Hopp til innhold

– Normal trafikk onsdag ettermiddag

– Flygingane til Norwegian vil truleg gå som normalt igjen i løpet av onsdag ettermiddag, seier administrerande direktør Bjørn Kjos.

Bjørn Kjos om streiken i Norwegian som nå er over

VIDEO: Kjos varslar at streiken er slutt.

Det var klokka 18.30 i kveld at Bjørn Kjos varsla at partane i pilotstreiken hadde vorte samde om ein avtale. Han reknar med at det vil gå ganske raskt å få i gang trafikken igjen.

– Vi er klare til å flyge igjen . Det skal bli veldig godt å kome tilbake til rutinane og sleppe å skape problem for passasjerane. Eg er veldig lei for dei problema passasjerane våre fekk, sa Kjos blant anna.

– Ingen vinnarar

Bjørn Kjos sa også at det er for tidleg å seie kva streiken har kosta, men slo fast at ein streik aldri er billegg.

– Det er ingen vinnarar i ein streik, vi er to tapande partar, sa han.

Norwegian er alt i gang med å oppdatere ruteinformasjonen for onsdag. Selskapet opplyser at flygingar i dag som alt er kansellerte, ikkje blir sette opp. Håpet er at det aller meste skal vere i gang i løpet av onsdag ettermiddag.

USA og Thailand som normalt

Litt før klokka 19 i kveld var følgjande klart om flygingane onsdag 11. mars:

Dei direkte flygingane til USA og Thailand går som normalt.

Flygingar til og frå Storbritannia med rutenummer DY 2400 til DY 2900 vil gå som normalt. Det same gjeld flygingar til og frå Spania med rutenummer DY 5100 til DY 5998, pluss flygingar til og frå Finland med rutenummer DY 5599 til DY 5999.

Det same gjeld flygingane til og frå USA og Thailand med rutenummer DY7001 til DY 7999.

Sjekk dine avgangar her: Norwegians kundeservice

Norwegians kundeservice: Norwegians kundeservice

200.000 passasjerar

Streiken har ramma rundt 200.000 passasjerar. Sidan onsdag 4. mars har dei aller fleste innanriksavgangar i Skandinavia vore innstilte, i tillegg til dei fleste flygingane mellom Oslo, Stockholm og København.

AKTUELT NÅ