Hopp til innhold

– Førte ein forsvarspolitikk som var riktig på den tida

Dei raudgrøne hevdar å ha gitt Forsvaret eit solid lyft medan dei sat med makta, men støttar rapporten som konkluderer med at Forsvaret er dårleg rusta til å handtera krise og krig på heimebane.

Telemark bataljon under øving i Elverum i 2012

Dei raudgrøne partia, som regjerte i åtte år fram til 2013, meiner kapasiteten til Forsvaret er for dårleg, slik ein ny rapport konkluderer med. Dei meiner likevel at dei førte ein god forsvarspolitikk i løpet av sine periodar ved makta.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Svein Roald Hansen, Arbeiderpartiet

Svein Roald Hansen er Ap-representant i Utanriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget.

Foto: NRK

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV uttrykkjer støtte til behovet for større kapasitet og sterkare nærvær frå Forsvaret på norsk territorium, som blir påpeika i rapporten ei uavhengig ekspertgruppe overleverte til forsvarsministeren tysdag.

Ifølgje rapporten «Eit felles lyft» har det norske Forsvaret alvorlege manglar, som blant anna for dårleg reaksjonstid, for lite nærvær og avskrekking i nord, for lite ressursar til etterretning og overvaking, for svakt leiarapparat og for lite samarbeid med allierte.

– Ekspertgruppa peikar på det svakaste punktet vårt – uthald. Det er viktig fordi me har basert forsvaret vårt på at me skal halda ut til me får alliert hjelp dersom me skulle koma i ein situasjon der det er behov for det, seier Svein Roald Hansen, stortingsrepresentant for Ap og medlem i Utanriks- og Forsvarskomiteen.

Forsvaret er blitt lite, mange avdelinger er ikke tilgjengelige før etter lang tid, og det kan drøye før Norge kan påregne alliert hjelp. Trusselbildet (..) viser at mye må gjøres for å kunne håndtere en alvorlig sikkerhetspolitisk krise eller krig på en adekvat måte.

Regjeringsutnemnd ekspertgruppe

– Umogleg å seia at me aldri kunne gjort meir

De sat i regjering i åtte år, fram til 2013. Føler de eit ansvar for at Forsvaret i Noreg ikkje held mål i dag?

– Det er eit tverrpolitisk ansvar at Forsvaret er som det er i dag. Det er nesten umogleg å seia at me aldri kunne gjort meir, men me satsa på Forsvaret gjennom dei åra me sat i regjering, svarar Hansen i Ap.

Både Hansen, Bård Vegar Solhjell (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) sit i Utanriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget. Dei er samde i at Forsvaret på norsk jord må rustast opp.

– Det har SV etterlyst lenge, at me får eit forsvar som i større grad handlar om nordområda enn om Afghanistan og Irak, seier Bård Vegar Solhjell,

Han vil ikkje kalla Forsvaret dårleg, men erkjenner at det har «utfordringar».

Meiner situasjonen er drastisk endra

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete sit i Utanriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget for Senterpartiet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Hansen og Navarsete viser til den store omstillinga av Forsvaret frå eit invasjonsforsvar til eit innsatsforsvar, eit arbeid som blei starta under Bondevik-regjeringa i 2003 og som heldt fram under begge periodane til dei raudgrøne.

Ifølgje Ap-politikaren har omstillinga ført til at det norske forsvaret i dag er meir moderne innretta og «tipp-topp utstyrt».

Navarsete påpeikar også at den tryggingspolitiske situasjonen i Europa var ein annan då ho sat i regjering.

– Det som har skjedd i Russland, framveksten av IS og terror, utfordrar oss på ein heilt annan måte enn det gjorde for kort tid sidan. Den raudgrøne regjeringa førte ein forsvarspolitikk som var riktig på den tida og under den tryggingspolitiske situasjonen me då hadde, seier Sp-politikaren.

Rapporten frå ekspertgruppa er ein del av eit større analysearbeid som skal danna grunnlaget for ein ny plan for Forsvaret som regjeringa skal leggja fram for Stortinget våren 2016.

Ordsky av ekspertgruppe sin rapport om Forsvaret

Ei ordsky av ekspertgruppa sin rapport om Forsvaret viser kva ord som er mest brukt. Jo større eit ord er, jo oftare er det nemnt i rapporten.

Foto: Wordle

AKTUELT NÅ