Hopp til innhold

– Alle i Noreg kan bli overvaka, kva tid som helst

Forfattar og FN-veteran Knut A. Braa fortel om utstrakt ulovleg overvaking i Noreg i sin nye roman. – Skremmande verkeleg, og diverre sant, seier han om opplysningane han kjem med i boka.

Knut A. Braa

Knut A. Braa seier at han sjølv har blitt telefonovervaka fleire gonger, og prøvar å få fram opplysningar om ulovleg aktivitet i den norske etterretningstenesta.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Han er tidlegare FN-soldat i Libanon og har vunne ein historisk rettssak om krigserstatning for veteranar mot staten. No livnærer han seg forfattar, der han skriv romanar om det temaet han kan best – nemleg det hemmelege etterretningsmiljøet i Noreg.

No er han aktuell med romanen, «Den Fjerde Tjeneste», som han skildrar som den mest realistiske boka han har skrive til no. Tematikken kransar rundt det mest hemmelege aspektet ved det norske samfunnet – ulovleg overvaking.

Kompleks på Lutvann i Oslo

I den nyaste boka skriv han at etterretningstenesta i Noreg har høve til å gjennomføre meir omfattande overvaking av norske borgarar enn det som har vore kjend.

– Det ein ikkje veit er at det er eit stort kompleks med tekniske ressursar til å avlytte absolutt alt av telefonsamtalar og elektroniske signal i Noreg. Det er nærliggjande å tru at etterretninga har interesse av å avlytte meir enn berre utanlandske aktørar.

Han skriv at det finst eit anlegg på 1500 kvadratmeter i kjellaren ved etterretningstenesta sitt hovudkvarter, som ligg på Lutvann i Oslo. Senteret er påstått å vere kopla til det totale telesambandet i Noreg via fleire lyttestasjonar, som også kan gi informasjon ut av landet.

– Eg er ikkje i tvil om at norsk etterretning overvakar norske statsborgarar, seier Braa til NRK.no.

Braa seier at dei frå Lutvann har høve til å overvake det totale telenettet i Noreg, dersom dei vil. Han seier han har fått kjennskap til dette gjennom kjelder i etterretningstenesta, og gjennom eigne erfaringar.

Anlegg på Lutvann

Trass i at etterretninga ikkje har lov til å overvake nordmenn, er Braa sikker på at dette skjer. Dersom dette stemmer betyr det at det er mogleg å telefonavlytte alle nordmenn, kva tid som helst.

– Kven er dei interesserte i å overvake?

– Dei er først og fremst opptekne av å overvake alt som utgjer ein potensiell trugsel mot nasjonen. Norske statsborgarar som kjem frå konfliktområde, til dømes serbarar og kosovoalbanarar som er politisk aktive. Eg trur også dei har ein god kartlegging av norske journalistar, seier Braa.

Lund-kommisjonen vart sett ned på 1990-talet for å granske påstandar om ulovleg overvaking i Noreg. Dei kom med til dels hard kritikk mot PST, men motbeviste i rapporten sin at ein såkalla «fjerde tjeneste» eksisterar i Noreg. Det vil seie at ingen andre enn PST, FSA og NSM (sjå faktaboks) driv med overvaking av norske borgarar. Dette trur ikkje Braa stemmer.

– Det Lund-kommisjonen gjorde var å berre skrape litt i overflata i det som eigentleg har føregått, seier Braa.

Når dere ringer i mobilen, behøver jeg ikke fortelle at en aktiv overvåker ikke bare vet at du ringer, hvem du ringer til og hvor lenge samtalen vare, men også hører hva du sier. Glem datalagringsdirektivet. Etterretningstjenestene har avlyttet hvem de vil, når de vil, i årevis.

Frå boka Den Fjerde Tjeneste av Knut A. Braa

Det hemmelege anlegget på Lutvann er det lite tilgjengeleg informasjon om, men journalistikkprofessor Finn Sjue og Ap-veteran Ronald Bye skreiv om det i boka «Overvåket» frå 2007. Denne boka er ein omfattande kartlegging av overvakinga som skjer i Noreg.

Dei skriv at anlegget er kopla til Noregs fulle telesamband, og at det frå kjellaren i leiren går ein kabel tvers over Groruddalen til eit høgt TV-tårn like ved bydelen Romsås i Oslo.

«I denne kjellaren finst utstyr som taklar omtrent alle formar for tekniske metodar, inkludert samtalar, bilete, og andre formar for visualiseringar som kan takast ned frå satellittar.», skriv dei i boka.

Sjølv om Sjue og Bye er overtydd om at etterretningstenesta har utstyret og kapasiteten som trengs til å overvake telenettet i Noreg, har dei ikkje grunnlag for å seie at dette har blitt gjort aktivt i løpet av dei seinare åra.

Høyrte tidlegare samtale i telefonen

Knut Braa seier han sjølv har erfart å bli ulovleg overvaka i fleire år, og trur framleis det skjer med sporadiske mellomrom. Han har til dømes høyrt klikkelydar i telefonen, noko som kan vere eit teikn på overvaking. Men spesielt ein episode har sett spor.

– Sambuaren min tok telefonen då det ringte. Då høyrte ho stemma mi i røyret.

Episoden skal ha skjedd i 2008 då boka hans Endgame kom ut. I denne boka tok Braa opp kontroversielle tema rundt Kosovo-krigen på slutten av 1990-talet.

– Eg sto i dusjen, så kjem plutseleg sambuaren min springjande med mobilen og ropar på meg. Eg spør kva som er i vegen, og då fortel ho at ho høyrer stemma mi frå ein tidlegare samtale i telefonen.

– Korleis reagerte ho?

– Ho vart redd. Det blir ho kvar gong slike ting skjer. Sjølv bryr eg meg ikkje så mykje om det lenger.

Sjue og Bye skriv i ein e-post til NRK.no at dei er noko overraska dersom det stemmer at Braa har blitt ulovleg overvaka den siste tida.

– Jau, me vil vere noko overraska dersom det stemmer. Men erfaringa vår viser at det går føre seg mykje skjult også i eit såpass ope samfunn som det norske. Det ville difor ha vore dumt å avfeie at Braa har vore ulovleg overvaka. Men like dumt er det å hoppe på påstanden utan å sjekke den i djupna. Og det er ofte eit særs vanskeleg arbeid.

Kripos starta etterforsking i 2009

Det beskjedne talet på sakar om ulovleg overvaking dei siste åra kan nok vitne om at Sjue og Bye har rett i dette. Som regel er det EOS-utvalet på Stortinget som kjem med opplysningar om at ulovleg overvaking har skjedd. Det gjorde dei seinast i førre veke, då dei slo fast at PST hadde utført ulovleg kameraovervaking av kjellaren til ein person som var mistenkt for terrorplanlegging.

Men i 2009 meldte TV 2 at organisasjonen Forsvarets Sikkerhetsteneste (FOST) hadde utført ulovleg overvaking av departementstelefonar. Dette førte til at Kripos gjennomførte ein politiaksjon i militærbasen på Jørstadmoen.

TV 2-journalisten forsøkte å få innsyn i dokumentar i organisasjonen som etter offentleglova skulle vere tilgjengelege, men vart nekta dette utan gyldig grunn.

Saka døde ut i mediebiletet etter at statsadvokaten henla saka etter lang tids etterforsking.

(artikkelen held fram under biletet)

Etterretningstjenesten på Lutvann

Etterretningstenesta held til på Lutvann i Oslo. Her meiner Finn Sjue og Ronald Bye at det ligg eit svært kompleks i kjellaren som har høve til å overvake all elektronisk kommunikasjon i Noreg.

Foto: Espen Gleditsch / NRK

– Størstedelen er heiderleg

Sjølv om Knut Braa har hatt fleire ubehagelege erfaringar med det han meiner er overvaking, er han likevel oppteken av at ei dyktig etterretningsteneste er viktig å ha for å sikre tryggleiken til norske soldatar.

– Den største delen av etterretninga er heiderleg, og me er veldig avhengige av dei for at soldatane våre skal vere trygge. Men det eg er ute etter å setje fingeren på er løyndomen for løyndomen si eiga skuld. Dette gir grobotn for subkulturar. Desse kulturane kan bli veldig farlege når dei består av folk med mykje ressursar, seier Braa.

– Meir avlytting i Noreg enn nokon gong

Stein Viksveen, som på slutten av 1990-talet var mistenkt for spionasje, er ein annan som har jobba mykje med ulovleg avlytting i Noreg. I 2004 gav han ut boka «Fienden som forsvant».

Han er ikkje lenger engasjert i problemstillinga i dag. Han seier til NRK.no at grunnen til dette er at metodane er blitt så sofistikerte at det nærast er umogleg å avdekke at ein avlytting har skjedd.

Stein Viksveen

Tidlegare spion-mistenkte Stein Viksveen meiner det er grunn til å tru at det aldri har vore så mykje overvaking i Noreg som i dag.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Avlyttingsmetodane er blitt så bra at ein ikkje lenger merkar det. Difor er det grunn til å tru at det er meir ulovleg avlytting i dag enn nokon gong, seier Viksveen.

Likevel meiner han at det er viktig at så mykje som mogleg kjem fram i lyset.

– Eg meiner det er viktig at det kjem fram i offentlegheita. Eg er overbevist om etterretninga må drive overvaking. Men om det er lovleg eller ikkje er det jo berre dei sjølv som veit.

Viksveen meiner det er viktig at kontrollorgana får dei beste arbeidsforhold for å føre kontroll over overvakinga i Noreg. Men han meiner den største utfordringa i Noreg i dag er at svært få faktisk bryr seg om kor vidt dei blir overvaka eller ikkje.

– Eg har møtt menneske som seier at det ikkje speler nokon rolle for dei om dei blir kontrollert.

Trur på eit opnare samfunn

Sjølv om moderne teknologi har gjort det mykje lettare å overvake, trur Braa at me går mot eit opnare samfunn. Han fortel at det i løpet av dei siste åra har kome fram mykje i offentlegheita som han ikkje trudde var mogleg for få år sidan.

– For nokre år sidan så reagerte folk med vantru og skepsis og sa eg hadde tørna. Men etter kvart som ting har blitt avslørt så trur eg folk er meir opne for at avlyttinga skjer.

Braa seier at han allereie i 2005 hadde kjennskap til saka om den norske spiontenesta, E14, som vart leia av Ola Kaldaker. Han fortel at folk den gongen begynte å flire når han snakka om norske spionar i utlandet. Men i fjor kom saka på trygg i VG.

– Media er meir opne om dette enn før. Eg skjønar journalistane sin frustrasjon, for det er nærast ein ubryteleg barriere å trengje gjennom. Ein blir redd for å bli sett i same bås som «paranoidgjengen».

Meiner Wikileaks spelar stor rolle

– Eg trur me går i retning av ei opnare verd. Den nettbaserte verda gjer at folk deler ting mykje lettare. Den arabiske våren skjedde på grunn av nettet, og Wikileaks får fram ting som før var hemmeleg. Eg trur at styresmaktene sitt misbruk av enkeltindivid vert lettare avslørt. Kafka-prosessen er vanskelegare når ein kan dele det på Facebook.

Dette er Sjue og Bye einig i.

– Sosiale medium kan eit stykke på veg organisere folkeleg opposisjon, formidle sensitiv informasjon utanom makthavarane sin kontroll, og til mange som elles ikkje ville fått denne informasjonen, skriv Bye og Sjue i ein e-post.

AKTUELT NÅ