Hopp til innhold

– No må KrF visa musklar mot regjeringa

Ungdomen i KrF krev at moderpartiet blir tøffare mot regjeringa i asylsaker, etter at talet på tvangsreturar av asylborn gjekk til vêrs i september.

Knut Arild Hareide, Anders Anundsen og Emil André Erstad

Frå venstre: KrF-leiar Knut Arild Hareide, justisminister Anders Anundsen (Frp) og Emil André Erstad (KrFU).

Foto: KrFU, NTB Scanpix / Montasje

I september blei 107 asylborn sende ut av Noreg med tvang – over dobbelt så mange som føregåande månader. Totalt uttransporterte Politiet si utlendingseining 763 personar i september – det høgaste talet på ein månad så lenge UP har eksistert.

KrFU meiner situasjonen er såpass alvorleg at moderpartiet må ta opp kampen på vegner av asylborna.

– Dette er ein alvorleg situasjon. KrF må stramma musklane overfor regjeringa og be om stans i utsendingane. Desse borna treng rettstryggleik og ei ny vurdering av søknadene sine, seier leiaren i ungdomspartiet KrFU Emil Andre Erstad.

KrFU-leiar Emil Andre Erstad meiner det er alvorleg at talet på asylborn som blir sende ut av landet aukar kraftig medan me ventar på eit nytt regelverk.

SJÅ VIDEO: KrFU ber moderpartiet leggja press på regjeringa for å stoppa utsending av asylborn medan me ventar på ei varsla endring i utlendingslova.

Nye reglar på trappene

– Me må leggja vekt på borna sitt beste og ikkje intensivera utsendingane før me har fått på plass eit nytt regelverk, legg Erstad til.

Det nye regelverket som KrFU-leiaren viser til, skal sikra at det i handsaminga av retursaker blir teke omsyn til at eit barn har vore lenge i Noreg og fått ei tilknyting til landet. Behovet for ei slik regelendringa er nedfelt både i samarbeidsavtalen mellom regjeringa og KrF og Venstre, og i den politiske plattforma til Solberg-regjeringa.

Justisdepartementet sitt forslag til ei slik endring i utlendingsforskrifta har no vore ute på høyring, og det er uvisst kva tid lovendringa kjem.

Enn så lenge, er dagens regelverket det som gjeld, slår justisminister Anders Anundsen (Frp) fast onsdag.

Anundsen sitt svar er ikkje godt nok, meiner KrF-leiar Knut Arild Hareide. No vil han ta KrFU si oppmoding til følgje og setja hardt mot hardt mot regjeringa.

KrF vil ha mellombelse tiltak

– Me delar bekymringa til KrFU. Signala frå ungdomspartiet har bidrege til at KrF no legg ytterlegare press på regjeringa, seier Hareide til NRK.

Han påpeikar at KrF tok opp problematikken rundt asylborn-returar med regjeringa under trontaledebatten førre veke. Etter å ha sett nye tal som viser ein kraftig auke i talet på heimsendingar, er Hareide uroa og utolmodig.

– Me skal ta opp saka med regjeringa. Det hastar å få på plass ei varig løysing, men i perioden fram til det skjer må me vurdera mellombelse tiltak, meiner KrF-leiaren.

AKTUELT NÅ