løpet av morgondagen.

– No tek vi vare på han på alle moglege måtar her i Oslo, og så blir han truleg utskriven i morgon. Han vil nok trenge tid til å bearbeide dette, så hans eigne tankar om det som har skjedd må vi nok kome tilbake til, sa politimeister Arne Hammersmark til NRK etter besøket.

Innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO: Politimannen ble skutt i ryggen

Han opplyser at politimannen likevel må karakteriserast som alvorleg såra, og at det å ha ein skotskade i ryggen i utgangspunktet er alvorleg. I tillegg har han fått mykje hagl inn i ryggen.

LES OGSÅ: Skytedramaet på Vinstra: Lege og helsesekretær måtte låse seg inn på kontor

LES OGSÅ: Politiet: – Mannen skulle egentlig ikke hatt våpen

– Berga av vesten

– Han er veldig glad for at det gjekk så bra. Eg viste han treffpunktet på vesten, og når han såg kor langt nede på vesten det var, så trur eg han var svært nøgd med utfallet. Dette kunne ha gått mykje verre, sa Hammersmark blant anna.

Politimeisteren seier at livet til politimannen truleg vart berga av den skotsikre vesten.

Han minner om at ei hagle fyrt av på så kort avstand, her var det snakk om mellom tre og seks meter, er eit svært farleg våpen. Skotsalven treff kroppen svært samla.

LES OGSÅ: Politiet: – Mannen skulle egentlig ikke hatt våpen

LES OGSÅ: Politimester opplevde skudd-drama for andre gang

Innslag fra Dagsrevyen

VIDEO: Kom som et sjokk på politimennene

– Glad for arrestasjon

Politidirektør Odd Reidar Humlegård sa etter besøket på Ullevål sjukehus at den såra politimannen er ved godt mot, og at han var glad for at gjerningsmannen vart arrestert utan dramatikk.

– Han fortalde at angrepet kom heilt overraskande på han og kollegaen, og dei valde å trekkje seg tilbake. Så vart han skoten i ryggen midt under tilbaketrekkinga. Det verkar som om han taklar dette på ein god måte, men han er klar over at det var snakk om små marginar. Han var heldig, sa politidirektør Humlegård til NRK etter sjukehusvisitten.

LES OGSÅ: Reddet av skuddsikker vest

LES OGSÅ: 69-åringen siktet for forsøk på forsettlig drap

LES OGSÅ: Skjøt politimann - varetektsfengsles i fire uker

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger