Hopp til innhold

Shell: – Lund er på veg ut

Shell seier på ei pressekonferanse at fusjoneringa med BG Group truleg vil strekke seg inn i 2016. Det kan bety at Lund vert sitjande som toppsjef i det britiske selskapet i rundt eit år.

Helge Lund

Shell stadfestar at Lund ferdig i BG Group, etter at Shell har tatt over.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Den tidlegare Statoil-sjefen vart administrerande direktør i BG Group i februar i år. Han skal halde fram med å leie selskapet i ein overgangsfase.

Dermed er det truleg Shell-sjef Ben van Beurden som skal leie det nye selskapet.

Van Beurden seier ifølgje Financial Times til CNBC, at Lund vil gjere noko på eiga hand etter at Shell tek over.

Ben van Beurden seier til kanalen at Lund er tydeleg på at han støttar avtalen.

– Har sett lenge på BG Group

– Oppkjøpet av BG er viktig for Shell, og dette er ein sterk og uimotståeleg handel som styret i Shell har tenkt på lenge, seier styreleiar Jorma Ollila i Royal Dutch Shell.

Shell hadde jobba med oppkjøpet i tre månader før Lund vart toppsjef i BG Group, men tok kontakt først etter at Lund vart sjef, ifølgje kjeldene til City AM.

Ifølgje Shell kjem samanslåinga av dei to oljeselskapa til å forbetre moglegheitene som selskapet har på marknaden, spesielt i Australia og Brasil, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Held fram innil vidare

Tysdag vart det kjent at Shell kjøper BG Group for 47 milliardar pund, noko som svarar til 531 milliardar kroner. Det er 50 prosent over marknadsverdi.

– Overgangen vil ta tid å gjennomføre. I den perioden vil eg og teamet mitt ta i vare på våre forpliktingar overfor selskapet og aksjonærane, seier Lund i ein kommentar.

Kommunikasjonsrådgjevar Yulia Caris i BG Group opplyser til NTB at Helge Lund ikkje kjem til å gi intervju tysdag.

– Styret i BG er framleis trygge på langtidsutsiktene til selskapet under leiarskapen til Helge Lund, seier styreleiar Andrew Gould.

Vert størst på London-børsen

Det nye selskapet vil verte det største på FTSE 100-indeksen på London-børsen, og Shell reknar med at oppkjøpet vil gjere dei til verdas største selskap for flytande naturgass.

Dei to selskapa opplyser at Shell skal betale 383 pence i kontantar og 0,4454 Shell B-aksjar per aksje i BG Group. Avtalen inneber at aksjonærane i BG vil sitje att med ein eigardel på om lag 19 prosent i det nye, samanslåtte selskapet.

Saka vert oppdatert!

AKTUELT NÅ