Hopp til innhold

– Kan ha ebola-vaksine klar til jul

Den norske vaksine-eksperten Birger Sørensen seier han kan ha ein vaksine mot ebola klar i løpet av få månader – om norske styresmakter gir grønt lys.

Professor Gunnar Aksel Bjune (t.v.) og leggemiddelgründer Birger Sørensen.

Professor Gunnar Aksel Bjune (t.v.) og legemiddel-gründer Birger Sørensen meiner det ikkje er så komplisert å la ein ebola-vaksine.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Birger Sørensen har jobba med vaksine sidan 1990-talet. Han var med og starta selskapet Bionor Pharma, der han i mange år var vaksinesjef. Her jobba han blant anna med utviklinga av ein vaksine mot HIV.

Han fortel at han har jobba med ein ebola-vaksine dei siste månadene, og at han teknisk sett har ein vaksine klar til produksjon. Det betyr at han har eit sett med produksjonsparameter klare, forklarar han.

Birger Sørensen.

Birger Sørensen seier at han raskt kan lage ein vaksine mot ebola, om norske styresmakter stiller seg bak.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Det som skal til å for å setje i gang er økonomiske garantiar frå det offentlege. Om det er i boks, så kan dei første enkeltdosane vere klare til jul, meiner han.

– Omfattande forsking

Sørensen kan ikkje seie noko om kor mykje pengar som trengst, men forsikrar om at det ikkje er snakk om svært store summar.

– Då ebola dukka opp som eit problem, viste det seg at det er gjort omfattande forsking på området. Det var så mykje informasjon tilgjengeleg at eg fann ut at det var god sjanse til å lage ein vaksine som fungerer, seier Sørensen til NRK.

Han meiner det er nødvendig å gå utanfor dei normale prosedyrane for kvalitetssikring, som er vanleg ved utvikling av medisinar.

Dette kan skje ved at ein utviklar vaksinen i tett samarbeid med styresmaktene, slik at prosessen kan kontrollerast fortløpande.

Han trur ikkje det er noko problem å lage nok vaksine, fordi det trengst langt mindre mengder av ein vaksine i forhold til medisin.

– Ikkje så vanskeleg

Professor i internasjonal medisin ved Universitetet i Oslo, Gunnar Aksel Bjune, støttar Sørensen i at det faktisk ikkje er så vanskeleg å få til ein vaksine mot ebola.

– Det er faktisk ein av dei enklaste virussjukdomane å lage ein vaksine mot. Årsaka til at det ikkje alt har skjedd, er at ebola hittil har vore sett på som eit lite helseproblem. Dette siste utbrotet er nærmast ein føresetnad for at arbeidet med ein slik vaksine kjem i gang, seier professoren.

Bjune forklarar dette med at det sidan 1970-talet har vore dei store legemiddelselskapa som har hatt ansvaret for utvikling av vaksinar.

Dette har ført til mykje bra, seier han, men det har også ført til at ein del sjukdomar har vorte nedprioriterte. Ebola er ein av desse sjukdomane.

Person begraves i Sierra Leone

Ebola har kosta over 4000 menneske livet i det vestlege Afrika. Her frå ei gravferd i Sierra Leone.

Foto: FLORIAN PLAUCHEUR / AFP

LES OGSÅ: 2000 ebola-pleiere truer med streik

LES OGSÅ: Slik forbereder NRK seg på tur til Liberia

– Internasjonal nytenking

Mykje av forskinga til legemiddelindustrien har konsentrert seg om dei store folkesjukdomane i vestlege land, slik som hiv og alzheimers.

Han meiner det er nødvendig å tenkje nytt internasjonalt for å skaffe ein vaksine mot ebola, og at det er naturleg at norske styresmakter engasjerer seg i arbeidet.

Etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001 fatta det amerikanske forsvaret interesse for ebola, fordi det var frykt for at spreiing av viruset kunne brukast av terroristar for å ramme USA.

Derfor er det alt gjort omfattande forsking på ebola, og det gjer at det ikkje bør vere så vanskeleg å produsere ein vaksine, ifølge Bjune.

– Har alt kome langt

John-Arne Røttingen byline

John-Arne Røttingen er smitteverndirektør i Folkehelsa.

– Det er viktig at norske forskingsmiljø er med i dette arbeidet, seier smitteverndirektør John-Arne Røttingen i Folkehelseinstituttet.

Han tvilar likevel på dei vil kunne jobbe fram resultat raskt nok i forhold til fleire andre forskingsmiljø internasjonalt, som alt er i gang med utprøving av ebola-vaksinar.

Han fortel at WHO, Verdas helseorganisasjon, har plukka ut to ulike vaksinekandidatar for utvikling av ein vaksine mot ebola. Den eine utvikla ved National Institute of Health i USA, og denne er lisensiert ut til legemiddelselskapet GlaxoSmithKline.

Den andre studien er utvikla ved det kanadiske folkehelseinstituttet, og denne er lisensiert ut til eit mindre amerikansk firma, New Link.

– Begge desse vaksinane inneheld vaksineantigenet frå Zaire-ebolaviruset. Det er håp om at resultata av den første fasen av kliniske studiar er klare innan utgangen av 2014, seier han.

LES OGSÅ: Tok imot norsk ebolapasient – nå reiser han til Sierra Leone

LES OGSÅ: Vil skaffe Norge best mulig ebolamedisin

Første halvår 2015

Om det viser seg at vaksinen er sikker, at dosen er rett og vaksinen gir ein immunrespons, først då er det aktuelt ta i bruk vaksinen i dei affiserte områda og undersøkje om han beskyttar mot ebola.

Det kan skje i første halvår 2015, og då er det i første rekkje helsepersonell og andre høgrisikopersonar som er ei aktuell gruppe.

– Norske forskingsmiljø bør absolutt med i dette arbeidet, men eg tvilar på at dei er raske nok til å kunne utvikle vaksinar for dette utbrotet, seier John-Arne Røttingen.

Han viser også til at fleire andre forskingsmiljø no også arbeider med å utvikle ein effektiv vaksine mot ebola.

AKTUELT NÅ