Hopp til innhold

– Eg tek min del av skulda for at tilliten er svekka

– Eg tek min del av ansvaret for at tilliten til politikarane har falt, seier ordførar i Bergen, Trude Drevland, under kveldens valsending på NRK1.

Trude Drevland forstår at folk har mistet tillit til politikerne i Bergen. Kontroversene rundt henne har også bidratt til dette, innrømmer Drevland.

Trude Drevland håper at bergensarane kan sjå den Trude ho har vore i tida utanom skandalane.

– Vi bør alle ta ansvaret når folket ikkje har tillit til oss som politikarar. Eg tek også ansvaret, sa ho på NRK1 i kveld.

Drevland kom nyleg tilbake på jobb etter å ha vore sjukemeld i to månader.

Svekka tillit etter «cruiseskip-saka»

Ordføraren i Bergen hamna før sommaren i hardt vêr for sitt forhold til reiarlaget Viking Cruises. Hun sa ja til å vere gudmor for skipet «Viking Star». Reiarlaget betalte blant anna for ei reise til skipsverftet like ved Venezia. Ei reise som innebar både privatfly og luksushotell saman med sonen.

I etterkant rota ordføraren med faktaopplysningar om oppdraget, som førte til endå meir kritikk.

– Eg trur at den saka har mykje med den svekka tilliten å gjere, vedgjekk ho i valsendinga på NRK1 i kveld.

I tillegg vart mannen hennar, Odd Drevland, i mai dømt til fengsel utan villkår i to år og ti månader for underslag av 2,9 millionar kroner i forbindelse med hans tidlegare advokatverksemd.

– Trude er Trude

Det handlar om å byggje tillit heile tida, og vise det eg har gjort den tida eg har vore ordførar, fortalde Drevland.

– Eg må vise at Trude er Trude, og at Trude er den Trude ho har vore i tre og eit halvt år, før den saka, og ikkje den eg var i dei augeblikka, sa ho.

Ho sa at ut ifrå den måten bergensarane har møtt henne på, så viser bergensarane at dei er like rause som dei alltid har vore.

AKTUELT NÅ