Hopp til innhold

Anundsen: – Det er for lett å begå kriminalitet i Norge

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) meiner kriminalitetsutviklinga er svært bekymringsfull og at mykje har gått gale. – Det er for lett for utlendingar å begå kriminalitet i Norge, seier han.

Justisminister Anders Anundsen

BEKYMRA: Statsråd Anders Anundsen (Frp) er svært bekymra for at fleire utanlandske kriminelle kjem til Norge.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

20. august 2004 var det 566 utanlandske bak murane i Norge. I dag er talet 1268. Kvar tredje fange er i dag utanlandsk statsborgar.

– Vi har sett ei utvikling der stadig fleire utanlandske kriminelle kjem til Norge. Dette er svært bekrymringsfullt og alvorleg, seier Anundsen til NRK.

Bekymra for utviklinga

Sidan starten av 2000-talet har andelen utanlandske statsborgarar i norske fengsel nær tredobla seg. NRK har har sett på kven som sat i fengsel på datoen 20. august i 2004, 2009 og 2014. Vi har sett på kva statsborgarskap dei innsette hadde og kva type kriminalitet dei sat inne for.

Vår kartlegging viser mellom anna at nær halvparten av dei som sit i fengsel for narkotikalovbrot per 20. august 2014 er utanlandske statsborgarar. Ifølgje Kriminalomsorgen sit utlendingane jamt over lenger i fengsel enn norske statsborgarar, fordi dei ofte begår meir alvorleg kriminalitet.

– Det er kanskje lettare å begå kriminalitet i Norge enn i mange andre land. Det er ein veldig negativ trend og utvikling, og dette er noko vi må setje oss betre i stand til å bekjempe, seier Anundsen.

– Korleis meiner du som ansvarleg statsråd at dette skal gjerast?

– Vi bør kanskje bli flinkare til å førebyggje. Vi må bli flinkare til å sikre verdiane våre, men samstundes er det viktig at vi som ansvarlege politikarar set politiet i stand til å oppklare fleire saker og å ta fleire kriminelle. Kriminalomsorgen må også bli sett i stand til å ta seg av alle auken i tal innsette.

Justisministeren peikar på internsjonalt politisamarbeid som eit viktig verkty for å stoppe utanlandske organiserte kriminelle.

– Det er viktig å samarbeide på tvers av landegrensene. Eg er oppteken av at dette samarbeidet må styrkast, seier Anundsen.

Innsett: – Lett å begå kriminalitet

«Tomasz» (31) frå Polen sonar ein dom på fem års fengsel, mellom anna for kidnapping og grov vald.

Polsk innsatt i Ullersmo fengsel

INNSETT: «Tomasz» (31) frå Polen sonar ein dom på fem års fengsel. – Hadde ikkje nordmenn brukt så mykje narkotika, hadde ikkje kriminelle komt hit, seier han.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Hadde ikkje nordmenn brukt så mykje narkotika, hadde ikkje kriminelle komt hit. Ein må selge narkotikaen ein stad. Det er bedre å selge det i eit anna land enn i sitt eige, seier «Tomasz».

– Kvifor trur du mange polske og litauske kjem til Norge for å begå kriminalitet?

– Pengar... Ja, pengar. Money is the devil in the world. Kriminelle reiser til mange land, ikkje bare til Norge. Men Norge er attraktivt, kanskje det mest attraktive landet ein kan reise til.

– Utvikling i negativ retning

Eit stort fleirtal av dei utanlandske statsborgarane som blir fengsla, har liten eller ingen tilknytning til Norge, ifølgje Kriminalomsorgen. Tala viser at utlendingar med opphaldsløyve og bustad i Norge er i stort mindretal.

Av utanlandske statsborgarar som blei fengsla i fjor, var sjv av ti oppført utan adresse, jobb eller pårørande i Norge.

– Det viser at mange kjem hit kun for å vere kriminelle, noko som er ganske alvorleg. Utviklinga dei siste åra har gått i veldig gal retning, seier Anundsen.

AKTUELT NÅ