Hopp til innhold

– No blir det endå vanskelegare å sende Krekar til Irak

Etter NRKs intervju med mulla Krekar vert det endå vanskelegare å få sendt han tilbake til Irak, meiner islamforskar Lars Gule. Frp forsikrar om at dei gjer alt dei kan for at nettopp det skal skje.

Lars Gule tror intervjuet i NRK gjør det vanskeligere å returnere Krekar til Irak.

Islamforskar Lars Gule meiner NRK sitt intervju vil gjere det endå vanskelegare med ein retur til Irak.

I eit intervju med NRK i dag seier mulla Krekar mellom anna at terroristane som gjekk til angrep mot Charlie Hebdo i Paris i januar er heltar. Han sa også at dei som fornærmar islam må døy.

– Irak vil ikkje provosere USA

Islamforskar og førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Lars Gule, meiner dette intervjuet og utsegna han kjem med der vil gjere det endå vanskelegare for norske styresmakter å få sendt Krekar tilbake til Irak.

– Det er fordi både styresmaktene i Bagdad og dei kurdiske sjølvstyresmaktene i Nord-Irak er avhengige av hjelp frå USA i kampen mot IS. Difor ønskjer dei ikkje å provosere amerikanarane ved å la han kome tilbake gjennom å gi garantiar som er akseptable for mulla Krekar, sa Gule då han var gjest i Aktuelt på NRK2.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg seier krigen mot IS gjer det vanskelegare å sende Krekar tilbake til Irak.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Gule sin analyse stemmer godt overeins med det Erna Solberg sa til NRK Dagsrevyen. Også ho meiner den noverande situasjonen i Irak gjer det vanskeleg med ein retur.

– Det er vanskeleg å gi løypemeldingar. Men me jobbar aktivt med å kunne returnere Krekar. Men situasjonen i Irak er veldig spesiell. Store deler av Irak er no besett av IS, og det betyr at det er vanskar når det gjeld retur og styresmaktene si merksemd rundt saka, seier Erna Solberg (H).

– Krekar vil drive med politikk, ikkje sitte i fengsel

Gule meiner det einaste som ville vore akseptabelt for Krekar, er å returnere til Irak for å drive med politikk.

– Han vil aldri seie at «eg vender tilbake, så kan de sette meg 25 år i fengsel». Han har forsøkt å få til ein avtale med det største partiet KDP (Kurdistans Demokratiske Parti journ.anm), og i denne situasjonen kan ikkje KDP seie velkommen tilbake til mulla Krekar, meiner Gule.

Mulla Krekars forsvarer, Brynjar Meling, seier han ikkje veit om Krekar sin taktikk ved å stille opp på intervjuet har vore å gjere ein retur vanskelegare. Men han understrekar at Krekar sjølv gjerne vil returnere til Irak.

– Målet er at han skal tilbake, og det har han felles med Framstegspartiet. Det er nok dei to partane i Noreg som ønsker dette mest av alle, seier Meling.

Ellingsen likar intervjuet

Så seint som i sist veke kom statssekretær i justisdepartementet, Jøran Kallmyr, heim frå Irak der han hadde vore i møte med irakiske og kurdiske styresmakter om ein retur av Krekar.

Så langt har regjeringa vedtatt å tvangsflytte mulla Krekar til Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag, men målet er framleis å finne ei løysing, slik at Krekar kan ut av landet. Det understreka også Frps medlem i Stortingets justiskomite, Jan Arild Ellingsen. Og han er godt nøgd med at intervjuet vart offentleggjort i dag.

– Det viser ein annan mulla Krekar enn den me vanlegvis ser i media, som ofte blir framstilt som ein snill og ufarleg fyr, som ikkje er ein trugsel mot nokon som helst. Eg synes me skal vere ekstremt forsiktige med å vere naive i forhold til korleis me held oss til Krekar, seier Ellingsen.

Jan Arild Ellingsen mener NRK-intervjuet viser en annen Mulla Krekar enn det som vanligvis kommer fram i media.

Jan Arild Ellingsen meiner NRKs intervju med mulla Krekar viser den ekte Krekar, og ikkje den vanlege Krekar som vanlegvis vert vist fram i media.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger