Hopp til innhold

Arbeidsministeren: – Cowboykultur i fiskeindustrien må vekk

Arbeidsminister Robert Eriksson gjev fiskeindustrien klar melding om å kvitte seg med cowboykulturen i bransjen.

Robert Eriksson Frp arbeidsminister

– Eg synest det er viktig å få signalisert til alle som driv i fiskerinæringa at dei må halde seg til dei lovar og reglar som gjeld i norsk arbeidsliv. Cowboy-kultur er uønska i alle sektorar, seier arbeidsminister Robert Eriksson.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

NRK kunne måndag avsløre, mellom anna med skjulte opptak, at norske vikarbyrå prøver å få sesongarbeidarar til å jobbe meir og for lågare løn enn dei skal.

Det siste året har Arbeidstilsynet sett nærare på fiskeindustrien i Noreg. Kontrollane i år er ikkje ferdige og konklusjonen ikkje klar, men inntrykket tilsynet har av bransjen er ikkje bra.

– Etterkvart som vi lærer oss meir om korleis ting fungerer, finn vi meir. EInskilde av aktørane i fiskeindustrien er blant verstingane når det gjeld behandlinga av utanlandske arbeidarar, seier Johan Furebotten, tilsynsleiar i Nord-Noreg.

tilsynsleder Johan Furebotten ved Arbeidstilsynet i Bodø.

Arbeidstilsynet: – Einskilde aktørar i fiskeindustrien er blant verstingane når det gjeld behandlinga av utanlandske arbeidarar, seier tilsynsleiar i Nord-Noreg, Johan Furebotten.

Foto: Gerd Elise Martinsen / NRK

Eit lydopptak rumenske arbeidarar tok i skjul og gav til NRK har vist korleis ei bedrift bad arbeiderane skjule for Arbeidstilsynet kor mykje dei eigentleg jobba. Dei blei instruerte til å seia at dei jobba maks 12 timar om dagen, sjølv om dei jobba opp mot 18. I tillegg fekk dei lågare løn enn det som var avtalt i kontrakten.

NRK si avsløring og Arbeidstilsynet sitt verstingstempel får arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) til å kome med ei klar melding til næringa.

– Eg synest det er viktig å få signalisert til alle som driv i fiskerinæringa at dei må halde seg til dei lovane og reglane som gjeld i norsk arbeidsliv. Cowboykultur er ikkje ønskeleg i uansett sektor, seier Eriksson til NRK.

– Det er uakseptabelt at bransjen bryt spelereglane som gjeld i norsk arbeidsliv, slår ministeren fast.

Arbeidsministeren meiner fleire umelde tilsyn frå Arbeidstilsynet er det beste verkemiddelet for å få bukt med useriøse aktørar.

To rumenske arbeidarar i fiskeindustrien

Dokumenterte ulovligheiter: Adrian Virgil Duda (t.v.) og Stoichescu Bogdan gjorde eit lydopptak som viser korleis JM Skaret i Vesterålen prøvde å gje dei mindre løn enn dei hadde krav på.

Foto: Privat

– Ein versting

På Arbeidstilsynet sine umelde vitjingar til bedriftene, blir arbeidskontraktar, arbeidstida til dei tilsette, overtid, butilhøve, tryggleik og opplæring kontrollert.

– Vi ser variasjonar, men einskilde stader er prega av useriøs verksemd, seier Furebotten.

Fiskeindustrien er sesongprega. I vinterfisket kjem store mengder fisk inn til kaikanten. Då må alle krefter trå til. Fiskeindustrien sysselset rundt 10.000 arbeidstakarar.

Somme av dei blir behandla som ein kapasitetsreserve med open beredskap døgnet rundt, ifølgje Furebotten

– Nokre jobbar opp mot 14-15 timar og meir. Andre går på vent og får jobbe lite.

– Får ikkje overtid

NRK har sett døme på at utanlandske arbeidarar har fått 90 kroner i timen. Arbeidstilsynet har ikkje fullmakt til å slå ned på låg løn.

– Nei, vi spør etter løn, men vi har ikkje lovheimlar til å reagere på lønsnivå. Det einaste vi kan kontrollere når det gjeld løn er overtidsbetaling. Fleire blir nekta godtgjersle når dei kjem inn i overtid, fortel Furebotten i Arbeidstilsynet.

– Ser de ting som de ikkje kan ta tak i?

– Vi blir kontakta av utanlandske arbeidstakarar etter at dei har reist. Då får vi ofte informasjon om det dei har opplevd, men det er ofte for seint. Mange er veldig forsiktige med å fremje krav.

– Dei som representerar desse utanlandske arbeidarane er usynlege, om dei er der i det heile teke

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger