Hopp til innhold

– Endar opp med å medisinere seg sjølv

Barnevernsadvokat Cecilia Dinardi meiner ungdommar ved norske barnevernsinstitusjonar får så dårleg psykisk helsehjelp at mange endar opp med å ruse seg.

Cecilia Dinardi

Barnevernsadvokat Cecilia Dinardi opplever at vegen frå psykiske vanskar til rus er kort når helsehjelpa dei mottek ikkje er god nok.

Foto: Moment Studio

– Staten sviktar totalt overfor ungdommane; deira rett til vern, til liv og utvikling blir broten. Det er eit klart brot på barnekonvensjonen, meiner Dinardi.

Tidlegare i dag kom ein ny rapport som viser at 7 av 10 ungdommar på barnevernsinstitusjonar har ei psykisk liding.

Barnevernsadvokat Cecilia Dinardi er sjølv tidlegare barnevernsborn - og var under tiltak i barnevernet frå ho var 13 til ho var 17 år.

Ho har hatt over 100 barnevernssaker sidan ho starta som advokatfullmektig i advokatfirmaet Elden og jobbar i hovudsak med born og ungdommar som er tvangsplassert på institusjon.

– Florerer med rus

Dinardi opplever ofte at det går for lang tid før ungdommane får hjelp, eller at ungdommane ikkje har tillit til dei som skal behandle dei. Då vert vegen til rusen kort meiner ho.

– Mange av mine klientar opplever at tausheitsplikta vert broten, at psykologane faktisk deler informasjon med andre instansar, som andre aktørar får tilgong til - inkludert biologiske foreldre. Då sluttar ungdommane å gå til samtalar hjå psykologen, og dei vaksne er ikkje lenger i posisjon til å kunne gi psykisk helsehjelp. Mange byrjar å medisinere seg sjølv og utviklar eit alvorleg rusproblem. I fleire tilfelle byrjar dei også med kriminalitet. Det florerer med rus rundt på norske barnevernsinstitusjonar, hevdar Dinardi.

– Høgare risiko for tvangsplasserte

For dei som er plassert ved tvang er risikoen for å få psykiske lidingar over dobbelt så stor som for dei som er der frivillig, ifølge ein ny rapport frå NTNU - som viser at 7 av 10 ungdommar på barnevernsinstitusjonar har ei eller fleire psykiske lidingar.

– Vi snakkar om ungdommar som slit med depresjonar, angst, store svingningar, sterke symptomer på PTSD (posttraumatisk stresslidelse), sjølvskading, suicidalitet og alvorlege rusproblem, seier Dinardi.

Ho opplever at dei fleste av hennar klientar slit med fleire av desse plagene.

– I tillegg er mange så relasjons- og tilknytningsskada at dei i liten grad er i stand til å kome i posisjon til å ta imot omsorg, noko som igjen bidreg til å forsterke deira psykiske vanskar.

– Helsekompentanse bør inn på institusjonane

Systemet er ikkje lagt til rette for å gje eit heilheitleg tilbod til ungdommane, opplever barnevernsadvokaten.

– Det bør bli jobba for å etablere institusjonar som både har ein barnevernfagleg kompetanse og ein psykiatrisk behandlingskompetanse. Vi må få inn psykiatriske sjukepleiarar, psykologar og leger inn på institusjonane der ungdommane er plassert. Vi bør også vere meir kritiske med å plassere ungdommar på institusjonar dersom det i utgangspunktet er eit anna type tiltak dei treng.

LES OGSÅ: Hadde anoreksi: – Behandlingen stoppet i barnevernet

AKTUELT NÅ