Hopp til innhold

– Ikkje aktuelt med statsrådsbytte

Det er ikkje aktuelt å bytte ut statsrådar no, seier Erna Solberg. Dermed avfeiar ho spekulasjonane om at regjeringa står framfor fleire statsrådsbytte i nær framtid.

Statsministeren sier det ikke er aktuelt å skifte ut noen statsråder etter tilbakegangen i valget.

Statsminister Erna Solberg seier det ikkje er aktuelt med regjeringsendringar no, trass i dårleg valresultat for Høgre og Frp.

Valglogo

Det vil alltid vere slik at når ei regjering har sitte lenge så vil nokon gjere noko anna, og andre ting kan skje. Men det er ikkje aktuelt for augneblinken, sa Erna Solberg til programleiar Ole Torp.

Solberg trur veljarane snur på lang sikt

Ho og dei andre partileiarane besøkte i kveld Aktuelt, der det naturlege tema var gårsdagens val.

– Me har fått veldig gode resultat nokre stader, og veldig dårlege resultat andre stader. I sum har me gått ned, og noko av dette handlar om at me skapar ein del uvisse med dei endringane som no går føre seg, seier Solberg.

Ho viser til at regjeringa har sett i gang fleire reformer der ein framleis har til gode å sjå resultata. Solberg meiner at ein mot stortingsvalet i 2017 vil sjå mange fleire resultat.

– Sjukehuskøane går ned. Fleire i rusomsorga vert behandla raskare. Me aukar kapasiteten. Nokre av dei tydelegaste løfta frå dei fire samarbeidspartia innfrir me på, meiner Solberg.

Ho seier ho skjønner kvifor mange er usikre, men at det på lang sikt vil bli tydeleg at regjeringa er på riktig veg.

Jensen er glad for utolmodige veljarar

Og statsministeren får støtte frå finansminister Siv Jensen.

– Me må erkjenne at Frp har utolmodige veljarar som ventar mykje av oss.

– Men du likar det du?

– Ja, det får oss til å halde oss på tæra. Det gjer til at me heile tida anstrenger oss for å levere, seier Jensen.

Ho er einig med statsministeren om at reformene på lengre sikt vil føre til auka støtte til regjeringspartia. Jensen nyttar nærpolitireforma som døme.

– Tenk kva som skjer når det vert ein vellukka reform. Ein merker at politiet er nær deg. Då får ein sjå resultata av det som no er bestemt, seier Jensen.

Støre med klar plan mot 2017

Valvinnar og leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, er ikkje like optimistisk på regjeringa sine vegner.

– Eg trur veljarane følger med og skjønner kva som skjer, seier Støre.

Han meiner det er tre saker som vert avgjerande i åra som kjem: Den aukande arbeidsløysa, klimaendringane og integrering av flyktningar.

– Integreringa av flyktningar kjem til å krevje mykje frå oss. Dette kjem til å få fram skilnader, og Arbeidarpartiet kjem til å få tydeleg fram våre alternativ på desse områda, og forsøke å bygge vidare for eit anna fleirtal i 2017.

AKTUELT NÅ