Hopp til innhold

– Dette har aldri skjedd før

Det har aldri før skjedd at Tingretten ber om ein ny rettspsykiatrisk rapport på eige initiativ, etter at den første har vorte kvalitetssikra, ifølgje psykiatrispesialist.

Psykiatrispesialist Kjersti Narud

Det er unikt at retten sjølv ber om nye sakkunnige før rettssaka, når den første rettspsykiatriske rapporten av Anders Behring Breivik gjekk gjennom Den rettsmedisinske kommisjonen utan å få merknader, seier psykiatrispesialist Kjersti Narud.

Foto: Jonas Sætre / NRK

I dag kunngjorde Oslo tingrett at to nye rettspsykiatrar, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen, vil få i oppdrag å vurdera den mentale tilstanden til terrorsikta Anders Behring Breivik (32).

Rapport nummer éin fekk godkjentstempel i Den rettsmedisinske kommisjonen, som skal kvalitetssikra arbeidet til dei sakkunnige.

At retten likevel ber om ein ny rettspsykiatrisk rapport før rettssaka har starta, er heilt upløgd mark her i Noreg, seier psykiatrispesialist Kjersti Narud.

– Dette har aldri skjedd før, og er ganske oppsiktsvekkjande, seier Narud til NRK.

– Vanskeleg å spå

Det er til sjuande og sist retten som skal ta stilling til tilreknelegheitsspørsmålet. Dei sakkunnige fungerer som faglege rådgjevarar, men i Noreg er det sterk tradisjon for at retten følgjer dei sakkunnige sine tilrådingar.

Harald Stabell

Advokat Harald Stabell.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

At to nye rettspsykiatrar no skal inn i hovudet på Breivik, tyder at dommarane vil stå att med to rettspsykiatriske erklæringar av massedrapsmannen når hovudforhandlingane startar den 16.april.

Kva betyding det vil få, er umogleg å spå, seier den erfarne strafferettsadvokaten Harald Stabell.

– Me kjenner ikkje mandatet til dei to nye sakkunnige eller kva konklusjon dei vil landa på. Retten si endelege avgjerd er også avhengig av anna bevismateriale enn dei rettspsykiatriske rapportane, seier Stabell.

Kan tvangsinnleggja Breivik

Breivik har gjort det klart at han ikkje vil samarbeida med fleire rettspsykiatrar. I mangel på samtalar med den sikta, kan dei nye sakkunnige be retten om å leggja Breivik inn til tvungen observasjon på ein psykiatrisk institusjon.

Tingrettsdommarane vil komma tilbake til spørsmålet om tvangsinnlegging «dersom det skulle visa seg å vera nødvendig».

Dei nye sakkunnige vil også få tilgang til over 100 timar med politiavhøyr av den terrorsikta og videoopptak frå dessa avhøyra. Dei får dessutan innsyn i den eksisterande rapporten, med utskrifter av dei tidlegare sakkunnige sine 13 samtalar med Breivik.

Under den ti veker lange rettssaka har dei også høve til å observera massedrapsmannen.

Breivik har fått ein frist på to veker til å anka avgjerda om ei ny psykiatrisk undersøking av han.

Odd Ivar Grøn og Tord Jordet

Forsvararane til Breivik reiste i dag til Ila fengsel i Bærum for å informera den terrorsikta om at han vil bli undersøkt av nye rettspsykiatrar.

Foto: Martin Zondag / NRK

– Løpet er ikkje køyrt

Den første rapporten erklærer Breivik som utilrekneleg. Dersom også rapport nummer to kjem til den same slutninga, skal det svært mykje til for at retten konkluderer med noko anna under sjølve rettssaka.

– Dersom alle fire sakkunnige kjem fram til at Breivik er utilrekneleg, og Breivik sjølv prosederer på dette, er det nærmast utenkeleg at retten går for det motsette, meiner Stabell.

Men mykje kan skje i løpet av den ti veker lange rettssaka, som kan endra biletet.

Kjem dei nye sakkunnige til det motsette, at han er tilrekneleg, vil retten måtte forholda seg til to vurderingar som står opp mot kvarandre. Fleire peikar på at dette ikkje vil vera av stor betyding, ettersom tvilen skal koma den tiltalte til gode.

– Men løpet er på ingen måte køyrt. Retten skal vurdera eit samla bevismateriale. Alt som kjem fram under rettsforhandlingane spelar inn - ikkje minst korleis Breivik sjølv forklarer seg, oppfører seg og framstår under rettssaka, forklarer advokaten.

Massiv kritikk

Dommarane grunngjev utforminga av ein heilt ny rapport med omsynet til den allmenne rettskjensla, altså at samfunnet har uttrykt eit sterkt behov for å få fleire fakta på bordet.

– Denne saka er av ein heilt spesiell og særleg alvorleg karakter at det krev ei nærmare utgreiing av tilreknelegheitsspørsmålet, sa tingrettsdommar Wenche Elizabeth Arntzen på ein pressekonferanse i dag.

Den første rapporten, som erklærer Breivik som sinnsjuk og strafferettsleg utilrekneleg har nemleg hausta massiv kritikk i den offentlege debatten.

Denne er førd i pennen av dei svært erfarne rettspsykiatrane Synne Sørheim og Torgeir Husby. Tingrettsdommarane understrekar i dag at dei har full tillit til Sørheim og Husby sitt arbeid, men at dei ser dei vil sikra at alle steinar er snudde i saka.

Korkje Stabell eller Narud meiner det er grunn til stilla spørsmål ved dette.

– Dommarane er plikta til å kasta så godt lys som mogleg over dei ulike aspekta i denne saka og vil nok berre viska vekk usikkerheit ved å gjera fleire undersøkingar før rettssaka startar den 16.april, fortel Narud.

Synne Sørheim og Torgeir Husby

Rettspsykiatrane Synne Sørheim og Torgeir Husby har laga den første rapporten som erklærer Breivik paranoid schizofren og utilrekneleg. Tingretten påpeikar at den har full tillit til dei to, sølv om dei no ber om ein ny rapport.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Bra for rettstryggleiken

Korkje påtalemakta eller Breivik sjølv ønskte ein ny rapport. Eit mindretal av bistandsadvokatane bad om det.

Advokat Stabell meiner det er svært positivt at retten på eige initiativ tek avgjerda om nye sakkunnige.

– Med tanke på rettstryggleiken er det positivt og betryggande at retten sjølv tek eit slik initiativ. Eg kan ikkje forstå at nokon kan ha innvendingar mot dette. Ein domstol kan ikkje få kritikk for å opplysa ei sak på ein så grundig måte som mogleg, seier han.

rapport

Den første rettspsykiatriske rapporten har vore gjenstand for kritikk, fordi dei sakkunnige erklærer Anders Behring Breivik utilrekneleg.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

AKTUELT NÅ