Hopp til innhold

– Kan aldri garantere seg mot slike hendingar

Leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, håper politiet i Stavanger går grundig gjennom saka for å finne ut kva som gjekk gale då ein mann fyrte av eit skot på politihuset i Stavanger tysdag kveld.

Bevæpnet politi

Mannskapa på bildet ber Heckler & Koch P30L, politiet sitt standardtenestevåpen.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Me er utruleg glade for at dette gjekk bra, og at politiet handla effektivt og fekk tatt hand om mannen. Ein kan aldri gardere seg mot denne type hendingar. Men av omsyn til publikum og politiet sjølv, er det viktig at ein gjer det ein kan for å få mengda ned på eit minimum, seier Bolstad til NRK.

Det starta då 24-åringen klokka 22.16 kom til politihuset i Stavanger. Han sprang inn i foajeen og hoppa over skranken, og det oppstod eit basketak med politibetjenten som sat bak skranken, og to andre kom til.

Leder Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund

Leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, meiner politiet må undersøke kva som gjekk gale tysdag kveld.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Medan basketaket gjekk føre seg på politihuset i Stavanger, klarte inntrengaren å få ein finger ned i hylsteret til politibetjenten. Han klarte å fyre av eit skot medan våpenet framleis er i hylsteret.

Men skotet skadar ingen av dei involverte.

Sigve Bolstad sat i utvalet i Politiets Fellesforbund som gjorde utgreiinga med mellombels væpning av politiet.

– Tryggleiken er ikkje god nok

Dersom tryggleiken på politistasjonen hadde vore god nok, hadde ikkje dette skjedd, seier politimeister i Rogaland, Hans Vik til NTB.

– Vi ser i dette tilfellet at det er mogleg å hoppe over skranken og at det er eit tryggingsaspekt vi må gå igjennom og vurdere, seier han.

Skranken ved Stavanger politistasjon er i dag open for publikum.

Hans Vik

Politimeister i Rogaland, Hans Vik, seier at tryggleiken ved politistasjonen ikkje er god nok.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eit døme på minuset ved væpning

Politiets Fellesforbund har heile tida kjempa for at politiet skal få gå med våpen.

– Vi har alltid vore tydelege på at det er både pluss og minus ved at politiet ber med seg våpen. Dette er eit klart minus, fortel Bolstad.

Han understrekar at forbundet ikkje har endra standpunkt og støttar framleis væpning av politiet. Bolstad seier det er svært få slike episodar, og at politidistriktet må finne ut av kva som gjekk gale.

Det same gjer Politidirektoratet, som har bede Justisdepartementet om samtykke til vidare væpning. Onsdag vart det klart at perioden med væpning skal vare fram til 20. august.

Er pistolhylsteret trygt nok?

– Tilbakemeldingane vi får frå distrikta tydar ikkje på noko anna. I utgangspunktet skal alt fungere bra. Akkurat denne hendinga er sjølvsagt uheldig, seier Bolstad.

Politihuset i Stavanger

24-åringen hoppa over skranken ved Stavanger politihus og fyrte av eit skot med politiet sitt eige våpen.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Skal etterforske hendinga

Politimannen som hadde pistolen, har hatt godkjent opplæring og er ein erfaren tenestemann, seier politimeister Vik. Han rosar politifolket som var involvert, og seier dei gjorde ein god jobb.

Den 24 år gamle mannen som fyrte av skotet er innlagd på psykiatrisk sjukehus utan fysiske skader, seier politiadvokat Karsten Monsen.

Politiet skal no etterforske saka og finne svar på korleis dette kunne skje.

– Den opne skranken kan definitivt vere ein tryggingsrisiko, meiner politiet.

AKTUELT NÅ